Tunghørt 2016 - Undergrunnsfestivalen over alle undergrunnsfestivalar
Sjå på bildet over. Sjå godt på alle dei namna som står der. Har du sett? Har du sett for ein lineup?! Kva i alle dagar? Årets happening? Årets norske undergrunnsfestival? Det trur eg det er. Eller, det veit eg det er! Dette er ein festival eg har sett fram til i lang tid no, tru meg.
Ikkje berre har eg aldri vore i Stavanger, men det er så mange personar eg har hatt mykje kontakt med der, men aldri møtt face to face. Dette skal om kort tid endra seg drastisk, sidan eg (Patrick), Irene og kanskje litt Harald (han skal spele med bandet sitt så me får sjå kor mykje tid han får) skal springe skrikande og snerrande inn på Tou Scene for å dekke det vi klarar å dekke. Bileter, konsertmeldingar, intervju, påddkastar og heile kalaset skal sjekkast ut, så godt det let seg gjere.
Me må nesten bygge opp litt til sjølve hendinga, ikkje sant? Fram mot festivalen kjem eg til å poste litt anna snacks også, blant anna ei råfeit speleliste som dekker lineupen! Men først ut er intervjuet eg gjorde med Trond (Siloen Booking) for nokre dagar sidan! Les og lær meir om dette lidenskapelege og fantastiske prosjektet:
1. Kven står bak Tunghørt?
Det er Siloen Booking som står bak Tunghørt. Siloen Booking består av seks vakre menneskje som heiter Katharina, Mike, Kato, Hans Olaf, Ørjan og Trond.
2. Kva er Tunghørt?
Tunghørt er ein musikkfestival der hovudfokuset er å løfte fram band me sjølv likar, og som kanskje ikkje får den merksemda dei fortener. Samtidig ynskjer me å eksponere Stavanger-publikumet for utanlandske band som kanskje har eit visst namn i Europa, men som kanskje er ukjende for dei fleste som bur her. I fjor vart Tunghørt arrangert for fyrste gong. Då var festivalen på Checkpoint Charlie, men i år vert han heldt på Tou Scene.
3. Kvifor starta de festivalen?
Me starta Tunghørt for å fylle eit vakuum innanfor hardcore-, pønk- og metallsjangeren i Stavanger-regionen.
4. Drømmebooking?
Vanskeleg spørsmål, men eg trur eg må seie Archivist frå Storbritannia. Dei består av folk frå band som Fall of Efrafa, Light Bearer og Thurm, og speler ei fin blanding av post-metall og svartmetall.
5. Kva kan de tilby publikum i år? (mat, drikke osv)
I år som i fjor får me besøk av Punkebjartes Punkeplater og Kaffi fanzine. Nytt for året er at publikum kan kjøpe vegansk mat frå Urban Flavors, og me får òg besøk av D4rkh4n, som sel t-skjorter med sataniske 8-bits-design, og Sonja Munoz, som stiller ut og sel fotografia sine. Når det gjeld drikke, så kan publikum velje blant eit breitt utval av øl frå baren til Tou Scene, mens banda som speler, får øl og mat som er laga av oss i Siloen Booking.
6. Kva forventar de av publikum?
At dei koser seg og får med seg alle dei fantastiske banda som skal spele. Kan ein eigentleg forvente meir?
7. Fortelle litt om lineupen?
På fredagen speler Avast, som er bandet til tre av oss i Siloen Booking. Me speler ei stemningsfull blanding av post-metall og svartmetall, og er fyrste bandet ut denne dagen. Deretter speler dødsmetallbandet Dawn of Retaliation frå Stavanger, som slapp ein brutalt imponerande EP tidlegare i haust. Tredje band ut er hardcorebandet Lik frå Haugesund, som nett slapp si debutplate via Stavanger-selskapet The Mind is Everything, før lokale Sassy Kraimspri serverer oss ein god dose pønkråkk. Så er det duka for festivalens fyrste utanlandske band, nemleg Vengeance of Karma frå Sverige. Dei speler krøst og slepp debutplata si om ikkje så altfor lenge. Deretter er det dei lokale heltane i Hold Fast sin tur, før kvelden vert avslutta med Hadeland-pøblane i The Good, the Bad and the Zugly.
På laurdagen er det det nystarta lokale hardcore-bandet DangerFace som får gleda av å starte kvelden, før NAG smeller til med si herlege blanding av hardcore og svartmetall. Deretter er det Machete frå Tønsberg sin tur til gje Stavanger ei oppvising i melodiøs krøst. Desse karane slepp ein digital EP berre nokre få dagar før Tunghørt. Me er òg så heldige å få besøk frå Bergen, i form av pønkbandet Tirades. Etter det er det Oslo-bandet Beaten to Death sin tur til å få øyrene dykka til å blø med sin brutale grindcore., og så vert det meir svensk krøst i form av Totalt Jävla Mörker. Deretter skal Sandnes-bandet Ormskrik spele litt melodiøs svart trashmetall, før Tunghørt 2016 vert avslutta med ingen ringare enn Jagged Vision. Viss ikkje dette er eit solid program, så veit eg ikkje kva som er!
8. Planar og draumar for framtida?
Draumen er jo at Tunghørt skal verte den beste undergrunnsfestivalen i Noreg, og at me etter kvart kan booke såpass store band at me treff ei større målgruppe enn dei som bur i Stavanger-regionen.
9. Tips til andre som vil starta?
Det er berre å hoppe i det. Ver organiserte og start i det små. Då må arrangerte Tunghørt for fyrste gong i fjor, tok me mange forholdsregler og var ekstremt forsiktige med å ikkje ta oss vatn over hovudet. Då det gjekk såpass bra i fjor, har me gått litt lenger i år, med fleire og større band, i tillegg til fleire ikkje-musikalske ting, på plakaten.
10. Er de sjølv klare over kor spennande Stavanger er om dagen?
Er Stavanger så spennande då? Nei altså, ikkje for å høyrest overlegen ut, men for pønk og hardcore-scenen sin del, så vart jo Stavanger meir spennande etter at Siloen vart etablert. Før den tid var det jo stort sett bare Folken og Checkpoint Charlie som booka band i same sjanger. Eg trur nok at me har opna nokre dører for undergrunnsband i pønk og hardcore-scenen her i byen, men utanom dette følgjer eg ikkje så mykje med på kva som skjer i Stavanger om dagen.
Me takkar Trond så mykje for tida, og gledar oss til å dekke denne festen her på Evig Lyttar!