PRTLVX - Transcendental Sorcery
Fysisk Format
Dei som har følgt litt med i timen dei siste månadane har nok fått med seg det spennande og noko spesielle bandet PRTLVX (tidlegare Pirate Love). Dei har vel kome med 2-3 låtar i forkant av fullengdaren Transcendental Sorcery, blant anna "White Jeans" og "Slayer Of The Night". Eg likte spesielt godt sistnemnde, som kom ut tilbake i 2016. Det liknar ikkje akkurat på noko anna eg har høyrt frå før, og det same kan i stor grad seiast om plata som kom ut i dag.
Eg lyg ikkje når eg seier at bandet er innom ein handfull (eller meir) sjangrar i løpet av plata. Frå ein hiphop-beat i låta "ReDeath" til ein kjærleiksballade i form av "War Dreams" og vidare til rett fram, fyldig rock i låtar som "Transcendental Sorcery". Det er i overkant mykje stoff å setta tennene i her, og det er ikkje alltid like enkelt å vri hjerna rundt det eller sette ord på ting - men eg skal då for søren gjere eit forsøk!
Kva er det PRTLVX eigentleg prøver å få til med denne plata, og klarar dei å gjennomføre det? Kva kjensler er det som straumer gjennom meg når eg høyrer Transcendental Sorcery? Først og fremst trur eg dei prøver å gi lyttaren ein unnskyldning til å ta seg ein real festkveld. Dette er ikkje akkurat kjedeleg å høyre på, og som bandet sjølv seier så tek plata føre seg tema som fest, sex, mat og peng, ting dei fleste har meir eller mindre behov for.
Som sagt tykkjer eg det er forferdeleg vanskeleg å sette ein bestemt sjanger på dette fargerike bandet - ikkje at det er noko gale i det, nokre band fortener å springe fritt som ein hingst på dei opne slettene og ikkje fangast eller setjast i bås. Kanskje PRTLVX er ein slik hingst? Eg høyrer rock, eg høyrer elektronika, eg høyrer psykedelika. Eg høyrer 80-talet, soloar og enkle riff blanda med meir avanserte synthlinjer, og eg høyrer ein vokal som vekslar mellom nasalt og nesten vakkert. Freedom Rock kallar bandet sjangeren sin, og det passar eigentleg heilt perfekt.
Nokre låtar blir likevel litt for slitsomt å høyre på. "ReDeath" for eksempel - det verk i øyrene og i hovudet etter nokre gjennomlyttingar her. Det blir litt betre uti då, det skal seiast. Men noko av det opplevast litt rotete. Tittelsporet "Transcendental Sorcery" på den andre sida, er ei av favorittane mine. Djup, deilig basslinje som kokar godt saman med gitaren og trommene. Skikkeleg sommargreier med surfing, paraplydrinkar og heile pakken. Rett etterpå kjem "Bummer In The Summer", endå ei låt eg verkeleg diggar. Her er også vokalen på sitt beste, og alt sit like godt som syntheseizer gjorde på 80-talet.
Det er ingen tvil om at PRTLVX set meg i ein real feststemning med plata si, og eg kunne godt ha fyrt av samlege låter i ei av mine "party tracks" lister, blant anna "Fourth Reich Vampire Blood", "Slayer Of The Night", og "Witch Sewer Trip" glir rett inn der. Men så har du dei litt meir obskure, tyngre låtane som for eksempel "ReDeath" "Enter The Castle Of Forbidden Dreams" og "Stash House" som set meg litt ut av spel - eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer. Eg ser meg sjølv i ei tvangstrøye, tyggjande på stoffveggar trygt innelåst på lukka avdeling ein eller anna plass - noko som ikkje naudsynlegvis er ein negativ ting?
7/10 TRYNER!
-Patrick Fardal