Hjerteslag - Sang Til Sonja

Eg er vel ikkje den einaste som har venta på nytt Hjerteslag materiale. Gruppas nyaste singel, "Sang Til Sonja", er eit lenge etterlengta gjensyn med denne gjengen.

Cover: Hildegunn Waerness

Cover: Hildegunn Waerness

Heilt sidan eg høyrde "Høyblokk" for nokre år sidan har eg vore stor fan av Hjerteslag. Debut-plata Møhlenpris Motell traff meg knallhardt i hjarterota, og den konserten på Strædet er eit av mine beste musikk-minne. Så intimt og ekte, spesielt når Robert Eidevik og gitarist Nikolas Jon Aarland stod aleine på scena og framførte den såraste versjonen av "Linedanserinne" eg trur eg nokon gong kjem til å høyre. Rett og slett rein magi.

Då er det kanskje ikkje så rart at eg gledar meg til nytt materiale? "Sang Til Sonja" er den første singelen frå den komande plata, og eg trur dette er den varmaste låta frå denne gjengen eg har høyrt (om ein ser vekk ifrå musikkvideoen til "Sammen Alene"). Lydbildet på denne låta er så full av det fargerike 80-talet at det einaste som manglar er hockeysveis og kvit dress. Sjå no berre på cover-arten då vel! 

Men det er absolutt ikkje noko gale med 80-talsvibber når det blir gjort på denne måten her. Så gjennomført og varmt at ein berre kan bruka låta som ei dyne på triste dagar, eller som eit avslappande avbrekk frå verkelegheita. Eg trur dette er den beste vokalprestasjonen til Robert Eidevik nokon gong.

Grunnen til at eg blir trist av denne låta er fordi den får meg til å sakne Bergen så forbanna intenst. Torgalmenningen, tobakksforetninga, gågata, parken, vennene mine, alt. Men dette er utelukkande positivt, fordi Hjerteslag for meg handlar om å føle ting, negative eller positive. Og dei har ein heilt eigen måte å frambringe kjensler hjå folk, noko eg verkeleg håpar dei aldri gir seg med. 

Sjekk ut låta nedanfor!