Topp 2016 - Patrick
Då er endå eit år snart omme. På dei fleste måtar har 2016 rett og slett vore rein dritt. Fy flate så mykje kjipt som har skjedd, så mange fantastiske artistar me har mista. Men, istaden for å grave seg ned i sure miner og kjipe tankar, lyt me prøva å feira liva deira og koma oss litt vidare. Derfor har eg kasta meg med hovudet først ned i ein av dei vanskelegaste oppgåvene ein musikkjournalist kan ha - nemleg å sette saman lister med topp musikk frå 2016.
Dette har absolutt ikkje vore ein dans på roser, men eg har søren meg klart det.
Spelelistene finn du nederst!
Topp 20 Norske Utgivelsar
Her har eg valt ut 15 utgivelsar (både plater og EP-ar) som står øverst hjå meg, i tilfeldig rekkefølge.
Kvelertak - Nattesferd
Eg veit rett og slett ikkje kva eg kan sei om dette beistet, dette utanomjordiske flaggskipet av ei plate som ikkje allereie er sagt. For meg er Nattesferd noko heilt for seg sjølv, i ein heilt eigen liga. Kvelertak har utvikla seg sinnsvakt den siste tida, og gått litt vekk ifrå den typiske "Kvelersounden" frå dei to førre platene sine. Nokon meiner kanskje at dette er negativt, men ikkje eg! Dette er reinspikka kvalitet folkens! Spelt inn live og produsert på ein knallgod måte, med brutalt gode gitarar, gåsehud-framskapande lydbilete og satans gode tekstar. For ein lyrisk orgasme! Historiane er til å ta og føle på. No skal eg ikkje rabla vidare, men fy steike.
Darkthrone - Arctic Thunder
Mektige Darkthrone! Du verden for ei plate. Ikkje berre er den så iskald at den røskar hjartet ditt ut av brystet og et det rett foran trynet på deg, men den inneheld noko av den beste vokalen, tromminga og riffinga Darkthrone nokon sinne har kome med. Ryddig plate med eit budskap sendt rett ifrå ein jævlig mørk og iskald plass som absolutt ikkje passar som feriemål for sarte sjeler. Drittøft! Ingen paraplydringar på stranda i denne gården nei! (Plata finst ikkje på Spotify dessverre)
SIBIIR - S/T
Når du snakkar om iskaldt, så bør du pokker meg vere sikker på at SIBIIR regjerer dei kaldaste områda du kan tenkje deg, der snøstormane herjer og ispinnar penetrerer skallen din som kuler frå ein AK-47. SIBIIR har heilt på tampen av 2016 kome med debutplata si, og fy flate for eit stykke mørkt meisterverk! Sånne plater gjer meg stolt over at eg kjempar for undergrunnen, det gir det eg brenn for meining så det syng etter. Musikalsk, fengjande, og kvalitet over heile linja. Deilig vokal også!
Hjerteslag - Vannmann86
Bergen har ein tendens til å diska opp med fantastisk rock i ny og ne. Hjerteslag står heilt på toppen etter mi meining, med ein soundtrack som passar byen ypperleg. Den førre plata deira var kanon, denne er endå betre. Gitarane er varmare, vokalen er meir utvikla og tekstane sug deg inn som ein maurslukar kastar i seg maur. Rein, norsk magi, og eit av dei betre banda som har kome frå den norske undergrunnen dei siste åra. Kvalitet!
Arne Åsmund - When the Circus Came to Town
Eg lovar deg at du ikkje finn vakrare musikk blanda med meir groteske tekstar enn det Arne Åsmund serverer deg. Her er det seriemord, piller, død og blod som står på menyen, og alt er pakka inn i fantastisk nydelege lydbilete. Om du ikkje høyrer etter på tekstane er det skikkeleg koseleg, men eg rådar deg til å ta utfordringa på strak arm, for dette er både genuint og fantastisk. Undervurdert plate som treng mykje meir merksemd!
Exploding Head Syndrome - World Crashes Down
Skikkeleg pønkepresang pakka godt inn i hardcore-gavepapir med sløyfe og det heile. I tillegg er denne plata steinbra produsert og full av brutalt god riffing, intens vokal og feite refreng.
Nag - S/T
Frustrasjon, panikk, oljekrise, sinne, NAG. Her har du det sintaste bandet med den sintaste vokalisten. Her sparast det ikkje på kruttet, både når det gjeld vokal, gitar og trommer. Eit meir primitivt lydbilete skal du søren meg leite lenge etter. Innvollar og spy på golvet etter kvar einaste låt skulle ein tru? Blodige fingrar, knekte handledd og slagsmål er også med på menyen. Noko av det råaste som har kome i 2016!
Ondt Blod - Finnmark
Ein av dei beste platene i 2016, utan tvil. Ikkje berre er dette hardcore/punk på sitt aller aller beste, men det er også ei plate som beskriv ein del av Noreg ikkje alle er kjent med. Soundtracken til Finnmark er full av mørke riff og tekstar, og det passar ypperleg til snø, is og mørketid. Ein av dei råaste vokalane Noreg har å by på også, forresten. Knallbra!
KBT - Suck More Piss
Råfeit plate, full av deilig punkrock, 60-tals refreng, Turbonegro og AC/DC. Mykje snacks her for den som likar gitarar, allsang og fandenivoldsk pønk som eigentleg gir ein lang faen i kva du tykkjer om musikken. Skurrete gitarar, usminka vokal og primitivt lydbilde er noko me likar veldig godt, noko KBT absolutt meistrar. Feststemning av første klasse dette her!
Aurora - All My Demons Greeting Me As A Friend
Rett og slett ei obligatorisk plate å ha i samlinga si. Dette er noko av det beste som har kome frå Noreg dei siste åra. Tekst, lydbilete, stemning - alt er unikt og vakkert. Eg spår ei lysande framtid for denne jenta!
Dagny - Ultraviolet
Skummelt fengjande elektronika-pop frå endå ein ny, norsk og spennande artist. Råbra stemme, sterke låtar og fantastisk godt samansveisa låtar som får det til å vrikke i sjølv den mest urytmiske dansefot. Deilig!
Nyresvikt - Vanskelig
Hardt og fengjande, med alt det gode frå både hardcore og punk. Spennande ferskt band som veit akkurat kva dei vil ha, og kva dei kan gi. Råbra vokal, knallfeite låtar og nokre skambra refreng gjer denne gruppa til eit av dei mest håpefulle nykomarane som har blitt spytta ut av den norske undergrunnen den siste tida. Kjör på!
Rise Above - Sounds of Liberation
Litt i same gata som Nyresvikt, men på same tid anleis. Dette er eit band som er så heldige å ha Noregs råaste nykomar-vokkis bak mikrofonen. Fy satan for ein vokal! I tillegg veit bandet korleis dei skal laga musikk som vrengjer både nakke og hals. Eit av dei mest lovande banda i undergrunnen, utan eit spor av tvil. Er du ikkje einig så bankar eg deg!
Djevel - Norske Ritualer
Heilnorsk svartmetall gjort på den beste måten. På same måte som den førre plata, "Saa Raa Og Kald", har "Norske Ritualer" gitt meg endå eit kålsvart skot med svartmetall rett inn i blodet. Fy flate for ei stemning ein får i dette kaoset av riff, skriking og vakker tromming. Lydbileta er som stjelt rett frå svartmetallens storheitstid på 90-talet. Pur svartmetall teke rett ifrå djevelens eigne klør i djupet av helvete. Nydelege akustiske parti finn du også her.
Heave Blood & Die - S/T
Tungt, dystert, brutalt. Tre ord som beskriv denne plata ganske godt, om eg får sei det sjølv. Feite, grimme gitarar, bass som gir deg magesug så det held, ein vokal som absolutt gir deg øyreverk, og ikkje minst seige parti som gir deg lysta til å slå nokon i hovudet. På same tid fyrer bandet jaggu meg opp med noko funky pønk også. Tøft!
Sectarian Love - Hostile And Gentle
Endå eit ganske ferskt band som viser eit sterkt behov for å uttrykke seg på den måten dei kan best - gjennom musikken. Når du har ein vokalist som skriv så bra og skrik endå betre blir det vanskeleg å ikkje digge dette. I tillegg har bandet ein bunnsolid gitarist som fyrer det heile fleire hakk opp. Kanon band som ga ut ein råfeit EP i 2016 - ein EP som eg alltid går tilbake til.
The Dogs - Swamp Gospel Promises
Skranglete garagerock/rockabilly greier som plasserer Kristopher Schau akkurat der han skal vere. Feite låtar som veks og veks etter kvar gong eg høyrer på dei.
Chain Wallet - S/T
Varm, stemningsfull musikk med draumande gitarriff, den chillaste vokalen du kan tenkje deg, stramme trommer og ein god dose synth. Kan det bli betre? Chain Wallet startar på den best moglege måten dei kunne gjort med sin debut.
Spidergawd - III
No snakkar me! Fengjande saker dette, som eg så absolutt kan digga. Kraftig rockeplate frå eit band med peiling på korleis dei skal få kroppen din til å dansa både uhemma og med glede. Feitt!
The Megaphonic Thrift - Få Meg Til Verden I Tide
Her har du ein gjeng som kan dette med eksperimental, psykedelisk rock. Ikkje berre skapar dei stemning, men dei skapar stemning med dei varmaste synthlinjene du berre kan drøyma om. Denne plata er ein god blanding mellom Joy Division, White Lies og Kavinsky - ein god miks der altså.
Topp 10 Internasjonale Utgivelsar
Eg lyt nesten hive inn litt frå utlandet også, sjølv om eg ikkje er så veldig oppdatert på det - fokuset mitt har jo vore mest i den norske undergrunnen, som dei fleste veit. Men eg fyrer på med det eg veit! Trur me held oss til ti utgivelsar her:
Sumerlands - Sumerlands
HEAVY POWER METAL FOLKENS! Første gong eg fekk høyre denne plata slo den meg rett i bakken. Ikkje berre har desse karane 175% kontroll på alt av instrument (inkludert vokalen), men stemninga dette monsteret skapar gir meg lyst til å rive på meg ei skinnfell og kaste meg ut i skauen med den største øksa eg kan finne. Det einaste som manglar no er langt hår eg kan headbange med. Bjørneslakting og hyling av ukvemsord mot himmelen, nokon? I HAVE THE POWER!
Descendents - Hypercaffium Spazzinate
Siste plassen på denne lista går utan tvil til eit av USA sine råaste punkeband. Descendents har vore eit ubeskriveleg viktig band for pønk, og med den nyaste plata har dei stått opp frå dei døde og sementert seg fast i toppen nok ein gong. Dette er ein samling av låtar som berre blir betre og betre etter kvar gong du høyrer på den. Viktige tekstar, den beste vokalen nokon sinne i bandets historie, den feitaste bassen og dei kulaste trommene. Rein glede!
Teksti-TV 666 - 3
Finsk, Shoegaze/Krautpunk band for helvete! Eg vel å kalla det Power Pop fordi den sjangeren er meir logisk for min del, men du meiner kanskje noko anna. Iallefall er det fengjande, deilige gitarar, tøff vokal som syng uforståelege tekstar (noko som faktisk gjer det meir spennande for min del, no veit eg korleis det er å vere frå utlandet men likevel like Kvelertak!) og kule lydbilete som fengjar ræva av deg. Steintøft! Du får også servert ei litt rolegare låt inni der!
White Lies - Friends
Dette er rett og slett den perfekte miks mellom synthpop og postpunk. Deilig, mørk vokal, varme lydbilete og ein blanding mellom lystige og mørkare stemningar gjer dette til ei solid fjerdeplate. White Lies har definitivt funne seg sjølv!
Beach Slang - A Loud Bash Of Teenage Feelings
Garage band med kompisar, øl, hygge og varme, deilige dagar. Det er dette Beach Slang gir meg med denne plata. Riktignok litt like kjensler som forgjengaren, men søren, dette er bra musikk. Punkeballadar, skurrete, råe riff og ein hes vokal som tryllar det heile saman til gode lydbilete.
Eagulls - Ullages
Deilig post-punk. Eg vel iallefall å kalla det post-punk. Mykje av dette minnar om alt det gode frå Joy Division. Tjukk bass som ligg og leikar framme i miksen, fyldige trommer, drøymande, heimsøkande riff og ein vokal som ligg og durar på topp. Deilig, stemningsfull plate med både dystre og lystige tonar. Solid!
Hurula - Vapen till dom hopplösa
Vokalisten frå Masshysteri klaskar til med endå ei solid plate frå sitt nyare band, Hurula. Svensk rock på sitt beste, med ein tekstforfattar av dei skjeldne. Forvrengte gitarar, tøff vokal og feit bass! Tøft lydbilde, akkurat slik eg likar det. Sveriges svar på Hjerteslag?
Baroness - Purple
Kraftig, kraftig plate frå eit allereie kraftfullt band. Likar du gitarar vil du elske dette. Råbra vokal er det også, og nokre fantastisk fengjande refreng. Eg veit ikkje kva meir eg kan frista med? Vakker coverart? Nydeleg stemningsfull musikk? Sjekk det ut då vel!
Architects - All Our Gods Have Abandoned us
Ein av dei banda du berre veit kjem til å diske opp med råbra musikk. Dette er så headbang-verdig at nakkeslengen berre spontant oppstår med ein gong ein høyrer første riff. Frysningar, sinne, desperasjon, glede, tårer, stemning. Du opplev alt på denne plata. Knall veksling mellom reinvokal og skriking også - allsidige saker dette.
NOFX - First Ditch Effort
Dei gamle punkarane i NOFX har framleis noko feitt å kome med. Eg har eigentleg aldri tvilt på det, men nokre av dei nyare platene har fått meg til å tvile (Coaster). Med sin nyaste fullengdar slår dei meg rett i trynet og seier "Fuck you, we still got it!" Denne plata er ein god miks av det som er bra med NOFX.
Det var det mine vakre, vene venner! Under her får du heile 3 spelelister. Fy flate. 1 med eit utval frå dei 20 norske utgivelsane, 1 frå dei 10 internasjonale og ein med topp 20 norske låtar som eg ikkje skriv noko om. Mykje bra i år altså!
God jul og Godt Nyttår folkens!
- Patrick K Fardal