Trondheim tek pulsen på ny musikk!
Trondheim Calling er ein møteplass for store og små spelarar i musikkindustrien, men kanskje viktigast ein gyllen moglegheit for ferske artistar å vise seg fram. I tillegg er festivalen sjølvsagt ein sjanse kor du kan suge til deg mange gode konsertopplevingar. Eit musikalsk tivoli for kvar ein engasjert lyttar, med andre ord. I tillegg til eit tett konferanseprogram på dagtid, føregjekk det 150 konsertar fordelt på 15 scener om kvelden. Alt i løpet av 72 timar. Svært program, ingen tvil om det. Å få med seg alt er utenkeleg, så det gjeld å planlegge med omhu.
Konferanseprogrammet dekka mange ulike aspekt ved musikkindustrien, alt ifrå låtskriving til konsertfotografi. Blant dei mest engasjerande foredraga var det mykje nyttig å ta med seg vidare. Noko av det mest fascinerande i mi meining var Kristoffer Lo’s prosess for utforsking av lydlandskap/effektpedal-bonanza. 45 inspirerande minutt med ein dyktig og underholdande musikar. Eit anna fengslande augneblink frå konferansen var Bent Sæthers ord om hans kreative prosess. Å få innsikt i låtskrivinga og karriera til ein prominent og erfaren figur som Sæther var noko kvar ein musikar kunne dra nytte av.
Over til festivalens høgdepunkt, nemleg konsertane. Som nemnt var det eit intenst program, og difor vart eit par konsertar avbrote då eg måtte springe til neste. Men ikkje frykt, desse kjem også med.
Jon Olav (Byscenen)
Ein sjarmerande og blid frontfigur står på scena. Med kun to låtar ute, var det vanskeleg å gjere seg opp ein meining på forhand om kva slags konsert dette skulle verte. Den uhøgtidelege tonen mellom publikum og musikarane lausnar på stemninga. Jon Olav har ei rå stemme som sett sitt preg på låtane, og formidlar med spreke tekstar. I likheit med «Hei Erna» har låtane ofte viktige bodskap som ser ut til å treffe dei fleste. Bandet ustrålar karisma og audmjukskap, det heile er rett og slett ei koseleg men rocka affære. Til slutt kjem låta dei fleste kjenner, «Hei Erna» går rett heim hos trønderane denne torsdagskvelden. Konserten vert ei solid start på årets Calling for min del.
7/10
Nadia Warholm (Olavshallen Lille Sal)
Til tross for namnet er dette lokalet nokså stort, og det skal godt gjerast å fylle salen. Nadia Warholm er riktignok eit namn eg ikkje hadde høyrt før, noko som gjorde det ekstra spanande. Det tek meg mindre enn ei låt før eg noterer meg den herlege stemma som treff trommehinna mi. Det låter som soul og indiepop i skjønn foreining. Bandet eig sjølvtillit og formidlar på ein fin måte. Unntaket er stillheita mellom låtane, kontakten med konsertgåarane sviktar litt. Musikken er uansett det essensielle, og eg kan ikkje seie anna enn at dei leverer. Etter kvart straumar det fleire folk til, og dei to siste låtane er det som dyttar konserten opp eit hakk, fy flate.
6/10
Sunswitch (Olavshallen Lille Sal)
Sunswitch sveiser saman eit ruvande uttrykk, progressive låtar med mykje bass ispedd tuba med tung distortion. Det måtte jo berre verte fett. Dette er eit band som tek seg tid med låtane, folk i salen later til å stirre litt spørjande på bandet i starten. Trommis Tomas Järmyr og bassist Trond Frønes byggjer opp eit massivt fundament som låtane byggast rundt. På toppen krydrast det heile med Kristoffer Lo’s kaotiske og spanande tubaspel. Aldri før har tuba vore så drepande tungt. Det krevjar litt tolmod og konsentrasjon då nokre repetative delar drøyar låtane. Sjølv om konserten er aldri så kul vert det i overkant seigt, eg saknar noko som driv låtane vidare.
5/10
Ondt Blod (Fru Lundgreen)
Ondt Blod var eit av banda som fekk opptre to gongar i løpet av TC, eg fekk med meg litt av begge. Sjølv om bandet har erfaring frå større scener, er dei meir enn dugelege til å røske liv i denne mindre rockebula. Vokalist Aslak Heika Hætta trivdes best blant publikum, han veit å skape bevegelse blant øltørste fans. Ein konstant dødsdans formast aller fremst. Lyden er ikkje heilt på topp, men showet tek ikkje skade. Slik som dei andre gongane eg har sett Ondt Blod, fyrar dei på alle pluggar. Høgdepunket må være ferske «Unge Kniva», og augneblikket då Aslak har nærkontakt med taket under ein kaotisk crowdsurf.
7/10
Evil Has Landed (Byscenen Anneks)
På forhånd var beskjeden «det vert rock!». Og jaggu blei det. Ei urovekkande stemme advarar om kva me har i vente før bandet stig opp på den mindre scena i lokalet. Utrykket er frekt, som ei samansmelting av QOTSA og Clutch med ein egen tvist. Petter Kraft kler rolla som frontmann med ein urokkeleg to-the-point haldning. Gitardreven, groovy rock med saksofon funkar som berre det. Gitarist Martin Nobel ser nærmast besatt ut der han hamrar laus riff, bandet ser ut til å more seg voldsomt. Eg gledar meg til å høyre meir, imidlertid kan låta «Freakshow» høyrast på Soundcloud for interesserte rockesjelar.
7/10
Brenn (Fru Lundgreen)
Inne på Fru Lundgreen er det mildt sagt trongt om plassen, men det la ingen dempar på stemninga denne laurdagskvelden. Ikledd spreke neonfargar pregast bandet av eit lystig humør som fort smitta over på publikum. Energinivået er på topp, det var vanskelig å ikkje la seg forføre av den catchy, støyfulle popen som blåste ut av forsterkarane. «Custom Girl» er kveldens desidert kulaste låt, noko som merkast på den livlege dansande folkemengda. Eg gløymer nesten at skoa mine er klissvåte og beina mine slitne etter dette forrykande settet. Eit band eg kjem til følgje nøye med på vidare.
8/10
Blood Command (Byscenen)
Blood Command var eit av dei større namna på plakaten i år og siste konserten på min agenda. Byscenen var nokså full siste kvelden, etter suksessen rundt Cult Drugs var det også forventa. «Ctrl + Art + Delete» er første låt ut til min begeistring. Miksen av hardcore og popappeal fangar i alle fall fansa på første rad, men mange vert ståande å nikke litt beskjedent under konserten. Bandet osar likevel av autoritet og ein glad aggressivitet. Det er eit overbevisande show med spreke visuals, utrykket er sanneleg på plass. Mest imponerande er frontfigur og vokalist Karina Ljone. Ho har god kontakt med publikum og kan verkeleg dra på når det gjeld. Blood Command får til å sette i gang eit show, men det vert i lengste laget når alle låtane er like eksplosive. Mykje av materialet kjem frå siste plata, men det ser ut til at gode gamle «High Five For Life» fortsatt tronar hos fansen. Konserten er ein fin avslutning på festivalen for min del, og det verkar som om folket tykkjer det same.
6,5/10
Lynmeldingar
Til sist, nokre tankar rundt konsertane eg ikkje fekk sjå ferdig. Først ut, Attan med vår egen Fritz-Ragnvald på bass. Eit mektig og dundrande lydbilete som satte sitt preg på folket i salen. Eit herleg kaotisk uttrykk som satte øyrepluggane mine på prøve.
Killer Kid Mozart gjorde også positivt inntrykk med engstelege poppunk vokal, og krasse riff. Spesielt engasjerande var det å sjå trommis Sverre Grønvold Bøe i aksjon, punchy som fy.
Haunted Mansions er endå eit band eg kjem til å følgje vidare, nyskapande lydbilete og fengande melodiar prega låtane eg fekk høyre. Sjekk ut «Sunshine Crawlers» og vert hekta.
Steamdome, eit prosjekt leda av Ola Kvernberg var eit maskineri av lyd. Eit stjernespekka band, men mange dyktige jazzmusikarar. Progressivt og hypnotiserande med sans for tilgjengeleg jazz.
Den siste kommentaren går til bestillingsverket leda av Per Borten. I lag med ein handfull gjesteartistar framførte dei ein hyllest til musikk frå Trondheim. Varierte låtar med Bortens rocka signatur. Dødskult.
Trondheim Calling slår eit slag for ny norsk musikk, eg er nok ikkje åleine om å ha oppdaga mykje ny musikk i løpet av årets festival. Me sjåast til neste år! Tusen takk til Kristoffer Hylland Skogheim får hjelp med fotografering! Sjekk ut bildegalleri nedanfor:
Tekst/Bilete: Jarand Aga Baas (med solid fotografhjelp frå Kristoffer Hylland Skogheim