Månadens favorittar: April

Sondre

Æpoch – Awakening Inception (LP)

De fleste forbinder sannsynligvis Canada med lønnesirup, ishockey og overdreven høflighet, men assosiasjonene bør helt klart også gå til teknisk death metal. De siste par årene har kanadiske Archspire dominert (så å si) alene på topp i tech-death-sjangeren, og leverte ett av fjorårets beste album. Nå kan det likevel se ut til at de ikke forblir alene på toppen stort lengre.  

Med sitt selvutgitte debutalbum Awakening Inception har Æpoch kommet for å utfordre sine felles landsmenn for tech-death-tronen. Selv om de to bandene ikke høres særlig like ut, er det helt klart at lønnesirup er en av de sentrale ingrediensene som gjør band litt ekstra br00tal, teknisk og progga. Æpoch skaper en fascinerende blanding av sjangre, og kan like gjerne sammenlignes band som Death eller Vektor, som Obscura eller Rivers of Nihil. Det er en sømløs kombinasjon av old-school death metal og progressive metal, ispedd en liten dose svartmetall og melodeath av den svenske sorten.

Æpoch imponerer altså stort på sitt første album, og viser at man ikke trenger årevis med erfaring for å skrive komplekse, fengende og originale låter. Det skader heller ikke at vi får servert låter som «Mentally Raped by Christ» og «Delirium of Negation» som serverer opptil flere bass-soloer i en og samme låt. Enhver person som liker metal, vil kunne like Awakening Inception. Sjekk ut fort som f.

Andre favoritter: Sleep The Sciences, Panopticon The Scars of Man on the Once Nameless Wilderness, Wrekmeister Harmonies The Alone Rush, Totalselfhatred - Solitude, Kroda - Selbstweld, Møl - Jord, Messa – Feast for Water, Dark Times – Tell Me What I Need, Post Animal – When I Think of You in a Castle, Scientist Barbelith, Crone Godspeed og Skeletal RemainsDevouring Mortality.

a0302727056_10.jpg

Rikke

Dark Times – Tell Me What I Need

Dark Times er et Oslobasert band, som ga ut Tell Me What I Need på Sheep Chase Records 6. april. Og dette er ikke bare en hvilken som helst plate.

Det er en PLATE, som slår pusten ut av deg med knyttneven rett i strupehodet! Husker spesielt mitt første møte med «Blazing», en av platas aller beste låter. Jeg forelsket meg i låta så straks det lot seg gjøre. For en umiddelbar virkning den hadde! Bakoversveis. Energi som bare slo alt ut og vekk. Med en viljestyrke som vil gi enhver lytter følelsen av uovervinnelighet. Kampen er her, og du vil kjempe som det aldri var en morgendag med punkens nebb og klør! Et ærlig indre på sølvfat, enhver ville ønske å ta litt lærdom av. Kjøp, lytt og lær!

Dark-Times-Tell-Me-What-I-Need-1523283977-640x640.jpg

Jarand

Sleep – The Sciences

Sleep slapp The Sciences utan tilsynelatande forvarsel tidleg i april. Ikkje mykje har endra seg i Sleeps røyklagte verd sidan re-releasen Dopesmoker, noko som allereie er femten år sidan. Dette er ei etterlengta plate for mange, også på dette albumet leverer bandet sinnsvakt tungt materiale. Plata startar med ein herleg fuzzgitar som forbereder deg på bølga av brautande riff som er i ferd med å slå mot deg.

«Marijuanaut’s Theme» minnar mykje om «The Clarity» med ei liknande vuggande rytme som fangar lyttaren. Vidare får me servert «Sonic Titan», kroneksempelet på ei saftig stonerlåt. Lyden er noko meir polert denne gongen, men fokus er sjølvsagt på den dryge stemninga som heng over kvar einaste låt. Alt heng saman som ein einaste lang jam, dette vert runda av med «The Botanist». Ei verdig avslutning med ein halsbrekkande gitarsolo. Det er ikkje stort meir å seie om The Sciences, det lyt berre høyrast.

sleep-the-sciences-1.jpg

 Marius

Kosmik Boogie Tribe - We’re Not Here To Fuck Spiders

Er festen tam og sløv? Sit kompisen din og berre dassar i sofaen? Er festivalcampen dvask? Stemninga initiativlaus? Frykt ikkje - her er løysinga:

1) Styrt ein øl (og/eller noko sterkare).

2) Bli eineherskar over høgtalaranlegget.

3) Skru volumet til Lemmy + + + og start låta ‘Creatures of Habit’.

Observer korleis lyden av gitarelskande skittenboogierock frå Kosmik Boogie Tribe bles nytt liv i alt frå gamle festbremsar til avlidne festivaldeltakarar. Eg garanterer effekt.

Platetittelen referer nok til korleis ein (down under) gjer det tydeleg at ein ikkje vil kaste bort tida. Og det gjer neigu ikkje boogiestammefolket heller. Med Morten Lunde som kosmisk maskinskjef dundrar rockekalaset av garde. Plata opnar med kvasse stakkatoboogieriff, frittspringane basslinjer og så brei beinpositur at buksa mi allereie har rakna. Og det held berre fram. Som lyttar blir ein bada i gitarsoloar, dunka i musikalsk sjølvtillit og risikerer kontinuerleg krampe i rockefoten. Om du nikkar anerkjennande til gitarbasert rock og tøff vokal, som til dømes hjå Led Zeppelin, Turbonegro, Kadavar, Red Fang, Danko Jones eller noko liknande, då ligg Kosmik Boogie Tribe berre og ventar på deg.

We’re Not Here To Fuck Spiders krinsar rundt god gamaldags riffing, samstundes som låt- og produksjonskvaliteten gir eit oversiktleg lydbilete. Det er så himla mykje snert i strengearbeidet at Øystein Sunde truleg gliser heilt til Skarnes. Plata har også ein rekke finurlege detaljar, som litt tilfeldig «Stairway To Heaven»-klimpring («I’ve Had Enough of You»), to forsøk på å starte ei låt («The Rat»), det gamle restart-trikset («We’ve Got The Cash») og festleg/smittsam koring («Creatures of Habit»). Dette er låtkrydder som styrker livekjensla ein får og skapar herleg, ærleg musikk.

Dette er musikk som verkeleg toler å spelast høgt. Det MÅ spelast høgt! Du får ikkje betre soundtrack om du skal ta deg ein skikkeleg fest og slå laus hår, plastikkstolar, dasslokk og anna lausøyre på din veg (hugs å rydde opp att). Dette er ikkje musikk mynta på avhaldsfolket, speltmammaer eller dei som stryk skjortane etter kvar vask, men om dei skulle få forløyst rockegenet og vil vere med på moroa, så er eg sikker på at Kosmik Boogie Tribe ønsker dei hjarteleg velkommen. Rå, tidlaus og evigaktuell musikk.

a0639721332_10.jpg

Patrick

Death By Unga Bunga - So Far So Good So Cool

Altså. Det finst rock, og så finst det ROCK. Rock som fengjar buksene rett av deg, som sender deg inn i ein orgasme av luftgitarar, synging og dansing bortover gata. Som gir deg trua på verda, menneskeheiten og livet generelt - alt det som er kjipt om dagen blir i ein halvtime omgjort til bagatellar mens du har denne plata på øyrene (eller helst på anlegget). Allereie frå "Haunt Me" veit du kva det går i - og det blir berre betre utover. Plata kunne godt vore lengre, men på same tid går eg ikkje lei låtane, så eg kan lett høyra dei om att så mange gonger eg berre vil. Fint, ikkje sant? 

Blant knallfeite soloar, botnsolid riffing og kinky 60-talsvokal får du også servert tekstlinjer som er så kloke og lure at du berre må ta det til deg, her er til dømes eit utdrag frå favorittåta mi "Cynical": «If you’re still laughing at my jokes, how bad can it be? You said I’m not close to being good enough, I’m good enough for me! So maybe I am cynical, I’m not the only one. You said I’m not close to being good enough, tomorrow I’ll be gone». Sug til deg det der, det har du berre godt av! Du er god nok for deg sjølv, sånn er det berre. 

Eg veit ikkje kva meir eg kan sei, anna enn at eg må få sett denne rockeeksplosjonen live snart. Det klør i fingrane, det dunkar i dansefoten og stemma mi higer etter allsangen dette kalaset garantert bringer til publikum! Tusen takk til DBUB for å ha gitt meg det desidert feitaste sommarsoundtracket eg kunne ha ønska meg.

Mitt råd til deg: Inviter venner og kjente som du veit set pris på god musikk. Set på So Far So Good So Cool og skru anlegget opp til 11, lag noko digg mat i solskinet og finn fram noko leskande drikke så kan eg garantere at det blir ein fest som seint går i gløymeboka. 

a1527164294_10.jpg

Redaksjonen