Combos - EP

Trondheimsrocken lev i beste velgåande! Det ganske så ferske bandet Combos kom med sin debut-EP i dag, og med Per Borten (Spidergawd) som produsent er dette særs spennande greier. Bandet har allereie singelen “Cookies and Crack” ute, og dei har hausta ein solid mengde bra kritikk med den bangeren, det skal være sikkert og visst.

Men altså, det er ingen som har funne opp kruttet på nytt her. Combos sit ikkje på reint, skinnande gull. Dette er beint fram fengjande rock, men ikkje noko særeigne greier. Vokalen kan opplevast litt kjedeleg til tider og riffa er ikkje grensesprengjande feite. Men når det er sagt - EPen får meg til å rykka litt på dansefoten og smilebandet her og der. “Degenerate” er nok den beste låta for min del. Her føler eg at bandet treff på alle punkter. Eg får litt vibber til 90-talls punken, og det kan eg lika særs godt. “Steady Creepin’” er også ei låt av eit slikt kaliber.

Lydbildet er solid og alt ligg bra i miksen. Gitarane er fyldige og vokalen ligg akkurat langt nok framme til at den ikkje opplevast masete, og den er ikkje så langt bak at den blir puslete og svak. Dette overraskar meg ikkje, sjølvsagt. Per Borten er tross alt Per Borten.

4 låtar er ikkje nok til å gi eit heilt fullstendig bilete på kva dette bandet kan bli, men det er så absolutt lovande greier, og eg ser fram til å følgja med vidare. Kunne gjerne tenkt meg å sjå denne gjengen live også, trur desse låtane ville ha sparka ganske bra frå seg med eit publikum til stades!

6/10 TRYNER!

Patrick Fardal

Sjekk ut EPen sjølv her: