Groovy rock ´n roll frå De Marvells

Athletic Sound

 Cover: Louise Evensen

Cover: Louise Evensen

Det finst allereie eit rikt mangfold av band som byggjer på den karakteristiske syttitals bluesrocken, men De Marvells eig verkeleg stilen. Eg klarar ikkje heilt å setje fingeren på det, men det har nok noko med kombinasjonen av den rungande friske vokalen og fuzzgitar å gjere. Med djupe røter i psykedelisk bluesrock presenterer bandet eit lydbilete som sikkert høyres kjent ut for mange, men etter mine øyrer å døme eig De Marvells ein småfrekk attitude som tilføyer noko ekstra.

Bandet byr på varierande tempo og stemning sjølv om det riktignok berre er fire låtar på denne EPen. Utan å partere og analysere kvar låt kan eg avsløre at det høyres ut som ein dyster blanding av Kindred Fever og Rival Sons. Låtane som stikk seg ut for min del er «Hooga Chacka» og «Just Like A Man». Den nærmast metalliske gitartonen på sistnevnte er til å få gåsehud av.

Etter å ha snurra denne plata fleire gongar overraskar det meg korleis fuzzgitar, kraftige trommer samt ein dæsj reverb klarar å underhalde meg så bra gong etter gong. Tekstane er kanskje ikkje lyriske mesterverk, men vokalen er likevel imponerande og kler den litt dystre tonen i musikken godt. Trommearbeidet som er lagt ned på denne EPen er også passe punchy og seigt. «Work It Out» er nok det svake punktet for min del, ei låt kor bandet definitivt held seg på trygt farvatn. Det vert litt tynt å basere heile låta på eit nokså utvaska riff som spelast om att og om att.

Med eit knippe varierte og gloomy låtar gjev De Marvells oss ein saftig smakebit på kva dei har å by på. Dette er rock av den typen som yppar til slagsmål men når støvet legg seg så sit du igjen med eit smil. I alle fall nesten kvar gong. Dersom du treng å blåse nytt liv i rockeånden så anbefalar eg deg å høyre 14 minutter med rock av den gode gamle sorten.

7/10 TRYNER!

-Jarand Aga Baas