Beaten To Death - Agronomicon

Det har gått litt tid sidan Beaten To Death kom med førre fullengdar, men no er dei tilbake! Er det like hardt og skittent som før? Let’s find out!

Front cover.jpg

Det som alltid har fascinert meg med Beaten To Death er ikkje berre intensiteten og måten dei riv ned kvar einaste scene dei speler på, med ein vokalist som i det eine augeblikket heng og dinglar oppe i taket før han kastar seg opp på eit bord og skrik deg rett i fleisen så det nesten blir litt ubehageleg. Nei, det er korleis dei klarar å halde seg så ekstremt grindcore, men på same tid så inni helvetes catchy. Eg har ikkje ord. Ta ”Bjørnstjerne Ibsen” (favoritten min frå Agronomicon) som eit eksempel liksom. Det er så sjukt fengjande, skittent, hardt, brutalt og knusande. Viss ikkje det refrenget gir deg gåsehud så veit eg ikkje kva som feilar deg, kom deg til legen med ein einaste gong.

Ein ting som må diskuterast er lydbildet denne gjengen produserer. Låtane spelast jo inn live (utanom vokalen) og dette gir jo heile greia eit livepreg. Så kan det jo diskuterast om ein likar korleis dei hinsides skitne gitarane, trommene og vokalen er miksa og putta saman. For B2D har eit unikt lydbilete, det er sikkert og visst. Eg sit litt med miksa kjensler her. Dei som kjenner meg veit at eg ikkje alltid klarar å svelgje grindcore når det er på sitt mest brutale. Men det som gjer meg så fan av B2D er jo nettopp det at dei har så UHORVELEG MASSE CATCHY ELEMENT inni det heile. ”Gå, snuble, bli liggende” er eit eksempel. Fy satan eg får lyst til å kaste meg naken ut i sånn ”the hills are alive with the sound of music” dans på ei blomstereng. Eg blir så glad av sånt.

Låttitlane på Agronomicon har jo også sin sjarm. ”Extremely Run To The Hills” , liksom. ”Livet tar og livet tar”. ”Eternal Punished Septic” er også ein feit tittel, men det skal også seiast at det som skjer i den låta rundt 1.30 gjorde så vondt men åååh så godt også. Magasug over heile linja. Verdas beste rollercoaster. Tenk korleis det er live då?? Folk må jo fyke rett i golvet? Du kjem til å skjønna det når det skjer, tru meg.

I tillegg må det seiast at vokalprestasjonen til Anders Ugmod er eksepsjonell på denne plata. Han har så hinsides mange måtar å bruke stemma si på at det aldri kan bli kjedeleg.

Det eg har å utsette på denne plata må vel eigentleg berre vere lydbildet. Som den teite fyren eg er hadde eg kanskje likt Agronomicon endå bedre om det var litt reinare, litt meir ”spiselig” for øyrene? Eg banner heilt sikkert i kyrkja no men det drit eg i.

8/10 TRYNER

Patrick Fardal