Holmgang og geiteofring (Helheim - Landawarijar)
Norrønt. Stemning. Skriking. Gitarar. Lysta til å reise tilbake til 700-talet og gå Holmgang med sverd, skjold og øks til enten eg eller min fiende ligg blødande og daud på bakken er sterk når eg høyrer på denne plata. Skjegget gror, brystet får fyldigare hår og trangen til å ofra ei geit til Odin sit godt i bakhovudet mitt. Men eg skal halda meg i skinnet, lovar!
For det første likar eg måten det vekslast mellom skrikevokal (som forøvrig er heilt fantastisk feit) og reinvokal, sjølv om reinvokalen nokre gonger kan opplevast litt klein og malplassert. For det andre er det ei stemning på denne plata som skapar alle dei kjenslene eg har nemnt ovanfor. Det er ikkje gale vel? Det einaste som manglar er norrøne tekstar, noko me eigentleg godt kan klara oss utan.
Første låt på plata, "Ymr", er ikkje så mykje å seie om, anna enn at refrenget er både stemningsfullt og fengjande. Men det tek seg kraftig opp når "Baklengs Inn i Intet" treff trommehinna mi med det som høyres ut som krigstrompetar, og riff som brenn seg fast i øyregangane. Enkle, men forferdeleg slagkraftige greier! Og ein solo! Ein forbaska solo! Midt i vikingsvartmetallgreiene kjem det ein 80-tals gitarsolo! Eg klarar ikkje bestemme meg for om det er hinsides kult eller berre for rart.
Eg har sagt før at plata er stemningsfull, og det kjem ekstra godt fram på dei rolege partia med berre gitar og "vindeffektar" i bakgrunnen. Litt sånn Ulver (Kveldssanger) liknande saker der som eg likar godt - det passar særs godt til sjangeren. Men det tek seg fleirfoldige hakk opp under tittellåta "Landawarijar". Denne har alt det eg diggar med denne fullengdaren, pluss litt til. Fengjande, episk, hardt, skurrete og rått! Likar spesielt godt måten gitarane og riffet miksar seg med skrikevokalen. Sender meg tilbake til svartmetallen, iallefall den fengjande delen. Funker veldig bra! Låta "Synir" liknar veldig på nyare Burzum, iallefall starten og riffet som går att i låta. Men det kjem ein solo her også som berre beviser at Helheim ikkje akkurat følg noko mal på låtane sine - dette er ein blanding av mykje forskjellig.
På same tid er det nokre låtar som ikkje gir meg så mykje. "Ouroboros" er ein av desse. Den er heilt grei, men eg får ikkje noko ut av den, anna enn at eg tykkjer det er litt kleint med den mørke reinvokalen som syng om slangen som skal drepe meg.
Alt i alt er dette eit godt stykke musikk, men som sagt så er det ikkje alle låtane som fangar meg. Men dei som først gjer det fangar meg skikkeleg - eg blir spidda til Yggdrasil og heng der for all tid liksom.
Om du likar hardtslåande, episk mørk metall med norrøne tema er dette definitivt noko for deg.
3/5 TRYNER!
-Patrick K. Fardal