brenn. vs Frede Gabriel / Lokal Bar 11.10.18 (Trondheim)
Lokal Bar er ein fersk bidragsytar til utelivet og musikkmiljøet i Trondheim, men har allereie vist seg å være eitt verdig tilskot for ivrige konsertgåarar. I lag med Trondheim Konsertkollektiv har dei skapt Versus, ein konsertserie kor dei hentar ein lokal artist og ein utanfrå. Etter ein imponerande kick-off av denne konsertserien (Frøkedal vs. Herman Wildhagen) vart eg svolten på meir, og var på plass då brenn. og Frede Gabriel inntok bartebyen.
I lag med ein handfull musikarar tok Frede Gabriel scena, han klikkar fort med publikum. Det er ikkje til å kome unna at han er artig. Parykken og dei sprø haldningane hans er i seg sjølv nok til at latteren sit laust i salen. Eit lite augneblink trudde eg dette ville utfolde seg til eit halvbaka standup show, men akk så feil ein kan ta. Dei første låtane hadde funne vegen ut av PA-anlegget, lyden som fylte Lokal Bar var øm og kjær.
Musikken står i stor kontrast til den småfrekke og leikne karakteren eg møtte innleiingsvis. Sjølv om låtane er hakket meir alvorlege fungerer dei humoristiske avbrekka også godt, spesielt då han ertar mykje med brenn. Frede held det forholdsvis enkelt, kassegitar står i sentrum. Når bandet roar ned vert stemninga ekstra intim, Frede manar fram kjensler hos folket i salen som klamrar seg til ølglasa. Tekstane verkar openhjartige og framføringa hans er varm sjølv om han syng med ei vakker skjørheit i stemma. Det funkar bra, også når låtane er på den meir positive sida. Alt vert sydd saman av det dyktige bandet han har i ryggen, resultatet er draumande og herlig.
Moderne viser med hint av både folk og pop, ei potent blanding Frede Gabriel meistrar og som eg vart svært begeistra for. Eg anbefal at du sjekkar ut låtane som ligg ute, dette var fett.
8/10
Eg har sett brenn. før og det eg verkeleg diggar med bandet er kor entusiastiske dei er, spelegleda dei utstrålar. Bandet tek over stafettpinnen med iver, tross ein del utfordring med feedback i starten klarte bandet raskt å stadfeste eit bra energinivå.
Dei bles kjapt igjennom eit par kjente låtar før ei kort pustepause. Imellom slaga serverer dei diverse godarta spydigheiter tilbake, du kan seie både Frede og brenn. tok «versus» nokså bokstaveleg. Sjølv om det vert ein del preik kan eg ikkje anna enn å le når banda kokar opp denne satiriske knivinga, heile opplevinga vart forsterka.
Det einaste eg har å utsetje på denne konserten er lyden, mykje av både vokal og gitar drukna gjentatte gongar i støy. Rockar brenn. for hardt for Lokal Bar? Har lydteknikar ein dårleg dag? Uvisst, men likevel ein liten strek i rekninga. Det kjem seg omtrent halvvegs i konserten, brenn. virkar ikkje til å la seg kue av dette. Heldigvis slepp ikkje bandet taket på publikum og sikrar konserten med ein ny låt.
Heilt til slutt kjem min favoritt «Custom Girl», bandet riv låta i fillebitar og den vert ståande som eitt knallhardt punktum på kveldens konsert. Brenn. har alt fått fotfeste i den norske musikkscena, men spelar likevel som om det var deira siste sjanse til å skrike publikum i trynet. Sjå dei neste gong du får sjansen.
7/10
Tekst: Jarand Aga Baas
Foto: Michael Schult Ulriksen