Honningbarna - "Drep Meg"

Honningbarna fyrer ut sin neste fullengdar, "Goldenboy", den 30. september. Men du kan allereie i måro sjekke ut første singel, "Drep Meg".

Tru det eller ei, men eg har aldri skreve eit einaste kløyva ord om Honningbarna. Eg har heller aldri vore særleg fanga av musikken deira, og sjølv om eg veit dei sparkar både rumpe og diverse andre kroppsdelar live har eg liksom aldri gitt dei ein skikkeleg sjanse. Ein av grunnane til dette kan vere at eg hatar profilbiletet deira på Facebook intenst (berre gå inn, så ser du kanskje kvifor). Men, no er det musikken som skal i fokus, ikkje sant?

Eg slit nok litt med å forstå dialekta, men det er noko med stemninga i låta som berre fengjer meg så inni granskauen mykje. Er det dei oppstemte og punkete gitarane? Er det den fandenivoldsk feite vokalen som gir faen i alt og alle og berre skrik ut bodskapen i låta? Eg trur det er ein god blanding. Og skal me ta denne låta som eit godt eksempel på den komande plata, trur eg me kan venta oss noko sterkare enn te å putta honningen vår i.