Logo: Anders Røkkum

Logo: Anders Røkkum

Om Oss

Her på Evig Lyttar er me opptekne av å få den norske undergrunnen opp og fram. Det er utruleg mange band som diskar opp med knallfeit musikk, men som aldri får den merksemda dei fortener. Difor er det vår oppgåve å skrive om desse skjulte skattane, desse «ukjente» gruppene som lagar musikk fordi dei må, fordi dei ikkje har noko val.

Det same gjeld oss her på Evig Lyttar. Dette er i høgste grad ein lidenskap. Når eg (Patrick) starta denne sida i 2015 var det med eit lite håp om å nå ut til folk, at eg kunne dela ny og bra musikk med fleire enn meg sjølv. Slik er det framleis. Men no er me altså 6 personar som drivast av rein lidenskap og musikk-glede!

Sjølvsagt skriv me også om utanlandske artistar og band, og me vil også nemne dei som kan karakteriserast som «topp-20» sida av musikkverda, men hovudfokuset vil utan tvil liggje i undergrunnen.

Me har eit ynskje om å nå ut til så mange som mogleg, så om du likar det du les hadde det vore fantastisk om du delte, likte og kommenterte! Viktig å nå ut til så mange som mogleg.

Hjarteleg takk for at du tok deg tid til å lesa dette. Me håpar at du blir ein aktiv deltakar på sida vår, sjåast!

Vil du bli anmeldt eller skreve om av oss? Send promoen din til eviglyttarpromo@gmail.com