7 band du bør få med deg under Tons Of Rock
Tons Of Rock er like rundt hjørnet, og eg skal sjølvsagt ta turen. Dette er noko eg har sett fram til lenge - og sjølv om Blink 182 ikkje lenger står på plakaten orkar eg ikkje sutre og grine over sølt mjølk, eg kjem nok heller til å nyta Turbonegro med god samvit. Men den diskusjonen tek me ikkje her! Eg har satt saman ei speleliste over dei 7 banda eg meiner du MÅ få med deg under årets festival, med hovudvekt i norsk undergrunn.
Eg har dessverre oppaga at nokre av mine tips krasjar med kvarandre. Dette er jo ikkje noko kjekt, men det er vel umogleg å unngå med så mange band? Likevel, det er ganske så teit at for eksempel SIBIIR krasjar med Beaten To Death! Eg vel likevel å skriva om dei eg meiner du må få med deg, så får du heller velge sjølv - eventuelt sjå an dagsformen din når den tid kjem! Det skal eg.
Beaten To Death
Eg såg dette bandet live under Tunghørt 2016, og dei sat verkeleg sine spor. Du kan godt seie at dei sparka seg med makt langt inn i minnet mitt. Dette er både hardt, kjapt, mørkt og ekstremt tungt - på same tid som det er ganske så fengjande til tider. Vokalisten må vere i verdsklassa med den vokalen der også, frå growl og grynt til skingrande skriking! Riffinga er også brutalt solid. Absolutt noko å få med seg!
SIBIIR
Nei dette kjem vel ikkje som noko sjokk! SIBIIR har hatt ein skikkeleg opptur i det siste, med turnéplanar i utlandet og kanonbra meldingar av debutplata. I tillegg er eg ein solid fan av bandet, både på plate og live, så dette er ein sikker vinnar. Dei kan sine saker. I tillegg er dei nokre kjernekarar som brenn for det dei driv med og jobbar beinhardt. Kva meir vil du ha?
Emperor
Legendarisk svartmetall! Treng eg sei meir? Om du nokon sinne har vore innom norsk svartmetall har du garantert sjekka ut desse. Denne gongen trur eg dei berre skal spela låter frå Anthems To The Welkin At Dusk, men det blir jo rått! Obligatorisk oppmøte folkens!
Taake
Mitt forhold til dette bandet strekk seg tilbake til då eg omlag ikkje hadde hår på haka og nettopp hadde oppdaga magien som var heilnorsk svartmetall. Sidan då har eg gjenoppdaga dette bandet gong på gong, og no speler dei altså på Tons Of Rock. Eg rådar deg på det sterkaste til å ta turen, for dette blir svartmetallmagi.
Myrkur
For meg handlar festivalar om å skapa ei slags stemning, og det får du garantert med Myrkur. Denne dama og bandet hennar lagar utruleg vakker og mørk musikk, med ein vokal og eit lydbilete som er heilt i toppen. Ho serverte ei akustisk liveinnspeling av plata M for ei tid tilbake som var gåsehudframskapande vakkert, men det blir tøft enten ho speler metall eller akustisk, det kan eg lova deg.
Ondt Blod
Her har du også ein sikker vinnar. Dette bandet er verkeleg på veg opp frå undergrunnen, og dei har servert ein av dei beste platene frå 2016, Finnmark. I det siste har dei kome med nokre låtar som peiker i ei litt anna retning enn før, men eg tykkjer det er spennande - dei prøver ikkje å gjenta seg sjølv. Saksofon og greier! Ikkje sikkert du får det live då, men uansett. Fengjande! For eit liveshow folkens. Blod og svette!
Spidergawd
Dette er eit band du berre må få med deg. Spidergawd gir deg rock så det buldrar i mellomgolvet! Soloar, riff og deilig vokal rett inn i øyregangane! Pur, fengjande rock og eit liveshow av dei sjeldne. Du veit kva du må gjere sant? Møt opp!
-Patrick Fardal