9 ting Patrick opplevde på Tunghørt 2018
Då folkens. Då var det dags for å endeleg sjå tilbake på førre helgs festlegheiter. Eg har hatt litt tekniske problem dei siste dagane, men no er alt på plass!
Dei fleste som kjenner meg veit at Tunghørt har betydd mykje for meg dei siste 3 åra. Ikkje berre var det den festivalen og folka bak som fekk meg til å flytta til denne fantastiske byen, men lineupen kvart einaste år har gitt meg så mykje i form av nye favorittband. Eg har også fått møtt så utruleg mange kjekke folk. I det siste så har Tunghørtfestivalen eigentleg vore meir som eit slags slektstreff enn ein heilt vanleg festival.
Så igjen må eg retta ein stor takk til fantastiske Siloen Booking. Eg elskar dykk og eg set uendeleg stor pris på det dykk gjer for undergrunnen!
Tradisjonen tru har eg kome fram til 9 ting eg gjerne vil dela med dykk som eg opplevde under årets festival. Hjarteleg takk til Linda for knakande fine bilete som alltid!
Fireball
Dette året hadde eg og han eg bur med sagt ja til å husa eit av banda som skulle spela. Plutseleg stod det tre punkete svenskar utanfor døra. Idiot Ikon heitte dei. Me inviterte på kaffi for å bli litt betre kjent, og på bordet kom den første fireballflaska. Eg var så lur at eg drakk vatn og åt mat i mellom slaga, det same kan rett og slett ikkje seiast for den eine i bandet. Me endte plutseleg opp med å stikke på polet for å kjøpe flaske nummer to, og den blei omlag konsumert med ein gong! Bandet skulle ikkje spela den første dagen, heldigvis, så alt enda godt til slutt. Hyggelegare folk skal du leita lenge etter altså! No har eg ein ståande invitasjon til å koma på besøk til Stockholm akkurat når eg vil, og eg trur jammen eg skal ta dei opp på det. Dette er greia med undergrunnsscena folkens - folk er så hyggelege og varme mot kvarandre at det halve kunne vore nok. Praten flaut og konserten dei spelte på laurdagen var skamrå. Eit av dei sterkaste banda i årets lineup, rett og slett. Vokalisten, ei fargerik dame med den kulaste sceneoutfiten eg trur eg har sett budde ikkje hjå oss, men eg fekk helst på ho backstage. Eg trur eg kan seie med sikkerheit at ho og resten av Idiot Ikon inspirerte fleire når dei sparka scena på Folken sønder og saman. Kanongjeng!
2. Trommer og headbanging
Det er så rått når ein trommis headbanger betre enn mange vokalistar. Det der må være ein kunst i seg sjølv, altså. Frost frå Satyricon er jo ganske flink på det der, men etter det eg hugsar så smalt han hovudet inn i den eine cymbalen på eit tidspunkt? Det kan vere farlege greier det der. Trommestikkane kan flyga og hovudet kan bli skada. I tillegg er det jo eit sjansespel å driva på slik, med tanke på kor viktig instrumentet er for konserten. Men trommisen i bandet Art Of Deception, Einar Petersen, har verkeleg finjustert teknikken. Det er rett og slett ein fryd å sjå på! Gledar meg til neste gong. Det kan også seiast at konserten i seg sjølv var noko av det beste eg har sett frå den gjengen. Bra greier!
3. Punkebjartes Punkeplater
Eg må faktisk gi ein solid shoutout til denne legenden av ein mann. Ikkje berre stiller han opp på dei kulaste festivalane og selger dei feitaste platene, men han gjer det med eit smil om munnen og ein lidenskap som ikkje kan beskrivast med ord. I tillegg til distroen sin kom han litt tidleg og spelte på vorset før sjølve festivalen starta. Balle Malurt heiter soloprosjektet hans, og det er ein fest å oppleva. Akustisk punkemusikk på bergensk dialekt med politiske undertonar? Gi meg meir! Uansett. Eg enda opp med å handla “litt” frå denne fyren og gjekk heim med ein pose full av godsaker - han hadde tilogmed lagt oppi litt ekstra greier til meg! Om du nokon gong er i tvil om kor du skal få tak i knall musikk så er det berre å senda ein mail til Bjarte - han kan kjapt finna ut kva musikk du likar og gi deg ei liste over ting du bør sjekka ut. Mannen har ein botnsolid kunnskap som alle burde ta nytte av. Tusen takk, Bjarte!
4. Kva er kulast: Klappe på brystet eller holde øla i munnen og klappe med begge hender?
Dette høyres sikkert heilt rart ut. Men eg blei oppmerksom på dette (takk, Pål) og klarte liksom ikkje legge det frå meg. Når du står med øl i handa og skal klappe, korleis ville du gjort det? Ville du slått deg sjølv på brystet som ein hardcore Tarzan eller hadde du pressa plastglaset inn i munnen for å ha begge hendene frie til å gi ein skikkeleg applaus? Eg fann fort ut at eg likte best å slå meg sjølv på brystet. Det har same effekten, og du står ikkje i fare for å miste den dyrebare øla i golvet om du skulle vere litt for bedugga og / eller gira når du skal applaudere bandet du har venta altfor lenge på å sjå (les: Svalbard). Så! Kva ville du valgt? Gjerne bruk kommentarfeltet så finn me ut dette ein gong for alle. Ein anna ting eg gjorde var jo å gi frå meg øla til kjæresten min, når eg tenkjer meg om! Uansett. Kanskje du sit inne med ein tredje moglegheit? Eg har sett folk slå seg sjølv på låret og greier (eg har nok gjort det sjølv også), men eg vil gjerne vita om fleire teknikkar om du sit inne med noko! Dette må vere årets mest ubetydelege punkt, men herrefred, eg skriv jo om akkurat det eg vil.
5. Når vokalisten er for dritings
Det skal seiast at fleire har sagt til meg at det som skjedde under fredagens konsert er normalt. Heilt greit det, og eg har ingenting i mot at eit band tek seg nokre glas før konsert. Steike ta, det er jo punk det er snakk om, ikkje sant? Joda, absolutt. Men det får då være grenser? Eg følte at heile konserten til Livstid - som eg hadde gleda meg til forresten, blei farga av denne alt for fulle vokalisten. Sorry altså, men som sagt er dette berre min personlege meining. Eg fekk vita at eg ikkje var den einaste som tenkte dette, men uansett. Still opp litt mindre drita neste gong.
6. SVALBARD
Fy steike satan i helvete for eit høgdepunkt. Eg fekk sjå Svalbard heile to gonger denne helga! I tillegg til konserten på fredagen spelte dei på U18 konserten laurdagen, og eg er så sikker som eg kan bli på at dei inspirerte alle kidsa der. Den appellen dei hadde i slutten ga meg frysningar heilt inn til beinet. Dei snakka om kor rått det var å starte eit band, om alle folka ein kan møta og alle opplevingane ein kjem til å få. I tillegg hadde vokalist Serena Cherry nokre fantastiske setningar som retta seg mot alle jentene i lokalet. Svalbard var nok også det bandet som ga meg desidert mest gåsehud under konsertane sine. Litt problem med lyden her og der, men heile opplevinga kjem eg aldri til å gløyma. Eg var så heldig å få snakka litt med to av dei etter konserten, og du skal ikkje sjå vekk ifrå at nokon i Svalbard blir gjest på Evig Lyttar etterkvart.
7. Årets kulaste vokalist
Haraball, folkens. Vokalisten der må berre trekkast fram. Hengslete fyr som ser ut som verdas mest uinspirerte sjel, med ei uhorveleg slapp stemme og ein haldning som ikkje liknar grisen - skulle ein tru når ein ser han går på scena. Med ein gong konserten startar manar han fram ein vokal du så absolutt ikkje forventar (for korleis kan ein så slapp fyr synga så jævla feitt?). Det er som om han er kjærleiksbornet til Tony Reflex frå Adolescents og Kim Shattuck (Lori Meyers, NOFX). I tillegg til den fandenivoldsk feite vokalen fyrer han opp ein slags krabbegang på scena. Han beveger seg lynkjapt frå den eine sida til den andre og plutseleg står han der, like hengslete og slapp. Det der er eit unikum, folkens, og eg diggar det. I tillegg var konserten utruleg bra. Takk, Haraball! Hestekjekt!
8. Psyko Blasfemi
Du trudde kanskje at håpet om å halde punken i live var ute? Eg må innrømma at eg har vore litt bekymra for det - heilt fram til eg såg desse karane her. Som spytta utifrå 90-talets metalmiljø, minus kyrkjebrann og drap. Det at 18-20 åringar i 2018 har så feit musikksmak gir meg ein glede eg sjeldan kjenner på. Lidenskap står sterkt her, i tillegg til image. Denimjakker med fleire patchar enn det eigentleg er plass til, langt hår og ein musikksmak ein kan vere stolt av. Psyko Blasfemi har brukt ei lita stund på å finna seg sjølv, men no har dei jaggu stålkontroll. Berre det at dei covrar GG Allin og The Stooges bør nesten seie sitt. Kor kult er ikkje det? Eg håpar berre dei står løpet ut - det finst ikkje grenser for kor mykje feitt desse karane her kan gjere om dei berre legg seg i punkeselen og gir alt. Stå på, folkens! Og takk for to knallfine konsertar. Aldri gi dykk!!
9. Siloen Catering
Boom, folkens. Mat er naudsynleg når ein foss av øl er involvert, og eg var så heldig at eg fekk koma backstage og smaka litt på maten som vart laga til banda. Trond (Siloen, Avast) og kjæresten Mia står bak Siloen Catering, og dei lagar fantastisk god vegansk mat. Eg har fått smakt på den før også, så eg visste litt kva eg kunne venta meg. Tusen takk for knall mat! Håpar på fleire kulinariske opplevingar med Siloen Catering altså.
Då var me kome til endes! Eg kunne nok ha teke med mange fleire punkt, men det blir litt mykje om eg skal ramsa opp alt som var feitt. Årets Tunghørt-øl var knall, mange av konsertane var knallbra og stemninga var god. Det var kanskje litt lite folk, men eg vil heller fokusere på det positive!
Uansett: Eg kan koma med ein liten appell: Vær så snill å still opp på sånne events. Du treng ikkje vere gjennomsyra punkar med dongerivest, hanekam og tatoveringar opp etter øyrene for å nyta stemninga på ein slik festival. Bli inspirert! Få deg nye venner! Oppdag nye band! Hjelp til! Støtt opp! Seriøst. Scena treng det no meir enn nokon sinne.
Tekst: Patrick Fardal
Bilder: Linda Eisala Winther