Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Rohey - A Million Things

March 29, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Rohey – A Million Things

Rohey har produsert eit varmt og stilfullt lydbilete på den ferske debuten deira. Neo-soul er definitivt ikkje ein sjanger eg har vandra så djupt inn i sjølv i løpet av åra, men eg set allikevel stor pris på det Rohey byr på. Med elementer frå både jazz og R&B har bandet spikra saman ei forfriskande plate. Er dette Noregs ferskaste soul-håp?

Soulkvartetten åpnar sterkt med «I Found Me» og serverer både sukkersøt synth og smidige basslinjer. Sjølve beaten kunne like gjerne vore grunnlaget for ei god hip-hop låt, kanskje med unntak av dei jazzete trommebrekkene. Sjølve juvelen i lydbiletet er naturlegvis den fløyelsmjuke stemma til vokalist Rohey Taalah. Ho har utan tvil kontroll og ikkje minst eit imponerande register. Stemma hennar skin også godt igjennom den ganske så komplekse instrumenteringa.

Plata har eit variert låtutvalg som skapar god dynamikk og flyt. Den nokså søvndyssande «Cellphones and Pavements» står i fin kontrast til den fruktige «Is This All There Is» som forøvrig er platas mest poppete augneblink, på den gode måten altså. Bandet legg ikkje skjul på at dei har historie som jazzmusikantar, noko eg berre ser som positivt, spesielt med tanke på dei mange elementene dei har baka inn i plata. Dei leverer gripande akkordar, vedmodige melodiar og lånar mykje rytmisk frå jazzverden.

Kvalitet er stort sett stabil frå start til slutt, med unntak av spor som «Now That You Are Free» som manglar spaning og kraft, og tilføyer difor lite til plata. Det tek seg raskt opp igjen med ei eksplosiv låt og Rohey viser ei litt røffare side. Om eg måtte velje ei favorittlåt må det verte «My Recipe» som også kan oppfattast som litt skarpare i kantane. I tillegg har den eit grådig bra synthriff som set seg i hovudet.

Rohey er kanskje ferske på markedet men eiger både groove og stil. Ein fargerik debut frå eit lovande band, med mykje krutt på lager. Kva er vel betre?

4/5 TRYNER!

12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

March 29, 2017 /Jarand Aga Baas
Rohey, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!