Nyresvikt - Vanskelig

I dag kjem debut EP-en til punkegruppa Nyresvikt ut. "Vanskelig" heiter den, men den er absolutt ikkje vanskeleg å høyre på. 

For nokre dagar sidan prata eg litt med vokalist Pål Einar Skorpen om den komande EP-en, og det som kom sterkast fram var at musikken handla om å få ut innebygd aggresjon - på ein sunn måte. Dette meiner eg Nyresvikt klarar med god margin. 

Vanskelig kan på mange måtar beskrivast som Turbonegro med skrikevokal, mykje på grunn av riffinga og soloane, men det kjem ekstra godt fram i starten på låta "Kjör På", som har fått ei betydeleg oppgradering sidan me først høyrte den for ei tid tilbake. Det å likna på Turbonegro er absolutt ikkje negativt, så lenge bandet har sin eigen sound i tillegg, noko Nyresvikt på mange måtar har. Dei har ikkje funne opp ein sjanger på nytt, og dette er absolutt ikkje grensesprengande hardcore, men det er lovande som berre juling.

For det første trur eg Nyresvikt lagar heidundrande festar når dei først inntek ei scene. Dette er låtar som er perfekt til moshpit, allsang og rein, skjær punkeglede. Og eg trur dei har klart å fanga litt denne live-kjensla på EP-en, mykje på grunn av vokalen, som er så stappfull av aggresjon og energi at det smittar over på meg. 

Den kjedelegaste låta trur eg jaggu må være tittellåta "Vanskelig". Den gir meg absolutt ingenting. Men resten har noko tøft over seg. "Enemy" kunne så absolutt vore tidleg Turbonegro, spesielt når ein høyrer vokalen på versa og riffa. "Oslo" inntek ein sterk 2.plass med feit bass og rått refreng, mens "Kjör På" framleis ligg på 1.plass hjå meg, rett og slett fordi det refrenget er så feitt at eg får lyst til å skrika det ut vindauget, men også fordi den blodferske introen også sparkar i alle kantar.

Du bør definitivt sjekke ut denne EP-en om du likar hardcore og punk, og får du sjansen til å moshe med denne gjengen på ei scene bør jaggu meg gjere det, det skal iallefall eg. 

4/6 TRYNER!

Sjekk ut Vanskelig nedanfor!