Bransjevelter 11 - Låt for låt
Oh Jul Med Din Glede og alt det der. Bransjevelter er tilbake, denne gongen med eit skikkeleg "julete" cover og ein heil haug med gode låtar. Eg tok på meg oppdraget av å gå gjennom veltaren låt for låt, så det er berre til å kaste seg over det med ein einaste gong!
Sjekk ut spelelista sjølv nederst i innlegget!
PRTLVX - "White Jeans"
Når eg høyrde gruppas forrige låt "Slayer of the Night" blei eg ganske lysten på meir. Det er litt vanskeleg å sjangerbestemme denne gjengen, men Freedom Rock funker eigentleg ganske greit. Bandet held seg i det litt meir skitne spekteret av rocken, med dirty gitarar, feit bass og ganske komprimert King Tuff-aktig vokal. "White Jeans" er endå eit tøft tillegg til den foreløpig smale diskografien, og eg tykkjer verkeleg du bør følge med på bandet framover. Har høyrt frå sikre kjelder at PRTLVX veit korleis dei skal stelle i stand eit skikkeleg liveshow også!
SIBIIR - "White Noise"
Dette er eit band eg har følgt frå omlag det blei unnfanga. Eg har allereie høyrt debutplata, og Sondre gav nesten full pott, noko eg seier meg heilt einig i. Iskald hardcore/metal med element frå mange andre sjangrar. Bandet veit å skapa mørk stemning, og "White Noise" er så skurrete og brutal at du berre kan hiva deg ut i skogen med ein gong. Ta med deg ei øks, fyr denne på repeat og hogg litt ved til jula. SIBIIR veit å mana fram aggresjonen i folk!
Post Love - "Post Love"
Bra låt med god driv, men den gir meg ikkje all verden dessverre. Kul vokal, tøffe riff og bra refreng. Blir spennande å høyre meir!
Modern Love - "Ingensteds"
Dæsken for ei fengjande låt. Kanonbra oppbygging, råe gitarar og ein perfekt plassert bass gjer dette til solide saker! Bonusen er den deilige Oslo-vokalen som ligg midt i miksen og kjempar med instrumenta mens han skrik "Jeg får ikke puste"! Det får nesten ikkje eg heller når eg høyrer dette. Tøffe og spennande parti gjennom heile. Tøft!
Beachheads - "Break Me Down"
Det er ikkje til å legge skjul på at eg er over gjennomsnittet fan av denne gruppa. Gjennom låtane sine har dei gitt lyttarane ekte og usminka lydbilder, feite refreng, deilige, varme tonar blanda med blodseriøse og ofte mørkare tekstar. Dette er ein kombinasjon Beachheads meistrar betre enn dei fleste, og det same gjeld "Break Me Down". Fantastiske gitarar som tryllar fram dei deiligaste riff og ein heilt ærleg vokal som held det frå å bli alt for positivt. Kanon.
Ieatheartattacks - "Refuge Tropicana"
For ikkje lenge sidan hadde Evig Lyttar premiere på den første låta frå debut-plata til dette bandet. "Drowning Is My New Favorite Thing" gjekk rett inn i sjela mi og der har den vore sidan. "Refuge Tropicana" har same kjensla, men den grip ikkje like hardt tak i meg. Ikkje at eg forventer at alle låtane skal ha same effekt, det hadde jo berre vore teit. For all del, denne er kraftig og bra produsert, akkurat slik som den førre, men den manglar nok det lille ekstra for at eg skal bli heilt gira.
This Sect - "Nil and Void"
Synth. Joy Division. Elektronikarock? Feite saker er det iallefall, og eg er soleklart ein fan. Skurrete gitarar, varme synthlinjer, steinbra kjenslefull vokal og grom bass gjer dette til noko skikkeleg interessant. Takk Bransjevelter!
Helgeland 8-bit Squad - "Gaar Seg Te"
Tru det eller ei, men eg har faktisk vore innom Reggae også i mine yngre dagar. Noko av det likte eg, noko klarte eg ikkje. Denne låta smelter rett inn i alt anna av reggae eg nokon gong har høyrt, om ein ser vekk ifrå den norske vokalen. Det er jo tøft det, men ellers gir denne låta meg null og niks! Eg likar elektronikadelen i slutten då. Absolutt Laptop Reggae der altså!
Sinsenfist - "Forlot-Förlåt"
Hip-hop! Fengjande greier dette altså. Likar driven, refrenget og heile lydbildet. Bra tekst, god flyt i rappinga og ikkje mykje å pirke på. Ikkje min favoritt-sjanger, men dette var absolutt ikkje gale. Anbefalast! Men den der fløtepusgreia i slutten kunne dei kutta ut, sjølv om den smeltar bra inn i refrenget etterkvart. Frysningar, og ikkje på den gode måten!
Jagged Vision - "Forlorn"
Jagged Vision har på mange måtar gått gjennom ein "sjangermakeover" sidan deira forrige fullengdar, iallefall om eg skal dømme etter denne låta (og det eg høyrde live under Tunghørt-festivalen). Eg likar absolutt det eg høyrer. Feite, varme riff som varmar opp kroppen på kalde kveldar, knalltøffe solo og eit tungt, litt power-metal-aktig lydbilde blanda med ein god dose mørkare saker. Tøff vokal er det også! Gleder meg til fullengdaren.
Niedra - "Labyrinth"
Det beste med denne låta lyt vere gitaren. Vokalen ligg avogtil litt for langt baki miksen til at eg klarar å bestemme meg for kva eg tykkjer om den, men riffa og trommene gjer dette til ein feit, litt stoner-doom-aktig sak med kraftig lydbilde. Vokalen betrar seg litt mot slutten. Alt i alt både gromt og deilig.
Ocean Dweller - "Absolute Morality"
Ocean Dweller har i seinare tid fått med seg ein av Noregs beste metal-vokalistar på laget i form av Morten Transeth (Tidlegare Stormbeist). Eg hadde vel ikkje noko spesielt forhold til dette bandet frå før, så eg stiller opp med spente øyrer. Ein høyrer definitivt at dette bandet jobbar godt saman, og vokalen er betre enn nokon gong. Likar måten Transeth skiftar mellom "vanleg skriking" og noko mørkare og meir djevelsk. Spennande! Nokre av riffa kan bli litt for "tekniske" for min smak, men sånn er det berre. Alt i alt ei kul låt! Det feitaste i låta er garantert det seige faenskapet som oppstår rundt tre og eit halvt minutt uti og soloen på slutten. Frysningar!
Helldiver - "Altar"
I starten kan ein godt tru at dette er ein soundtrack til ein skrekkfilm. Ein meir skingrande og jævlig start skal du leite lenge etter. Men når først gitaren sparkar inn døra og fyller hovudet ditt med mørke tankar tek det heldigvis heilt av. Men det tek jo søren meg eit heilt minutt før det skjer. Skjelvande gitarar og seige trommer gjer det godt igjen då, sjølv om eg ikkje heilt klarar å vere megafan av vokalen. No skal eg ikkje trampe i salaten her, men vokalen minnar meg litt om James Hetfield. Gjeld det deg og? Uansett er dette ei feit låt, iallefall om ein kjem seg gjennom det eine minuttet med øyreblod.
Spielbergs - "Ghost Boy"
California, Beach Boys, surfing, sol og paraplydrinkar. Skikkeleg avslappande låt som fungerer veldig godt som eit avbrekk frå alt det harde på denne spelelista. Chillare låt skal du leite lenge etter mann! Deilig vokal og eit fengjande lydbilde som berre gir gode kjensler frå start til slutt. No gjekk eg rett ifrå jul til sommar! Fantastisk. Låta tek litt av etter kvart då, men den klarar å halda på dei gode kjenslene som berre det. Positivitet folkens! Eg får lyst til å klemme framande folk på gata, lage sånn "Vær glad i livet" skilt og henge det opp på jobben. Råbra, draumande gitar og deilig, fyldig bass - spesielt i det rolege partiet midt uti låta. Gode ting! Minnar meg faktisk litt om Team Me! Spielbergs, de har ein ny fan.
Propan - "POP`n Space"
Kva i helvete er dette for noko? Seriøst?! I starten høyres det ut som noko ein gal professor bruker for å framkalle eit anfall hjå nokon under eit eksperiment. Grusomt! Og det blir berre særare utover i "låta". Kan ein eigentleg kalla dette musikk? Sikkert nokon som meiner det. Kunst-musikk? Kunstnerisk utblåsning? Spesielt er det iallefall. Steike søren.
Då har eg kome meg gjennom alle låtane, og er stort sett kjempenøgd med denne utgåva av Bransjevelter. Men du veit vel at det ikkje lengre er kun musikk? Du får eit magasin også! Stikk på Tiger og skaff deg eit eksemplar då. Bra julegåve dette! Eg har sett gjennom det og det er mykje snask der, tru meg.
-Patrick K Fardal