Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
26730996_1072252319581308_6910000407402609339_n.jpg

Ein kamp for rettferd med illsinte riff og ærlege tekstar

February 05, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Det er berre snakk om nitten minuttar med musikk på denne skiva, men kvart einaste sekund er spekka med aggresjon og eit skrikande bodskap. I likheit med materialet på Lifetime Of Wars, serverer Tirades nådelause og heilhjarta låtar, noko eg frydar meg over.

Bandet fyrar på alle pluggar frå første låt. «Death Taxes» er ei sterk åpningslåt som gir deg ein peikepinn på kva slags energisk og hardtslåande plate du akkurat har begitt deg ut på. Tight og punchy som berre det, med eit herleg kaotisk preg. Det Tirades gjer heilt rett i er å kjøre på med svære gitarar og trommer, men likevel gi nok rom til den heroiske vokalen. Den skin igjennom på kvar låt utan stopp.

Andrelåta «Take This As A Threat» er ei kompakt trashelåt kor trommene verkeleg får kjørt seg. Denne dundrar vidare inn i «F.C.K.N.Z.S.M». Ikkje berre formidlar teksten eit sterkt bodskap men refrenget er fantastisk catchy. Bandet serverer ei blanding av sår, uredd og nådelaus punk som ikkje sluttar å gi her. Det må ein berre like.  

Tirades har verkeleg sans for skrive songar som sparkar frå seg men som held på same råe uttrykket. Samstundes som dette er hardnakka punk klarar bandet å være fleksible, og dreg inn meir progressive strukturar som på «Jaws Clenched, Grinding Teeth». Det byggjer ein spaning i låtane som eg trur plata har godt av.

Ein av grunnane til at denne plata skil seg frå fjordårets Here Comes The Rain er produksjonen. Eg likar at det høyrest feitare ut, bassen er skubba lenger fram og det byggjer eit meir solid lydbilete. Det kjennest også at bandet har noko viktig å seie, dette er ikkje berre eit tankelaust uttrykk for aggresjon. Tekstane snakkar for seg sjølv, det trengs inga forklaring.

Eg må også trekke fram «What We Built, We Built In Vain». Oppbygginga er mørk og lumsk og plutseleg kjem trommene inn i full galopp. Dette er høgdepunktet på plata, så ufatteleg groovy og velgjort.

Dette er ein EP med mykje på hjartet, utan tvil. Tirades kjempar for rettferd med ærlege tekstar, samstundes slår dei deg i bakken med knallhard punk. Og dei nektar å stoppe.

8/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

February 05, 2018 /Jarand Aga Baas
Tirades, Songs of disheartenment, EP, Norsk Musikk, Norsk Undergrunn, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!