GRANT THE SUN - Simmar Ur Bild

Kulturelle fenomen held land saman. I Noreg har me jo bompengefrustrasjon, Wilhelm Tyskeberget og eit middels inspirerande landslag i fotball. Söta bror er sjølvsagt ikkje dårlegare, og om du, vyrde lesar, tek referansen i EP-tittelen (utan hjelp frå google), så skriv til meg. Dei fem første får ein elendig premie i posten og eg får tilbake trua på menneske.

Grant The Sun har full kontroll på referansane, og oslobandet, med koplingar til mellom anna Insense og Beaten To Death, tek inn (minst) tre essensielle skandinaviske kulturfenomen på den nyaste EPen sin. God idé! Men, men, men. Prisverdig tematikk er ikkje garanti for prisverdig musikk. Den første skiva frå Grant The Sun var rimeleg midt på treet, så har det vorte meir interessant sidan sist? Vel, ikkje eigentleg.

Simmar ur bild inneheld fire låtar med ‘instrumental metal-ish musikk’. Tenk dempa Meshuggah utan Jens Kidman eller Insense utan song. Tilttellåta er ganske fengjande, og den kjem etter kvart fram til det musikalske klimakset som normalt trengst for å gjere ei instrumentallåt interessant. Andrelåta, “ondskans vaktmästare”, er derimot ein tammare affære, der det ikkje er tydeleg kva type djevelskap som vaktast. The Rabbit of Caerbannog på ein roleg dag, kanskje? Neste låt, “tje kjonoj”, startar som ein frisk og underhaldande ishockeykamp, men etter tre minutt kjem kjensla av at ein eigentleg lyttar til Korn utan vokal.

Reint musikalsk og produksjonsmessig har Grant The Sun alt på stell. Men kva er det dei vil? Kva er målet med musikken? Kva gjer Noregs nasjonaldag her?  Det saknast vokal eller informasjon som kan forklare. Fiffig tematikk, artige låtnamn og høg musikalitet er på plass, men lyttaren sit att med litt for mange spørsmål til at det berre kan ignorerast. Om ikkje det då er heile poenget.

I det heile teke er Simmar Ur Bild ein grei ventepølse som me kan gnavle litt på fram til Beaten To Death slepp den nye skiva si. Eg ynskjer Grant The Sun ein vokalist til jul, og håpar at dei kjem sterkare att. Gjerne i fotefara til denne EPen, for “spring för helvete! gubbjävel!” og “har du köskräck?” er låttitlar som verda anno 2019 treng. Kan andre enn Grant The Sun levera? Neppe.

4,5 / 10 TRYNER

Marius H.D. Salvesen