Through The Canopy - Descension

Through The Canopy driv ikkje med tant og fjas. I staden serverer dei to låtar på til saman 22 minutt med drivande, hardfør og behageleg prog-doom. Lesarar og lyttarar som meiner at rett-fram-tungrock er feitt, men tykkjer doom er seigt og prog berre heilt speisa, bør verkeleg låne øyre til denne EP’en, for her har me ein solid brobyggjar mellom rett-fram-tungrock og meir avansert materiale.

Dei to låtane på plata, “Seven Days” og “Illusions Lost”, er på sett og vis to alen av same solide stykke musikk. Dei byggjer seg roleg og bestemt opp til å bli to massive, rifftunge doomlåtar, smakleg krydra med svevande progelement og dyssande vokal. Dei tydelege kontrastane og skilnadene mellom låtpartia er noko av det som gjer Descension til ei utruleg god skive.

Skifta mellom progressiv draumesong, klassisk tungrock og ville gitarsoloar gjer det enkelt å følge låtanes progresjon, samtidig som dei gøymer hyggjelege detaljar til den årvakne lyttar.  

Fordi plata er variert utan å bli overdriven kompleks er det ikkje vanskeleg å finne referansar. Musikken til Through The Canopy er tydeleg i slekt med band som Elder, Neurosis og Kadavar, men lydbilete deira kan også samanliknast med vidt forskjellige band som We, Hellavator frå Fauske og Mastodon. For å nemne nokre.

Lyttaropplevinga kan og bør beskrivast noko meir figurativt. I løpet av to låtar vekker Through The Canopy deg frå djup søvn, sleng ei bøtte tung(rock)vatn i hovudet ditt og dreg deg frå sville til sville etter eit godstog. Etter ein omgang eller fem kjem eit siste crescendo i gitarturketrommelen med maks sentrifugering, før dei skyt deg opp gjennom tretoppane (eller baldakinen på himmelsenga?) og ut i verdsrommet.

Heilt til sist forsvinn all kontakt med verda, men Houston, det er slett ikkje noko problem, for det siste me fekk oppleva var lyden av ein kandidat til årets debutant.

9/10 TRYNER!

Marius H.D. Salvesen