22 ting du må ha med deg på Fjellparkfestivalen!
"Å nei" tenkjer du, når du vaknar i teltet og innser at du ikkje har teke med deg gummistøvlar på årets Fjellparkfestival. Regnet dundrar på teltveggen, gjørma stig og du veit rett og slett ikkje opp eller ned på din eigen eksistens. Dei andre på campen spring rundt i sine freshe støvlar og regnponchoar mens du ligg pottesur og ventar på å gå ut i dei kjipe joggeskoa dine som du veit kjem til å bli gjennomvåte med ein gong dei treff bakken. Regnjakken som du kjøpte på salg for nokre år sidan er heller ikkje til å skryta av, då den blir våt berre etter nokre timar i skitvær. Hadde du berre hatt ei hugseliste!! Vel, det er ikkje for seint. Evig Lyttar stiller opp og gir deg ei solid checkliste med ting du bør ha med deg. Sjølvsagt blir du glad for det, det skulle berre mangla.
Me satsar jo på at Fjellparkfestivalen 2018 skal bada i sol, varme og god stemning! Her er likevel nokre ting du bør ta med deg - uansett stemning, vær eller vind. Finn du ut at noko manglar så nyttar du berre kommentarfeltet!
- Gummistøvlar! (Hehe)
- Joggesko
- Øreproppar
- Solbriller
- Hatt/Caps
- Regnjakke/Poncho (gjerne i god kvalitet)
- Telt - for dei som skal på camp (og alt som følg med, sovepose, liggeunderlag osv)
- Tørrsjampo
- Våtserviettar (gjerne ta med ein til intimbruk også, det finst)
- Antibac
- Toalettsaker (ta vare på både kroppslukt, tenner og ånde folkens!)
- Kondomar (Stay safe, kids)
- Powerbank
- Dorull kan vere greit å ta med seg, alltid bra å vere på den sikre sida
- Gaffateip
- Lommekniv
- Mobil/ladar
- Eingongskamera, for dei som nyttar slikt
- Badeklede!
- Solkrem (Jau, det kjem til å bli fint vær! Tru meg.)
- Minianlegg til dei feiande flotte vorspiela du kjem til å halda
- Varme og kalde klede (tenk lag på lag - stilongs feks, kjempeviktig)
MEN: Ikkje ta med kle du er glad i eller ting du er redd for å miste!
VIKTIG: Les litt om campreglane på Fjellparkfestivalen her: http://fjellparkfestivalen.no/camp/
ELLERS: Sjekk ut spelelista Sarah mekka til årets festival. Mykje snacks der:
OG: Lurar du på kva me skal finna på under årets festival kan du sjekka ut Youtubevideoen vår her:
Patrick Fardal / Sarah Margrethe Hestness