Last Lightning - s/t: Ein i overkant sprikande EP
Last Lightning frå Ås speler (for det meste) skarp black heavy metal og bandet debuterte for ei tid sida sin sjølvtitulerte EP. Konklusjonen er at dette er ein musikalsk seksrettar med hummer og kanari over heile fjøla. Her er glimt av god svartmetall og eit lydbilete som til tider matchar Satyricon, men dei gullkorna som finst druknar diverre i total mangel på sjølvkritisk låtskriving. Når Last Lightning i tillegg, av heilt uforståelege årsaker, serverer syltynn grunge-suppe til dessert, blir sluttproduktet ein i overkant sprikande EP som framstår noko prematurt sleppt.
Det beste først. Den desperate og raspete blackmetalvokalen til Marius Finstad er eminent, og kombinasjonen av stakkatoriff, dunkelt lydbilete og gnistrande dødsrop fortener betre låtmateriale enn kva Last Lightning diskar opp med her. Ein får assosiasjonar til band som Sarke, Taake og Slegest, men utan tilsvarande kvalitet. Hovudproblemet er at det høyrest ut som om alle ideane frå øvingslokalet er teke med, især dei dårlege. Det kjem sterke og svake riff i aust og vest, gitarsoloar flyg høgt og lågt, vokal og tempo slingrar hit og dit, og sjølv om låtelementa fungerer greitt kvar for seg vert EPen generelt prega av mykje rot og lite flyt.
Når det er sagt, så er dei to første låtane slettes ikkje heilt borti natta. Sett vekk frå nokre merkelege heavysoloar med temposkift og ein eitt hundre prosent generisk metaltekst, er "Last Lightning" rimeleg catchy, medan "Still Dead" er EPens klart beste låt. Den gir det beste døme på potensialet som ligg latent i bandet, men kule riff, intens vokal og eitt greitt samla uttrykk. Eg høyrer gjerne eit album med kaliber tilsvarande dei første åtte minuttane, men etter det går mykje beint åt skogen.
Tredjelåta "Hate" riffast i gang med maksimal UKM-faktor og tromminga er ikkje gale… Men så kjem ein heilt vanvittig sur og tam cleanvokal inn som lyn frå svart refrenghimmel. Kva i bleiksvarte måneskinsnatt?! Om ein syng så elendig bør ein halde kjeft eller bli tredjevokalist i eit progband. Når poesien som presenterast attpåtil held samme nivå som bandlogoen (dei som har høyrt om verdskrigane og schutzstaffel kan ikkje unngå å lese Sast Sightning) blir det kjapt litt for mykje tran i kaffien.
"Empty Funeral" og "Unholy Ritual" er greie låtar, men også her forstyrrar skurrande element. Children of Bodom-sympatisørar vil få ein nostalgitripp av refrenget i "Empty Funeral", medan "Unholy Ritual" startar med irrelevant akustisk intro og bygger seg opp til å bli ein slags spinkel Amon Amarth-fetter. I svartmetallens ånd er det også nokre prisverdige forsøk på blastbeats involvert. Dei bêr vitne om at trommisen fekk både metronom og bandopptakar til jul, men berre har hatt tid til å leike med sistnemnde.
Eg skulle ønske EPen hadde slutta her, for avslutningslåta, "The Other Side", er eit så håplaust malplassert grunge-avkok at ord blir fattige. Den må nesten opplevast. Låta står som ei uspiseleg og svulstig sviske i deprimerande kontrast til dei meir potente metallåtane, og det blir ikkje betre av nokon tilsynelatande har tredd ein polvott over innspelingsutstyret.
Alt i alt syner EPen at det ligg mykje potensiale i bandet, men det blir for mykje ungdommeleg entusiasme og ukritisk låtsnikring. Om Last Lightning får eit halvt hundre bandøvingar i sekken, slenger cleanvokalen og andre forstyrrande låtelement på bålet, og dyrkar fram sitt særeigne black heavy metal-uttrykk vil dei kunne produsere skikkeleg rå musikk. Eg ser fram til fortsetjinga.
2,5/10 TRYNER!
Marius H.D. Salvesen