Trondheim Calling 2017

Tidlegare i Februar tok eg turen til Trondheim Calling. Årets program bestod av både etablerte og up-and-coming artistar med ein god dose rock/metal til min fornøyelse. Eg valde å fokusere på dei tyngre banda, nemleg Heave Blood & Die, Dreamarcher og Bokassa.

Heave Blood & Die

Forventningane til det som er eit av Noregs yngste og mest lovande liveband var høge denne kvelden på Avant Garden. Første låt brakar laus og det er jaggu mektige saker det dreiar seg om. Showet er i gang og det dystre og seige lydbiletet breiar seg over salen. I byrjinga har HBD litt trøbbel med å få folk med på festen, men vokalist Mads Ystmark veit korleis han skal dra opp stemninga. Han imponerar ikkje berre som vokalist men også som framifrå og energisk frontmann.

På ein festival/konferanse som denne er det naturleg at mangfaldet i publikum stort sett består av folk frå musikkbransjen. Til tross for dette slukar bandet dei aller fleste med seg etter eit par låtar. Seig doom har ein tendens til å vere repetativ og dronande men Heave Blood & Die breiar seg utanfor rammene i sin eigen sjanger. Når du trur det ikkje kan verte drygare hentar dei fram det tyngste kaliberet. Høgdepunktet for min eigen del var den frenetiske soloen til Mads Ystmark som leverast i fosterstilling frå scenegolvet.

På dei seigaste partia hender det at folk dett av lasset sjølv om HBD leverer varene. Utanom den massive gitarveggen er det kanskje Marie Sofie Langeland Mikkelsen på synth som imponerar meg mest. Personleg forbinder eg ikkje synth så tett med sjangeren doom, men i dette tilfelle passa det som hånd i hanske. Reint musikalsk underbygg synthen den djevelske stemninga og skapar meir dynamikk. Lydmessig vert det litt rotete og grautete mot slutten men ikkje i den grad at det drep stemninga. Heave Blood & Die er definitivt eit band eg vil sjå om att!

4,5/5

  Foto: Jarand Aga Baas

Foto: Jarand Aga Baas

Dreamarcher

Andre band ut på Avant Garden denne kvelden var postmetal karane I Dreamarcher. Personleg var dette det eg såg mest fram til med kvelden, mykje på grunn av den imponerande debuten deira. Introen startar og fire svartkledde figurar inntar scena. Showet byrjar med den dystre låta Inside og trommis Kim Christer Hylland finn seg til rette fremst på scenekanten og forkynner fryktinngyvande ord til publikum. Fem minutter inn I konserten og Dreamarcher har allereie fanga merksemda til alle på Avant Garden.

Dreamarcher vart etablerte på rekordtid og eg forstår no kvifor dei er aktuelle som norsk eksportvare. Ifrå første låt framstår bandet som synkroniserte, ambisiøse og svoltne på å vise seg fram. Bandet presenterer eit solid show og fyrer i gong låt etter låt. Burning The Remains er nok låta som representerer bandets utfordrande sound best. Punchy, blytung metal men likevel vakkert og skjørt.

Det går mot slutten og Dreamarcher har gitt alt dei har å by på. Dessverre ser eg eit til dels motvilleg og statisk publikum under konserten. Personleg tenkjer eg at bandet fortjener betre etter ein slik opptreden. Ein ting er sikkert, Dreamarcher er her for å bli.

4/5

  Foto: Jarand Aga Baas

Foto: Jarand Aga Baas

Bokassa

Stonerpunk trioen Bokassa nølar ikkje med å setje i gang. Vokalist Jørn Kaarstad er i knall form og skapar umiddelbart god kontakt med publikum. Til å berre vere bass, trommer og gitar er Bokassa eit kraftig maskineri. Bandet strålar av godt humør, noko som raskt smittar over på publikum. Det tek ikkje lang tid før det dannar seg ein moshpit heilt fremst mot scena. Den typen høgoktan gladpunk som Bokassa leverer nytast best med ei øl i handa, noko det veksande publikumet har forstått. Avant Garden er plutseleg full og stemninga stig.

Bandet kosar seg og det osar speleglede av alle. Noko dei skal ha ros for er audmjukskap. Igjen er det vokalist Jørn som knyttar bånd med publikum med sin leikne og humoristiske tone. Bokassa spelar også den nye singelen, Walker Texas Danger til glede for den ivrige folkemassen.  

På enkelte låtar forsvinn vokalen og eg slit med å høyre tekstane. Avant Garden er ei middels stor scene og bandet hadde nok drege nytte av ein større arena, med tanke på lydkvalitet. På låta You Bring Party, I Bring Gasoline blir lyden betre igjen og bandet held fram med å underhalde fansen. Som liveband strålar Bokassa, ingen tvil. Musikalsk vert det litt einsformig for min eigen smak, men publikums reaksjon tyder på at dei kan sine saker.

3,5/5

  Foto: Jarand Aga Baas

Foto: Jarand Aga Baas

-Jarand Aga Baas