Foto: Privat

Foto: Privat

Om Jarand Aga Baas

Hoy! Evig Lyttars ferskaste rekrutt her, kjekt at du stikk innom. Kven er eg spør du?

Mitt namn er Jarand Aga Baas, 19 år gamal og kjem frå Aga. Født og oppvakse på gard omringa av Hardangers fagraste fjell og frukthagar. I år byrja eg på Trøndertun Folkehøgskule kor eg dyrkar gitarinteressa og lever livet som lukkeleg student. Betraktar meg sjølv som musikkentusiast på fulltid. Interessa blussa opp rundt 8-9 årsalderen då eg oppdaga Metallica for fyrste gong. Etter det har eg vore ein «sucker» for Thrashmetal samt alt som høyrdes like tungt ut, om ikkje tyngre. Sett bort ifrå ein del av dagens listepop, høyrer eg på det aller meste eg kjem over, men kosar meg mest når eg får høyre Kvelertak. Har naturlegvis (og heldigvis) utvikla musikksmaken min, men vil alltid ha eine beinet planta i tungrock og metal.

Når det gjeld Evig Lyttar er det stor stas for meg å være ein del av staben. Eg kjem til å ha rolla som gjesteskribent, noko som blir knalltøft!

På gjenhør!