Drittmaskin - Sosial Prolaps (Eksklusiv Prestream)
I dag har me ein skikkeleg godbit til dykk! Det er ikkje ofte me har prestream av eit heilt album, så no skal me rett og slett kosa oss. Drittmaskin er eit thrash, punk og hardcore orkester som består av Grindadrap og Australopithecus frå Nordfjord , Snöfökk frå Stord, Sorte Död og Pheite Phillz frå Sunnfjord. Med desse namna veit du at det blir spennande!
Eg har ikkje så mykje meir å sei anna enn at du kan streame plata i sin heilheit fram til søndag 18.11 klokka 2359. Etter det lyt du fint venta til plata kjem ut den 23.11!
Nedanfor har bandet sjølv skreve ein liten bio om seg sjølv og plata. Set av ein halvtime folkens, og ha ei nydeleg helg!
Sosial prolaps. Det gjer nesten vondt å sei det no. Lyden i plata har blitt til av nesten fem års manisk fokus, knuste tenner og gitarar, billige tredjerangs-gitarforsterkarar, mikrofonar ein produsent ikkje hadde villa ytra navnet på, og diy- og lo-fi-elsk. - Vi ville knekke ting frå kvarandre, og finne noko heilt eget. Ingen politisk farge. Snakke om, og til menneska. Skjebnene. Og for vår del, finne det som var ekte for oss. Ein slags merkelig hybrid av elsken vår til desperasjonen i Burzum sin Filosofem, den rabiate guleplata til Bad Brains, galskapen i den primitive og brutale førsteplata til Death, thrash ikkje minst, men og like viktig er Dylansk syrepoesi og låtstruktur, og 70- og tidlig 80-tallspunk. Vi kan kanskje kalle det black punk.
Alt er spelt inn live av bandet under temmelig bedritne lydvilkår, og deretter miksa/mastra analogt: Robert Jönnum rodde det rolig i land når vi ikkje klarte meir. Jed (Zig Zags) og Raud (Abbath) har òg vore med å sette sitt preg på plata på to låtar, og er to nikk i to retningar vi elskar: black metal og råtten garage-rock.
Og coveret! Wooden Cyclops. Ja. Berre sjå på det. Total galskap. Vinylen er heilt sjuk. Takka være Wooden. Sterk, unik signatur, stappa med detaljar og referansar. Norske lover. Sjøkryp. Kyklopar. Halshøgde menn. Og kanskje nokon metoo-kryp.
Kver ein millimeter av denne plata har blitt pirka på. Ned til minste detalj. Ikkje berre musikken, men òg det visuelle. Vi vil gi ei heil verd til dei som finn Drittmaskin.
- Manisk arbeid i nesten fem år. 10 låtar. 30 minutt med total galskap. Vel bekomme. (Hugs å sjå dokumentaren og).
STREAM AVSLUTTA
Patrick Fardal