Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Slegest - I Fortida Sitt Lys (Offisiell video)

October 27, 2016 by Patrick Fardal in Framside, Musikkvideopremiere

Slegest slår til med ein rykande fersk musikkvideo til ei rykande fersk låt frå den komande plata si, Vidsyn! Dette er bra saker med slagkraftige riff som utan problem bankar deg opp om dei vil. I tillegg må det seiast at musikkvideoen er så tøff i trynet at det blir vanskeleg å ikkje la seg dra med. Gammalt bygg, ein vokalist med null hemningar og eit band som er heilt med på leiken. 

Sjølv har Slegest dette å seie om musikkvideoen:

“I Fortida Sitt Lys er opningslåta på Vidsyn og dreiar i retning av punk, i alle fall det næraste du kjem via Slegest sine kalde årer der gruv og tyngde er sentrum. Me tykkjer låta sin vibe, det visuelle og atmosfæren på location og i den ferdige videoen representerar musikken og stemninga ikkje berre for denne låta, men for albumet som sådan.”
— Slegest

Vidare fortel bandet blant anna at videoen, i likheit med låta, kan plasserast i fortida sitt lys:

“Videoen kom til etter ein ide av Håvard Nesbø og er innspelt på ein gamal støl som tida forlot for lenge sidan høgt oppe i ein dal i Leikanger. Slik som låta kan videoen også plasserast i fortida sitt lys - i skjæringspunktet mellom nuet og eimen av eldre tiders tilstedeværelse. Nesbø har også produsert videoen som hadde eit innspelingsbudsjett på pur idealisme og ein kasse heimebryggja pilsner. Nytast høgt!”

Sjå videoen eksklusivt her på Evig Lyttar!

October 27, 2016 /Patrick Fardal
Slegest, Vidsyn, I Fortida Sitt Lys, Norsk, Metall, Rock, Undergrunn
Framside, Musikkvideopremiere
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!