Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Forræderi - A Monument To Misery

December 05, 2016 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Ein ting eg sit igjen med etter å ha fyrt A Monument To Misery nokre gonger er mykje energi og lysten til å lage eit helvete i køen på Meny. Det er noko så aggressivt og primitivt over lydbildet på denne plata at ein nesten blir sendt tilbake til neandertalstadiet. Klubbeslagsmål og steinkasting!

Denne kjensla av sinne og neandertalfakter kjem nok mykje frå vokalane på denne plata, det skal seiast. To ganske ivrige, heseblesande og intense vokalar som absolutt ikkje sparar på kruttet. Her er det snakk om å ende med tarmane på golvet, for å sei det slik. Det likar eg. 

Bandet sjølv karakteriserer seg som eit crust/grind band, men for meg er dei også innom alt ifrå svartmetall til hardcorepunk. Riffa er fengjande, spesielt i tittellåta "A Monument To Misery", som også er den låta med tydeleg Satanic Warmaster-liknande svartmetall i seg. Det kan eg lika! "Social Isolation" inneheld eit parti rundt halvvegs uti låta med preiking og nokre gitar/trommegreier som funker knallbra. Så er det jo tøft at tre av låtane er på norsk då, det skal seiast. "Den Siste Fanen Faller" er så badass som du får det, med knalltøff gitar og vokalar som bankar seg inn i øyregangane dine med ei slegge full av piggtråd og spiker.

A Monument To Misery er for det meste ein eksplosjon av alt som er hardt. Nokre gonger er vokalane litt for mykje utanfor resten av lydbildet, og nokre gonger smeltar liksom låtane inn i kvarandre, men for det meste er dette eit solid stykke arbeid. 

3,5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Patrick K Fardal

December 05, 2016 /Patrick Fardal
Forræderi, A Monument To Misery, Crust, Grind, Punk, Metal, Hardcore, Black Metal
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!