10 band Patrick såg på Musikkfest Stavanger 2018
Musikkfest. Eg har eigentleg ikkje ord, men eg skal prøva å skrapa saman nokre linjer. For ei feiring, for ein lidenskap. For ein glede å kunne vere med på! Det er noko heilt spesielt når ein by set av ein heil dag til å feira norsk musikk. Og norsk musikk må feirast - anar du kor mykje bra det rører seg her til lands? Kor mange band det eigentleg finst, som klaskar ut hit etter hit, og som kjempar kvar dag for å kunne halda på med det dei elskar? Kor mange unge menneske der ute som så gjerne vil spele live, men som aldri får gjere det? Det er nettopp det Musikkfest er til for. For å visa folk der ute kor mykje bra det er, og for å gi alle ein sjanse. Ingen band headliner, ingen band er større enn andre - her opptrer alle på like premiss, og eg elskar det.
Det er ti år sidan første Musikkfest bleis parka i gong, og årets tiårsjubileumsfeiring gjekk av stabelen den 2. juni. Eg, som den siddisen eg har vorte, tok med meg notatblokka og valsa ned i Stavanger sentrum for å sjekka ut eit knippe band. Eg blei mildt sagt ikkje skuffa.
Det er ikkje til å leggja skjul på at eg var med i bookinggruppa dette året, og eg kunne ikkje vore meir happy med resultatet! Før me går vidare med innlegget må eg gi ein stor takk, ein massiv ein - til mannen, legenden og den største ildsjela i Stavanger - Daniel Engen, for å ha gjort dette i heile ti år. Tusen, tusen takk Daniel, du er helten min.
Psyko Blasfemi - Bypaviljongen
Dette bandet her har eg høyrt så mykje om i det siste, så det var jaggu på tide at eg fekk sett dei. Bandet er like kult som namnet. Psyko Blasfemi - kor feitt er ikkje det? Dei skuffa så absolutt ikkje live heller. Plassert på Bypaviljongen rett ved Breiavatnet og greier. Det første som slo meg når dei byrja å spele var kor mange sjangrar dei har pressa inn i miksen. Eg fekk litt rockabillyvibber, blanda med thrash, punk og beinhard rock. Eg har høyrt litt om at dei kanskje har slete ein smule med å finna sin nisje i musikken, men eg trur dei har funne den no - i form av ein hardtslåande fullpakke av feng, riff og rock som er tøffare enn toget. Dette er unge karar må vite - men når dei, midt i settet, dreg til med The Stooges - "I Wanna Be Your Dog", og gjer den så bra som dei gjorde kan eg ikkje unngå å få litt frysningar. Deira eigne låtar slo like hardt, og vokalisten hadde god kontakt med publikum. Litt gitarslurv her og der, men du dyre grøne så eg gledar meg til å følgja med på desse vidare.
Kåte Klør - Arneageren
Kåte Klør er eit band dei fleste i Stavanger og omegn kjenner til. Denne rocketrioen har spelt så mange konsertar at det går litt rundt for meg. Me har hatt dei i studio også - livesession kjem snart. Men ein ting kan eg seia med ein einaste gong: Dei skuffar aldri. Frontmann og låtskrivar Harald opptrer og ser ut som ei vaskeekte rockestjerne på scena. Med den vokalen og den spelegleden blir det vanskeleg å ikkje dra på smilebandet når han er i sitt ess. Trioen er generelt ganske så kul, eigentleg - frå den karakteristiske kvite wifebeateren trommis Jon Salthe alltid endar opp i på kvar gig og vidare til den udiskutabelt feite bassføringa til Emil blir dette ein pakke du eigentleg ikkje bør gå glipp av. I år fekk dei gleden av å halda konsert nr 1000 i Musikkfest sin historie, så det blei litt av ei markering! Eg har ingenting å utsette på låtane heller, utanom litt trommeslurv på den eine sangen - bandet redda seg kjapt inn att.
Fengande Spetakkel - Bypaviljongen
Eg hadd eigentleg ein køyreplan denne dagen men eg høyrte så mange lovord om dette bandet at eg berre måtte ta turen. Dette unge, lovande bandet har ein frontmann som like godt kunne spelt på Woodstock i 1969! Fyren har jo like mykje energi som ei duracellkanin på redbull. Bandet var dedikerte på scena og tok seg veldig godt ut. Fengjande låtar og god trøkk gjennom heile konserten, med ein ganske morsom avslutning! Du bør ta deg ein tur inn på facebooksida deira og trykka like. Gjer det no med ein gong! Rå riffing, feit vokal og masse, masse skurr. Slikt likar me! Hald utkikk etter desse, om du kan.
Frode Johannessen - Nytorget
Eg har funne ut at eg har ein greie for draumande, intense gitarar i solskin. Kvifor, spør du? Eg kan gi deg eit namn. Frode Johannessen. Fyren i legendariske Popface sitt soloprosjekt. For ein glede å få med seg! Men det var faktisk ikkje han som ga meg mest på denne konserten. Trommis Kristoffer Lilledal (Lucid Dreaming) steppa inn på trommer og eg er ganske så sikker på at det var like før han knuste det lille trommesettet til pinneved på slutten av gigen - hadde det holdt på ei stund til ville alt ha rasa saman. Dette er positivt, må vite, for han er litt av ein trommis! Uansett - kanonfin gig, fint vær og god stemning, og ein bra mengde med musikkglade folk i publikum!
Pappasaft - Arneageren
Dette bandet hadde eg gleda meg til å sjå. Eg har skreve mykje om denne gjengen utan å eigentleg ha sett dei skikkeleg live, så det var jaggu på tide. Frontmann Gard Sviggum Saabye har ein tendens til å dra med seg publikum uansett kor han er, og Pappasaft er eit band som får publikum i skikkeleg festhumør. Høgdepunktet må vere når dei spelte hiten "Norske Bomber" - sjølv m det var litt kluss undervegs i låta var det ein knallfin framføring! Punkrock folkens, punkrock.
VALP - Nytorget
Tilbake på Nytorget etter nokre velsmakande øl var det klart for den noko freshe gruppa VALP med Emilie Eie i spissen. Dette er ein spanande type musikk som eg har valt å kalla for "ærleg snakkepop med kjensler". Gi meg ei plate og ei t-skjorte, for eg er fan! Ein kunne verkeleg sjå på bandet at dei koste seg og at dei jobba saman på den best moglege måten. Gode greier! Musikken deira ligg foreløpig på Soundcloud, så du bør berre sjekka dei ut med ein einaste gong.
Vöödöö - Grottene
Då var det kveldstid og alle dei resterande konsertane skulle gå ned på Folken. Første band eg fekk med meg der var bergenske Vöödöö. Det første som slår med er kor vanskeleg det er å sjangerbestemme denne gjengen her. Det andre som slår meg er jo at det eigentleg ikkje betyr ein dritt, for sjangrar er jo i stor grad grensesettande for mange band. Det tredje som slår meg er at det eg kan sei er følgjande: Dette er eit band som fengjer med ein ganske kul vokalist i front. Noko av det blir litt for spesielt for min del, men det betyr ikkje at det ikkje er kult!
I Am K - Storsalen
Fyttigrisen. Fy flate. Heita deg. Du heilage synthpop kor kult det var å endeleg få sjå dette. Eitt ord som går att i hovudet mitt er frysningar. Oda Ulvøy har ei fantastisk vakker stemme som går perfekt saman med resten av instrumenta, og nakkehåra mine reiste seg spesielt høgt når ho la seg ut på dei lange tonane - fy flate så rått det var. Ein kraftpakke utan sidestykke der altså. Eg vil ha meir! Elles var det ein god miks mellom electronica og pop - sjølv om eg hadde likt meir synthbruk.
Still Shaking - Grottene
Det er ikkje til å stikka under ein stol at dette punkekalaset har blitt ustyrleg mykje betre den siste tida. Når dei spelte her rundt juletider i fjor var det så tight og bra at eg trudde det var eit nytt band som stod der. Musikkfest-konserten var ingen unntak. Dei hadde spelt nokre akustiske konsertar før på dagen som eg dessverre gjekk glipp av, men eg er glad for at eg fekk med meg "hovudgigen" deira. Med Gard frå Pappasaft på gjestevokal under låta "BDIY" blei dette ein punkekonsert som ikkje går i gløymeboka med det første. For ein trommis, for nokre gitarar og for ein punkete vokal! Slikt likar me, og eg gledar meg til å høyra meir frå dei.
Agenda - Grottene
Her veit eg eigentleg ikkje heilt kva eg skal skriva. Det einaste eg fekk notert under gigen var "Fy Faen". Dette fordi eg blei sugd rett inn i ein ganske grei moshpit tidleg. Dette er også eit band eg har sett nokre gonger frå før, men denne kvelden gjorde dei ein hinsides feit konsert.. Det var så varmt og klamt, og ein kunne skjære i stemninga med ein smørkniv. Frontmann Hans Olaf Myrvang var som ein intens skygge av skrik og svette, som ein punkedemon rett frå helvete. Eg har skreve om vokalen hans før, og eg står ved det eg skreiv då: Den fyren der manar fram djevelen sjølv når han speler med dette bandet.
Andre band eg fekk med meg denne dagen var blant anna Vicereine, Popface og litt av gigen til Lucid Dreaming. Eg veit ikkje kva eg skal sei anna enn at eg storkoste meg heile kvelden! Tusen takk til alle band og artistar som gjorde dette til noko eg seint kjem til å gløyme. Og tusen takk til Daniel Engen og resten av Musikkfest-crewet. Eg blir heilt varm inni meg når eg tenkjer på kor bra slike tiltak er. Kor mykje det betyr for folk, enten det er band eller "mannen/dama i gata". Eg er overbevist om at nokon oppdaga sitt nye favorittband i helga!
Tusen takk!
Patrick Fardal