Foto: Katharina Ueland

Foto: Katharina Ueland

Om Ørjan

Held det kort, eg er for f***n ingen forfattar. Eg er 30 år gamal, kjem frå Randaberg, men har i nyare tid flytta (så vidt) over kommunegrensa til Stavanger. Trudde graset var grønare der, men dei kommunale avgiftene er jo høgare!? Jaja. Speler strengeinstrument i Avast og NAG, driv eit lite lydstudio og er frilans lydmann. Utanom det arbeider eg med noko innfløkt på eit skip som reiser rundt heile kloden. Elles, set eg pris på musikk som anten går jækla fort eller jækla seint. Lunken til alt i mellom. Likar: Treig rock. Rask rock. Kald leskedrikk. Skarptrommer som treff deg i mellomgolvet, boksar deg i trynet og sparkar deg i pungen etc. Likar ikkje: Midtempo rock. Dill (både krydderplanta og åtferda). Dijonsennep.