Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

The Devil and the Almighty Blues - II

March 15, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Nokre gonger så kjem du berre over ei plate der du er sikker på at bandet har solgt sjela si til djevelen sjølv. Oslobandet The Devil and the Almighty Blues har djevelen både i namnet sitt og i fingrane sine, for dette er noko heilt utanom det vanlege. 

Det ligg jo litt i namnet at gitarane betyr mykje for dette bandet, men når du verkeleg let deg sjølv forsvinna heilt inn i bandets støvete og skitne univers kjem du til å merka at gitarane ligg langt over gjennomsnittet. Eg opplevde det her ein kveld eg sat meg ned for å høyra gjennom for andre gong - då slo det ned i meg som lyn frå klar himmel. Dette er musikk som gir meg lyst til å reisa rett inn i Peaky Blinders-serien sitt univers, med newsboycap, vest, finsko og whiskey. Dette er ein brun, deilig pub i musikkform. dette er råe lydbilete teke rett frå "the good old west". Eg kunne gått og sett desse på ein bar og digga det til eg enten blei skutt i brystet eller døydde av alkoholforgiftning! You catch my drift. 

For det er ikkje berre gitarane som gjer ein god jobb her - sjølv om det er toppen på kransekaka. Vokalen og trommene gjer også sin del for at dette er ei bra plate. Men sjølv om den er bra, når ikkje vokalen opp til resten av lydbilete, iallefall ikkje heile tida. Når Arnt Andersen tek i blir det andre bollar, det kjem du til å merke - spesielt i starten på "Low" - som også er ein av mine favorittar - perfekt tempo og kanonbra samarbeid mellom vokal og gitar. Eg elskar når det tek heilt av rundt 3.30 uti, det er eit musikalsk klimaks utan sidestykke. Men favorittdelen kjem rundt 4.10 uti låta. Er dette noko av det beste eg har høyrt? Eg trur det. Høyr sjølv då vel!

Ellers kan eg også dra fram "How Strange The Silence" som ein favoritt - spesielt på grunn av partiet som raskar meg i sjela rundt 4.45 og utover. Dette er mållaus ekstase damer og herrer.

Du kan eigentleg berre gå utifrå at alle 6 låtar har mykje bra i seg, mykje kjøt på beina. Det er som seks pinãtas som berre spyr ut godis når du slår dei. Godteri for øyra, heroin for sjela, musikk for alle!

4,5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg

-Patrick Fardal

March 15, 2017 /Patrick Fardal
The Devil and the Almighty Blues, II, Evig Lyttar, Platemelding
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!