Lidenskap, smerte og slit - 1997 Forever // There's Always Next Season @ Folken 19.09.19
Først: Eg har null peiling på snowboarding. Men det trengte eg strengt tatt ikkje ha heller.
Carl Christian Lein Størmer (Die A legend, Nord Mot Nord) har produsert eit par filmar som, sjølv om snowboard er i fokus, også tek for seg det å vere menneske. Lidenskap. Smerte. Slit, slit og litt meir slit. Dette er eit prosjekt som har pågått i mange, mange år. Eg skal ikkje prøve å gå inn i detaljar, men i kveld har eg både sett og opplevd noko eg seint vil gløyme.
Du kan spora alt tilbake til ein gjeng gutar som blei inspirert og pusha av ein snowboardlegende med namn Vegard Scheffler.
Tromsø. Skating og snowboard blei ein livsstil, og dagane gjekk i å finna dei riktige forholda til å få på seg brettet. Lidenskapen desse karane hadde kjem så sterkt fram i den første filmen, “THERE'S ALWAYS NEXT SEASON”, at ein ikkje kan anna enn å bli smitta av det. Tenk å være ein del av ein slik gjeng!
Det er solide kjensler i “THERE'S ALWAYS NEXT SEASON”. Det er ein like stor mengde av “ektheit” som du finn i skatedokumentaren “Minding The Gap", som forøvrig fekk meg til å grina i si tid. Du får servert humor, tristheit og alle kjensler i spekteret på ein og same gong. Når den eine scena går frå stormande jubel til eit dødsfall som definerer store delar av både dokumentaren og historia til gjengen merkar ein det i salen - rett frå latter til total stillheit.
Dette er kraftige saker, folkens. Saker som du ikkje får opplevd så ofte.
“THERE'S ALWAYS NEXT SEASON” er ein dokumentar om ein snowboardfilm - “The making of”, om du vil. Carl Christian seier det slik: “En film om en film”, og det er det så absolutt. For den eine er ikkje like logisk utan den andre. “THERE'S ALWAYS NEXT SEASON” er oppvarminga til hovudfilmen denne kvelden, “1997 FOREVER”.
Kampen om å få laga filmen som til slutt ville bli “1997 FOREVER” er heftig. Klippa er mange, og prosessen bak alt er intens. Det går fleire år, og alle involvert opplever utfordringar undervegs. Alder er ein faktor. Elles er det familiemedlemmar som går bort, jobbar som må gjerast, skills som ikkje er like skjerpa som før. Snowboard var ei stund ikkje i fokus for heile gjengen, naturleg nok. Filmen fører dei saman att, og karane går inn for å mekke den snowboardvideoen som aldri blei mekka.
Dei trynar og feiler, men du kan kjenna på heile kroppen at dei ikkje kjem til å gi seg. Filmen gir deg den kjensla, og du sit igjen og nesten sitrar etter å sjå resultatet - “1997 FOREVER”.
Som om ikkje det var nok med ein dokumentar får publikum jaggu oppleve hovudfilmen med eit liveband som hamrar ut soundtracken mens filmen snurrar. Carl Christian slår laus på gitar og syng, og med seg har han Ariel Joshua Sivertsen på bass og Ottar Tøllefsen på trommer.
Heile opplevinga av denne snowboardvideoen blir forsterka då, ikkje sant? Du har eit liveband som står med ryggen til og blaster laus mens ein gjeng du har blitt litt kjent med i den førre dokumentaren du såg gjer triks og kosar seg med det dei har som lidenskap. Du får heile pakken og litt til her, fattar du?
Eg veit ikkje kva meir eg kan skriva anna enn at eg blir gira. Får du moglegheita til å sjekka ut dette så må du faktisk gripa sjansen. Hold deg oppdatert her.
Det blir vanskeleg å finna noko som har like mykje jobb, lidenskap og DRIV bak seg. Dette er eit stykke snowboardhistorie, men også eit stykke filmhistorie.
Kos deg, takk for meg.
Patrick Fardal