Knallhard "In your face" hardcore frå Naga Siren
Oslobaserte Naga Siren er ei relativt fersk gruppe med medlemmar frå andre, allereie etablerte band (Desperaux, Oberst, ieatheartattacks, Himmelhøyt). Tidlegare på Evig Lyttar hadde me ei låtpremiere av «Pillar/Torrent» frå nettopp dette bandet, og dersom du tykte godt om det du høyrte har eg gode nyheiter til deg. Naga Siren har bryggja noko kaldt og dystert til deg i form av sin debut EP This Dark Lake.
This Dark Lake er ein kort EP med om lag 9 minutter knallhard «in your face» hardcore. Lyden er iskald, rå og upynta. Me snakkar tungt stoff. Låtane er ganske korte men den intense energien Naga Siren manar fram veg godt opp for dette. Utan å synse så mykje om sjanger vil eg påpeike at Naga Siren blandar progressive partier med ein ganske rett fram tilnærming til hardcore. Dette klarar dei utan hindring og det høyres naturleg og ekte ut. Det er ikkje alt her eg headbangar skamlaust til, men i det store og heile sit Naga Siren på treffande og godt skrive materiale. Eg personleg lenar meg meir mot dei opne og byggjande partia fordi dei er så sjukt bra gjennomført.
Lydbiletet er tungt og djupt og alt vert sementert saman av dei grove gitarane. Den desperate vokalen driv låtane til ei sørgmodig stemning, spesielt sidan tekstane verkar til å vere nokså personlege. Kjerna til Naga Siren er jo hardcore men her finn du også metal og punk i reinare form, som på «Pillar/Torrent» og tittelsporet. Eg må seie at her er mange sterke moment, men eg vert heile tida freista tilbake til åpningslåta «I Will Not Sink». Dette er berre tvert gjennom ei veldig kjensleladd men ufattelig sterk låt. Når du høyrer introen skjønar du kva eg meiner.
Etter å ha høyrt This Dark Lake er det liten tvil om at det skal vere noko utfordring for Naga Siren å produsere ein fullengdar av same kvalitet. Dette er kjapt, sårt og knusande deilig. Eg spår i alle fall ei god framtid for desse karane.
7,5/10 TRYNER!
-Jarand Aga Baas