Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Foto: Oda Balke Fjellang

Foto: Oda Balke Fjellang

The Modern Times / TYVEN 20.09.19

September 30, 2019 by Jarand Aga Baas in Framside, Konsertmeldingar

The Modern Times gav oss ein hysterisk laussluppen energi i form av ei sjølvtitulert plate for to år sidan, som endå sit friskt i minne. I anledning nyeplata Algorythmic Dance Music tok bandet ferda til TYVEN i Trondheim, noko eg var nøydd å få med meg.

«Scared» sparkar i gong kvelden, tilbakelent og catchy rock breiar seg om publikum. Bandet fresar framover med lystige riff mens den karakteristiske vokalen til Magnus Vold Jensen forsøker å engasjere ei stilleståande gruppe konsertgåarar. Det tek eit par låtar før folk vaknar, sjølv om bandet lagar stemning og sjarmerer med ei variert setliste. Bandet dreg fram nokre av dei sterkaste låtane frå ryggsekken, som «Motorhead» og «Keyholes & Birds» frå førre plate, samt ferske «Am I Losing Touch» og «Stuck At Work». Algorythmic Dance Music byr på endå meir av det gode, og glir godt ilag med det eldre materialet.

Som nemnt har The Modern Times skapt seg eit laussluppent og artig uttrykk, noko som vidareførast live. Dei held ein lett og ledig tone heile vegen. Dødtid finst her ikkje, då det vert spandert både sigarettar og trommequiz frå scenekanten. Elskar det. Bandet skrur opp tempoet med «Misery», ein garantert partystartar. Til tross for noko labert oppmøte er kvelden ein suksess då både lyden og samspelet er kanonbra. The Modern Times klarar å stå totalt uanfekta på scena men likevel spele med ein kompromisslaus attitude.

Heilt til slutt tek vokalisten steget ut blant tilskodarane og «State Of Joy» bles ut av høgtalarane. Ein nostalgisk og rå avslutning på ei solid konsertoppleving.

8/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

September 30, 2019 /Jarand Aga Baas
The Modern Times, TYVEN, Konsertmelding, Konsertmeldingar
Framside, Konsertmeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!