Darkthrone - Arctic Thunder

Om du nokon gong skulle vere så uheldig å hamne på ein beinkald og aude planet, kunne denne plata godt vore vinden over dei langstrakte og iskalde slettene. Alt medan du kjempar deg framover i ein endelaus snøstorm full av isflak som kuttar deg opp i trynet.

På same tid er det noko varmt over denne plata – riffa byr på meir enn berre kulde. Den miksen av kjensler, perfeksjonerte duoen (Gylve og Ted) på den førre plata, The Underground Resistance. Denne gongen har dei gjort det litt annleis, sidan Gylve ikkje har på langt nær like mykje vokalplass, men det er eigentleg heilt greitt - for no har Darkthrone verkeleg teke eit gigantisk steg mot det perfekte.

Dette er ei plate som er stappfull av sjølvtillit. Gylve og Ted er vel ikkje akkurat kjent for å vere bekymra for om folk likar platene eller ikkje, dei har alltid gjort det akkurat slik dei sjølv vil. Sjølv om ikkje alle dei nyare platene har vore like vellukka, har dei både skote gullfuglen og funne gåsa som driter gull denne gongen.

Det er som om duoen har teke alle sjangrane dei har vore innom frå før (svartmetall, punk, hardcore, death, crust og heavy) og sveisa alt saman til eit altetande beist som overskuggar sola og knuser seg gjennom alt i sin veg. 

Dette er ein god blanding av bandet sitt karakteristiske og seige «Quintessence»-aktige lydbilde og det meir kjappare og primitive i den klassiske svartmetallen dei var med å perfeksjonere med låtar som «In The Shadow Of The Horns». Gitarane er akkurat slik dei skal vere med perfekt Darkthrone-lyd, og trommene fungerer som eit slag i både mage og trynet ved fleire høve. Men det er vokalen, den alltid så brutale vokalen til Mr. Ted Skjellum, Nocturno Culto, som gir den soleklare prikken over i-en på denne plata. Fy flate så brutalt, fy flate så vakkert. Samspelet mellom desse to har vel aldri vore betre?

Det er vanskeleg å velje ut nokre favorittar på denne plata. «Deep Lake Tresspass» har eit av dei råaste riffa på plata, litt som om Darkthrone gjekk saman med vikingane i Amon Amarth og lagde ei låt. Fin kombinasjon! «Inbred Vermin» har dei aller, aller feitaste trommene. Det er så perfekt! Riffet er også ganske feitt. «Burial Bliss» er skikkeleg svartmetall med litt punk godt innlemma i resten, det elskar eg. «Tundra Leach» og «Boreal Fiends» er så seige og deilige at det gjer vondt i nyrene! Sistnemnde har også ein så grinande gitar på slutten at det høyrest ut som eit rop om hjelp.

Det er ingen tvil om at denne plata er laga av to levande legender med udiskutabelt god peiling på musikk. Saman står dei sterkare enn mange band med fem medlemer, noko Arctic Thunder har bevist ein gong for alle.  All hail Darkthrone!

Arctic Thunder får 6/6 TRYNER!

-Patrick K Fardal