Tunghørt er tilbake!
Tunghørt. Mitt aller første møte med Stavanger var under fjorårets Tunghørtfestival. Det burde seie sitt at eg allereie då bestemte meg for å flytta hit. Sjølvsagt var det mange faktorar som spelte inn, men Tunghørt blei ein stor del av grunnen - ikkje berre er det ein festival som kastar mange av dei banda eg diggar opp på scena, men initiativtakarane bak dette monsteret er utruleg bra folk. Siloen Booking blei eg kjent med heilt i starten av Evig Lyttars karriere, og det dei driv med kunne ikkje vore viktigare - fronte undergrunnen på best mogleg måte med brennande lidenskap. Brennande med stor B, må vite.
No er det like før det brakar laus, denne gongen på Folken midt i bykjerna. Stor scene, med alt samla på ein plass. Bodar, mat, merch og musikk. Kan du sjå føre deg den fantastiske stemninga som kjem til å oppstå? Det kan eg. 2 dagar med bråkete musikk i Noregs kulaste by! Det kan jo ikkje bli betre enn dette?
Så kan du jo ta ein liten kikk på årets lineup då, det renn jo nesten over på plakaten av kvalitet. Fleire av dei banda over her har eg allereie sett live, og eg veit at dei leverer. SIBIIR var for ikkje lenge sidan på ein megafeit turné med sjølvaste Kvelertak, og dei spelte eit knallbra show på Roskilde. Desse folka har blitt så garva live at du garantert kjem til å tisse litt på deg. Det kan også nemnast at vokalisten er ei duracellkanin utan sidestykke, og står du fremst kan du enda opp med å få denne langhåra galningen på skuldrane. Ta han godt i mot folkens!
Die A Legend har eg venta ei lang stund på å sjå - dei har vore i dvale i nokre år, men no er det søren på tide å "få gang", som dei seier her i Siddisbyen! Det gledar eg meg vilt til, det bør du også. Rise Above har eg skreve om fleire gonger, og har sett fram til å sjå dei sidan eg først fekk mail om bandet før dei hadde gitt ut noko. Låtane deira gir meg eit realt hardcoresjokk, så eg gledar meg til å sjå kva dei kan gjere med meg i livesamanheng. Forgetaboutit serverer punkrock frå høgaste hylle, blant anna i skikkeleg NOFX-stil. Dei slapp nyleg ei låt som eg hadde premiere på, men dei har også ein helsikes god EP bak seg som du bør søka opp med ein gong (eg har ei speleliste nederst her du kan sjekka ut om du vil). Punkrock har me alle godt av, og Forgetaboutit gir deg nettopp det.
Agenda riv sjela di ut av kroppen din og trakkar på den utan anger. Dette er eit av dei mest aggressive banda eg har sett live, og dei speler så hardt at blodet nesten sprutar. Vokalist Hans Olaf Myrvang har ein av dei sjukaste skrikevokalane eg har høyrt, det er som om satan sjølv stikk kloa si ned i halsen hans - altså noko du ikkje burde gå glipp av! Crust attack!
Dangerface har også ein fantastisk frontmann som ikkje akkurat held seg i ro på scena - han gir alt til han til slutt blir sittande utan pust. Bandet er så tight og så samspelt at det er ein fryd å sjå dei live - eg har sett dei tre gonger no, og eg er utålmodig etter å oppleve den fjerde.
ATTAN. Dette bandet trur eg leverte det sjukaste liveshowet eg har sett på lang tid. Såg dei på Last Train for nokre månader sidan, den knøttlille venuen i Oslo veitdu. Det var så hardt, så brutalt, så seigt og så kjapt at eg ikkje klarte å stå i ro, sjølv om eg eigentleg måtte det. Eg endte opp med å knusa kneet mitt gjentekne gonger i bordet eg stod ved for å få ut aggresjonen eg kjente brusa inni meg. Meiner å hugse at vokalisten hang i taket på eit tidspunkt?
Brekkjern veit å laga nasty stemning - sist eg såg dei blei eg livredd. Vokalist Kato Austrått stirra med demoniske auger ut i publikum mens han vrengte lungene sine sønder og saman for å hyle ut dei verste tekstane du kan tenkja deg. Dei har nettopp vore i studio og spelt inn nokre skikkeleg feite låtar som du får oppleva på årets Tunghørt, så det er berre så smøre seg med tålmod!
Myteri har eg nyleg oppdaga. Dette svenske beistet av eit band gir deg Crustcore så det held, men det er også fengjande som fy. Soloar, feite riff og tighte trommer - og ein vokal som toppar det heile av til ein deilig affære. Fyr deg opp og kos deg i hjel!
Nokre av banda har eg ikkje skreve om her sidan eg ikkje har nok kjennskap til dei, men eg skal dekke heile festivalen frå start til slutt, så du får høyre noko om alle før eller sidan. Eg anbefalar deg uansett å ta turen på dette deilige, bråkete kaoset av ein festival - du kjem ikkje til å angra. Skaff deg billettar, det er såre enkelt!
Sjekk spelelista mi nedanfor. Nokre av banda fins ikkje på spotify endå så eg har linka til bandcampen/urørt til samtlege av dei under her:
Brekkjern
Afmagt
-Patrick Fardal