Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Cover: RKV

Cover: RKV

Obliteration - Cenotaph Obscure

November 25, 2018 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Indie Recordings

Det er nokre år sidan det hardtslåande ekstremmetalorkesteret Obliteration sin førre fullengdar. Faktisk så er det rundt 5 år sidan Black Death Horizon! traff hyllene. Men eg trur jaggu ikkje at ordtaket “den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves” kunne vore meir passande.

Altså, tidspunktet for dette sleppet kunne jo ikkje vore betre. Det er trass alt den kalde og mørke tida på året, så kvifor ikkje gi lyttarane eit soundtrack dei kan slepa seg gjennom vinteren med? Eg gledar meg til å gå ut døra no når eg har denne på øyret, ingenting er for kaldt eller for brutalt med dette beistet som kompanjong. Det er lenge sidan eg har fått eit så heftig kick! Sist gong må ha vore når eg høyrte Execration - Morbid Dimensions for første gong.

For dette er seriøst brutale saker, folkens. Det er iskaldt. Men på same tid så er det forferdeleg vakkert. I mellom trommeintroen og det seige, altfor feite riffet i tittelåta “Cenotaph Obscure” og den grumsete avslutninga på siste låt “Charnel Plains” får du servert eit koltbord av meisterleg gitarspeling, vokalprestasjonar og trommer som bankar deg sønder og saman. Ja, du får eit nydeleg lite avbrekk i form av instrumentalsporet “Orb”, men det er all den roa du treng, eigentleg. “Orb” er også introduksjonen til ei av favorittlåtane mine på plata, “Eldritch Summoning” - ei låt som har alt du treng av ekstremmetall; ein deilig, isande kald intro som går over i deathmetal med tydelege thrashy element, og nokre skikkeleg skitne soloar for å sette prikken over den brutale i-en.

Det er ein heil haug med andre ting eg kunne nemnt også, som det korte men nydelege Darkthoneiske partiet i midten av “Detestation Rite”, men noko må du rett og slett oppdage på eiga hand, for du bør alvorleg tala ikkje gå glipp av denne.

9/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Patrick Fardal

November 25, 2018 /Patrick Fardal
Obliteration, Cenotaph Obscure, Death Metal, Platemelding, Platemeldingar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!