Topp 2016 - Jarand
Eg har vald ut mine 10 favorittplater frå året som har vore, og her finn du mest norsk men litt utanlandsk snacks i tillegg.
Ondt Blod – Finnmark
Beinhardt, brutalt og deilig.
Denne plata har ein iskaldt og illsint energi som gjev deg juling, og det er nettopp derfor dette er ein av favorittutgivingane mine frå 2016. Eg synes ikkje eg kan rettferdiggjere denne plata med ord fordi det er ei plate som beskriv seg best sjølv. Den MÅ høyrast. På full guffe. Til øyrene blør.
Tiebreaker – Death Tunes
Saftig og skitten bluesrock frå Hardanger. ‘Nuff said.
Tiebreaker leverer 10 låtar som det dryp blod, sveitte og tårer av, og desse låtane fungerer like fint samanhengande som på egenhånd. Groovy trommer og halsbrekkande soloar, berre deilig.
For meg er Death Tunes ein bauta i rockeåret 2016.
Moon Tooth – Chromaparagon
Første utanlandske innslag kjem frå Moon Tooth, som har skapt noko heilt særeigent med den første fullengdaren sin. Det er, seigt, raskt, knusande og mjukt, alt på ein gong. Trioen frå Long Island, NY har ein fandenivolsk energi og ein frisk tilnærming til metal som er meget imponerande.
Aiming For Enrike – Segway Nation
Hmm.. kva skal eg seie? Segway Nation er snodig, fargerik men mest av alt nyskapande. Til å vere ein duo beståande av gitar og trommer klarar dei å arrangere utruleg samanvevde og kompliserte verk. Aiming for Enrike lar seg ikkje begrense av sjanger. Melodisk støyrock og sonisk orgasme av meget høg kvalitet.
Kvelertak – Nattesferd
Kvelertak tok steget ut av komfortsonen sin i år, og la ut på ei ny ferd med tredjeplata si. Låtskrivinga er skarpare og sounden er røffare. Dei har dyrka black’n roll vidare utan å miste karakteristikken sin, og serverar endå meir av det gode.
Dreamarcher – Dreamarcher
Ambient og dyster black metal i vakker foreining. Til tross for at Dreamarcher blei danna i februar har dei etablert seg i det norske metalmiljøet på rekordtid. Debutplata deira byr på teknisk men kjensleladd metal som svevar innom ulike sjangrar. Mørkt, sint, men vanvittig sårt.
John Coffey – A House For Thee
Den nederlandske veslebroren til Every Time I Die.
Plata er berre rundt 20 minutt lang, men er likevel fullspekka med aggressiv gitar,skitten vokal og “in your face” attitude. I løpet av 5 låtar tar punk/hardcore bandet John Coffey deg med på ei real treningsøkt som får sveitten til å renna.
Spidergawd – Spidergawd III
Leiken og smidig rockeplate frå Trondheim.
Episk riffbasert fuzzrock pryder mykje av denne plata, og det slår aldri feil hos meg. I tillegg finn ein vedmodige augneblink her som skapar fine kontrastar til det elles festlige og sprudlande lydbiletet. Eg gler meg allereie til Spidergawd IV.
Motorpsycho – Here Be Monsters
Motorpsycho leverer ein saumlaus smeltedigel av sjangrar atter ein gong. Here Be Monsters har noko for dei aller fleste. Eksperimentelle rockesymfoniar blanda med små pianoballadar er ein overraskande fin combo.
Gojira – Magma
Dødsfeit og gjennomført metalplate. Franske Gojira arbeider med uhyre tungt materiale på den sjette utgjevinga si. Det er ikkje tvil om at desse karane er teknisk begava. Buldrande trommer, sint vokal, feite gitarar er midt i blinken når ein må få ut litt aggressjon.
Sjekk ut spelelistene nedanfor! Den øverste er eit utval at topp 10 internasjonale plater, den andre er topp 15 norske låtar! Kos deg.
-Jarand Aga Baas