Dwaal - Darben
Doom kan vere så mangt, men for meg må den innehalda blant anna seige, melankolske riff, kraftige trommer, og ein vokal som slår deg ned hardare enn eit godstog i høg fart. Ikkje all doom treng vokal sjølvsagt, men for meg er det ein bonus - eg føler alltid at det manglar noko om det berre er instrumentalt.
Dwaal må ha lest tankane mine, for dei har teke alt eg vil ha og blanda det saman til ein seig, deilig kraftpakke utan sidestykke. Debut-EPen Darben har teke meg med på ei reise full av vakker håplausheit - det er så vondt at det gjer godt, på ein måte. Melodisk doom er noko av det beste eg veit, og her har Dwaal verkeleg truffe blink. Dei setter ei stemning som er vanskeleg å koma ut av når du først er inni der, det blir som ei reise til eit anna univers.
Not A Soul startar roleg, med litt Deafheaven-aktig gitar, men den oppbygginga som følg utover i låta gjer meg heilt vill i buksa. Dei marsjerande trommene blanda med det forventningsfulle riffet rundt 2 minutt uti gjer at eg ikkje klarar å sitta stille, og det partiet som kjem rundt 10 minutt og utover med den vakre gitaren og den råe vokalen gir meg rein gåsehud.
Denne EP-en er 30 minutter lang, med berre to låtar! Men det er akkurat slik doom skal vere, gutar og jenter. 12-19 minuttar lange låter som bygger seg opp heile tida. Slike ting kan fort bli kjedeleg, men Dwaal klarar å halda øyra dine i eit jerngrep gjennom heile skiten - spesielt når vokalen trer inn i bresjen og knusar trommehinnene dine. Håplausheita i stemma minnar meg om Darkthrones Nocturno Culto i sine glansdagar - dette er brutale saker! Det er ein perfekt mengde med vokal på denne EP-en også, ikkje for mykje, og ikkje for lite. Instrumenta kjempar aldri om merksemda heller - det heile er eit samarbeid som går på skinner. Det finst både hissige og intense parti som blir roa ned av rolege, stemningsfulle og melankolske greier. Du kan fort kjenna på heile kjenslespekteret her om du ikkje passar deg.
Archon Rise er så kald at det frys langt nedover ryggen på meg- endå eit bevis på at Dwaal klarar å skapa ei spesiell stemning med musikken sin. Du må nesten berre høyre den!
Her eg sit så klarar eg ikkje å koma på noko negativt å seie om dette - fy flate så tøft dette må vere live!! Det einaste negative er at eg blir forferdeleg sugen på meir! Men, som den kjipe fyren eg er ventar eg med å gi full pott til eg veit om Dwaal klarar å levere det same på ein fullengdar - eg er spent som berre juling på vidare materiale.
4.5/5 TRYNER!
-Patrick Fardal