Tunghørt 2016 Oppvarming

Korleis ladar du best opp til ein festival? Ved å høyre på banda sjølvsagt! Eg har klaska i hop ei speleliste med NESTEN alle banda inkludert. Ein heil haug med øyreblødande, brutale og knusefeite låtar! Dei einaste banda eg ikkje fann på Spotify var LikOrmskrik og Dangerface, men eg linker til førstnemnte sin bandcamp nedanfor: 

Dangerface er heilt nytt, og settet dei skal spele blei ferdig for kort tid sidan, så eg satsar på at dei introduserer seg sjølv med både knyttnever og nakkesleng på festivalen! Ormskrik er eg også veldig gira på. Tøft namn! Sjekk ut spelelista nedanfor, spel høgt, slå deg sjølv litt i trynet og riv i deg nokre øl, så skal du sjå at det går bra til helga!