Leiaren: Godt & Blanda

Veit du kva!

Nokre gonger så klarar me rett og slett ikkje bita over alt me prøver oss på. I mitt tilfelle kjem det av og til periodar der Evig Lyttar-haugen veks til den høgda at eg rett og slett kjenner på avmakt. Ikkje minst føler eg at eg sviktar dei eg ikkje rekk å skriva om. No i det siste så har eg hatt nok med full praksis og 2 ekstrajobbar for å få det til å gå rundt, så det er mange 15timars dagar der eg kun jobbar. Evig Lyttar må nokre gonger bli satt litt til sides, men me kjem alltid tilbake, det veit du like godt som meg.

Så, difor bestemte eg meg denne gongen berre for å hiva ut litt om alt eg har sjekka ut den siste tida. Dette blir schizofrene greier altså. Me berre køyrer på!

Death Throne - Evasive Gestures

Eg er ein sucker for fengjande hardcore, og eit av Bergens nyaste tilskot på musikkfronten gir meg akkurat dette. Noko meir gjennomført og fint skal du jaggu leite lenge etter. “Peel Your Skin” er ein soleklar hit, altså. Ja, eg veit at me har høyrt mykje frå før som liknar, men kom an. Nyt det. Refrenget på den låta er heilt banalt feitt, og eg får rett og slett ikkje nok. Låta “Evasive Gestures” er ein perfekt miks mellom moderne hardcore og poppunk. Knallfin allsang som burde få gang på publikum i ein livesetting! Kom til Stavanger karar, me treng dykk.

DIIV - Oshin / Is the Is are

BASS, BASS OG MEIR BASS. Eg har ein mistanke om at dette bandet ikkje er så feitt live som på plate, men fyttigrisen så rått det er. Har nyleg oppdaga denne perla, og eg burde strengt tatt gå rett i skammekroken. Eg har ingen unnskyldning for kvifor eg ikkje har høyrt om dette før no. Sjekk ut “Doused” og “Out Of Mind”. Post-punk ish greier som berre gir og gir utan å kreve ein skit attende. Kos deg!

Bell Witch - Longing

UGH! Dette bandet oppdaga eg rett før jul. To karar som begge er eksperter på sitt felt (bass og trommer) som berre klikkar bananas og sender deg tvers gjennom universet landar deg på ein planet som består av mørke, kulde og eit reint helvete utan like. Sjekk ut Longing! Du vågar ikkje å hoppe over ei låt heller, eller spole. Du skal høyre heile frå start til slutt. Ein time og 10 minutt, ca. Det har du jaggu tid til.

Chain Wallet - No Ritual

Dette trur eg må vere eit høgdepunkt for min del, folkens. Eg har prøvd å skreve ei melding her, men det blir umogleg for meg. Veit du kvifor? Fordi dette er ein av mine favorittsjangrar, berre på norsk. Korleis i alle dagar skal eg klara å vere kritisk då? Nei, då får det bli ei anbefaling istaden. Chain Wallet har nettopp gitt ut ei plate som er knallbra frå A til Å. Veit du kor sjeldan det er? At ei plate held same fantastiske nivå frå start til slutt? Veldig sjeldan, skal eg sei deg. I tillegg er miksen fantastisk. Bassriffa ligg og leikar seg perfekt saman med resten, akkurat nok tydeleg til at den høyres godt. Ingenting er malplassert. Favorittar: “Ride”, “Liminaty”, “What Everybody Else Could Find” og “World I Used to Call Mine”. Eigentleg alle. Du får ikkje lov til å spola her heller, altså. Høyr heile.

Spielbergs - This is Not the End

Kva får du om du kastar Dinosaur Jr., White Reaper og No Use For A Name i ein blender og trykker på knappen? Her skulle eg eigentleg skriva “neidå, ingen oppkutta, blodige legender” men eg droppar det. Du får hvertfall Spielbergs - This is Not the End. Dette er eit skikkeleg avslappande album å høyra på. Godt for øyret. Men det er så absolutt ikkje “roleg” musikk. Det er berre så deilig gjennomført, om du fattar? Det startar rett på med den råfengjande “Five On It” - klassisk låt utan så mykje nyskapande eller hokuspokus, men akk så fin den er! Slik fortsetter det utover i plata. “Familiar” er nok den kjedelegaste låta på plata, men den er fin den også, altså. “Bad Friend” gir meg faktisk litt Bruce Springsteen vibber, av alle ting! Ikkje verst. “4 AM” er nok favoritten min. Storslåtte greier. Definitivt ei plate eg kjem til å dra fram til sommaren! Fy flate for ei avslutning det er på siste låta “Forevermore” altså. Frysningar.

Psyko Blasfemi

Dette bandet har eg eigentleg endelaust mykje bra å sei om. Dette er ein gjeng lidenskapelege karar som har plassert seg med god margin på toppen av det Stavanger-scena har å by på om dagen. Det tok litt tid før dei fann seg sjølv, men det er jo vanleg for alle band som startar opp. Det som er spesielt med dette bandet er at dei har mentaliteten til tidleg Mayhem (utanom toskeskapen med drap og kyrkjebrann, sjølvsagt) - større driv finn du sjelden hjå eit ungt band. I tillegg har dei ein vokalist som eigentleg kunne gått rett inn i The Stooges på 70-talet. Fyren har ein karisma som tek over heile rommet når han inntek scena. Dei har nettopp gitt ut sitt første materiale, og eg rådar deg på det sterkaste til å sjekka det ut. Dei er heilt klart best live då, så stikk og sjå dei om du får sjansen. Dei speler over alt for tida, så det burde ikkje bli vanskeleg.

Mondo Trasho - REKVIEM

Jaså, ja? Du er på jakt etter norsk punk du altså? Norsk, skranglete, skurrete og fuzzy punkrock på dialekt sa du? Åja, du vil helst ha litt lange låtar også? Eg veit akkurat kva du treng.

Du vil ha noko fengjande greier også? Men mest av alt vil du ha stemning, låtar du kan leva deg inn i der du verkeleg kan smaka lidenskapen til bandet. Mondo Trasho er eit slikt band. EPen deira REKVIEM er på klingande flekkefjærsk og røft som få. I tillegg er det ikkje ”pent og pynteleg” slik som mange andre punkeband der ute på død og liv skal vere. Dette er som å bli sendt på speedtrain direkte tilbake til 70-80 talet med soloar, syreparti og det som følgjer med.

Altså, den beste låta er jo heilt klart ”Rekviem”. Den sparkar rumpe i heile 9 minutt og 12 sekund, men den er liksom ikkje kjedeleg. Det er eit parti inni der som beint fram gir meg frysningar. Kor må du nesten finna ut sjølv.

Dette er ein miks av tidleg Joy Division og Roky Erickson, med ein god miks av Led Zeppelin og Deep Purple. Etter mi meining. Vokalen har litt rockabilly i seg.

 Må jo få litt livegreier ut av dette då? Mondo Trasho, de er hjartleg velkomen til Stavanger!

Stay Young - Sidewalks

Treng du noko litt melankolsk og chill så har Stay Young akkurat det du treng. Dette bandet er relativt nytt og har kun ein singel ute foreløpig, men dette er jaggu lovande greier. Knallfint refreng, fullt av kjensler og varme tonar. Miksen er heilt udiskutabelt bra og gitarane gir deg gåsehud. Vokalen er litt sånn REM-esque Michael Stipe-greier som eg berre diggar. Nyt denne folkens, og hald eit auge og begge øyra åpne etter dette orkesteret.

Patrick Fardal