Dunbarrow - Dunbarrow
Med debutalbumet sitt har Dunbarrow teke utfordringa med å blåse nytt liv i syttitalsrocken på strak arm, og minnar oss på kvifor den er så skamlaus og deilig.
Dunbarrow kjem opphavleg frå Haugesund, men har hatt base i Trondheim dei siste åra. Kvartetten har allereie spelt saman i åtte år, og slapp debutalbumet sitt i januar på det norske plateselskapet Heksekunst, etterfulgt av turné i Skottland og England i sommar. Bandet leverer ei solid plate som byr på ei kruttsterk blanding proto-doom og leiken bluesrock som riv godt i sjela.
Allereie frå første spor imponerer bandet med grufulle, nesten djevelske riff og dystre tekstar som verkeleg set stemninga til den mørke vinterstida. Sounden deira minnar mykje om Black Sabbaths okkulte tonar og tematikk, samstundes som dei hentar musikalske element frå meir dagsaktuelle band som Graveyard, Horisont og Witchcraft. Balansen mellom seige stonerballadar og tung bluesrock skapar ein fin dynamikk som held driven igang. Halvvegs i albumet kjem det som etter mi meining er den sterkaste og tøffaste låta, «Lucifer’s Child». Her skin verkeleg bandet musikalsk og klarar samstundes å formidle mørke og mystiske bodskap på ein truverdig måte.
Det einaste eg saknar frå Dunbarrow er at dei tøyar grensene ytterlegare slik at dei streitaste låtane ikkje druknar i mengda. Eg trur absolutt at dei har potensial for å bake inn fleire spennande element som kan spisse særpreget deira og det elles knallbra lydbiletet.
På debuten sin overtydar Dunbarrow om at dei har evner til skilje seg ut i ein sjanger som allereie er ganske metta. Her har dei støypt eit solid grunnlag for seg sjølv og det vil gle meg om desse fire er å sjå på større festivalar i Norge på nyåret.
Favorittlåtar: «Try & Fail», «The Wanderer» og «Lucifer’s Child»
4/5 TRYNER!
-Jarand Aga Baas