Favorittar frå februar

Eirik

Psykopath – Infectious

Bergenske thrashere, Psykopath er tilbake med sin andre EP, «Infectious», og en mer passende EP-tittel skal man se lenge etter. Da forrige EP føltes som en showcase av selve bandet, og dermed var något straight to the point, virker det som at gutta har latt fantasien vandre mer med denne utgivelsen. Sjutommeren sparker i gang med ballesparket «Spitting Needles» som leverer noe godt gammeldags thrash-goodness før den majestetiske «Tyranny». Med et åpningsriff som bare oser Gøteborg og en gitarsolo som smelter selv det mest værbitte tryne er dette absolutt et gullkorn i Psykodiskografien. Det skal nevnes her at vokalist Ivan Nygård Taule virkelig får vist seg, der forrige EP i stor grad besto av no-nonsense brøl fra den kanten, tillater man seg både dype growls og skjærende shrieks på «Infectious».

Det gønnes videre med tittelsporet, som jeg erindrer å ha hørt en demoversjon av på de kjipe mobilhøytalerne til gitarist Johannes, og jeg mener å huske at jeg var høyst skeptisk. Fair play, de hadde rett og jeg tok feil. Den er en jævla slapper. Jævelskapen takker for seg med «Living Tribute», som bare er et regelrett ballespark i ekte Psykopath-stil. Denne låten er denne EP’ens «Armageddon». Som hver gang Psykopath gir ut noe er jeg klar for mer tre dager etter slipp. Lag en fullengder please! Alle trynene. Ta dem.

Andre favoritter: Drittmaskin: Når Dei Kjem For Å Ta Meg, Ha!en, ONG OG DOMM: Oxygin (og Unge Modeller, men den kom strengt tatt ut i mars), Svartkonst: Death Magic.

Endelig noe føkkings bra musikk i 2020! ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!!!

Marius

Håndgemeng – Grim Riffer (EP)

Noko av det gjevaste eg får ut av musikk er kjensla av at eit musikalsk godstog kjem rumlande ut av høgtalarne og inn øyregangane så både hovud og lekam blir rista tvers igjennom. Flaks for meg og deg så var nok eit slikt godstog klart for avgang 21.02.2020: Håndgemeng slapp nemleg EPen Grim Riffer og her det er berre å løyse billett og springa på i fart.

OK, EPen er ikkje perfekt. Du kan etter mi meining oversjå førstelåta “Budding Flower”. Den framstår som eit forsøk på å etablere ein vegg av lyd, men utan heilt å få rett konsistens på betongen, og når etter kvart er heiltent og klar for fem tonn rock i hovudet, ja då er låta slutt. Likeins så får ikkje Håndgemeng heilt opp dampen andrelåta “The Green Man” heller, sjølv om man her ikkje er i tvil om kor bandet vil.

For så kjem endeleg tre djevelsk feite tungvektarar på stripe: “Pallbearer (Carry Me Home)”, “Hammer of Witches” og “Pagan Holiday” er utan tvil noko av det tøffaste eg har vore borti sidan hauststormen som vræka båtstøa til naboen. Om du skal hogge femti kubikk tørrgran med sløv øks, flykte frå korona på Harley gjennom Mojaveørkenen, eller berre banne litt for deg sjølv over kronekursen, så kan eg garantere at siste halvdel av Grim Riffer vil vere ein perfekt følgesvenn. Her er kraft og aggresjon og skamfeit hardcorevokal sausa inn i ein tung, tung rockesmørje som vil få sjølv den stivaste saltstøtta i publikum til å vogge med.

Bandnamnet Håndgemeng er av kvelertaksk kaliber og EP-tittelen Grim Riffer er spot on. I fall eg har vore uklar: Me snakkar grimme riff, angstrop frå avgrunnen og ein vaskeekte cymbalfest som flisar opp eit par trommestikker raskare enn du kan ringe SJ for å klaga på for lite trøkk på Dovrebanen. Kos dykk!

Jarand

Kvelertak - Splid

Førre månad måtte andre utgjevingar vike for «Splid». Lyttekvota har gått med til å fordøye denne plata om att og om att. Med god grunn. Når Kvelertak slepp plate er naturlegvis forventningane høge, ekstra høge denne gongen då bandet stilte både med ny vokalist og ny trommeslagar. Det er digg å melde om at forventningane vart innfridde, og vel så det.

«Splid» tek bandet vidare med nye impulsar, utan å kaste skugge over den trollbittande råskapen me kjenner dei for. Riffa er endå i sentrum noko første del av plata syner godt. Kvelertak på heimebane, der låtane dundrar i veg med ein fandenivoldsk energi. «Rogaland» peikar seg ut, herregud for eit refreng. I tillegg til dei streitare rockelåtane spyttar bandet i mange spenstige parti og vågar å boltre seg lenger utanfor rammene. «Tevling» leikar med poppunk, mens «Delirium tremens» går frå ballade til krakilsk metal. Det sjonglerast mellom dundrande blastbeats og melankolsk gitarspel på ein saumlaus måte, slik berre Kvelertak kan.

Det skal også nemnast at Nikolaisen og Takle Ohr smeltar godt saman med det eksisterande soundet, og gjer ein framifrå jobb på plata. Plata pregast tydeleg av ein meir definert vokal frå fleire medlem, og det har gjeve tekstane meir merksemd. Linjene er knallharde så vel som artige, «Fanden ta dette hull!» er utan tvil eit høgdepunkt her.

Som blodfan er det svært mykje eg vil seie her, men eg skal spare både dykk og tastaturet for så mykje meir. Vårsola kom endeleg, i form at dette beistet av ei plate. Utan å skryte «Splid» opp i skyene må eg seie at det er eit spenstig og botnsolid gjenhøyr. Halsbrekkande metal frå det djupaste mørke, oppstemte gladrockiff og punkevokal frå helvete. Eg kjem tvilsamt til å gje slepp på denne med det første.

Jørn

John Olav Nilsen & Nordsjøen - Det store i det små

John Olav Nilsen og Gjengen hans brøytet seg vei inn i en lamslått norsk musikkbransje i 2009 med debutalbumet “For sant til å være godt”, og han ble umiddelbart en svært polariserende figur. Enten elsket du hans gatepoesi og den jordnære skildringen av hjembyen Bergen og banale utfordringer som kjærlighet, fyll og vennskap, eller så kunne du ikke fordra fyren fra Loddefjord og de smått teite hverdagstekstene hans. Jeg havnet i den første båsen. John Olav Nilsen & Gjengen skulle slippe to album til - som dessverre jeg aldri fikk samme forhold til som debutalbumet - før Gjengen ga seg og ble erstattet av Nordsjøen noen få år senere. Da det skjedde hadde jeg dessverre falt litt av lasset, og John Olav traff meg aldri like tungt igjen som han gjorde på førstealbumet. Inntil nylig da jeg fikk høre det nyeste albumet “Det store i det små”. Er det rettferdig å kalle dette for en gjenoppstandelse? Borte er de fleste electro-elementene, tilbake er de sterke tekstene og de lekne indie-gitarene. Tilbake er John Olav Nilsen i storslag! 

Sondre

Musti – Qoyskayga

Norsk hip-hop lever i beste velgående, og februar har bydd på en drøss med solide singler og album, blant annet fra Cezinando, Tøyen Holding, Eirik Aas og B-Boy Myhre. Jeg vil likevel trekke frem debutalbumet til Oslo-rapperen Musti som månedens store favoritt. Albumet klokker inne på under halvtimen og er konstant underholdende, med stor variasjon fra låt til låt. Høydepunktet på skiva kommer for undertegnede på «lion king», som har blitt én av mine mest spilte låter i år. Denne følges opp av den cheekye bangeren «flex» og albumets store hit «ok rosa blomst». Gullrekka der, altså. Tekstene til Musti oppleves både ærlige og personlige, og gir oss som lyttere mulighet til å bli kjent med personen bak musikken. Dette gjelder særlig v2-utgaven av albumet som slapp i mars. Dette er en artist å følge med på.

Andre favoritter:

FluisteraarsBloem, Post AnimalForward Motion Godyssey, HMLTDWest of Eden, CezinandoEt godt stup i et grunt vann, PsykopathInfectious (EP), LifetakerNight Intruder, King KruleMan Alive!, IhsahnTelemark (EP), Wrekmeister HarmoniesWe Love to Look at the Carnage, ObongjayarWhich Way is Forward? (EP), DrownSubaqueous, KvelertakSplid, TypecasteBetween Life (EP), XenobioticMordrake, TómarúmWounds Ever Expanding (EP), Wasted StruggleAgenda of Fear (EP), ORMMit Blod (EP), Choice to MakeVicious Existence (EP), Raspberry BulbBefore the Age of Mirrors, The MenMercy, Hot GravesHaunted Graves (EP), Tøyen HoldingTøyen Holding 2, Lisa SkoglundDagen æ vinn, John Olav Nilsen & NordsjøenDet store i det små, Porto GeeseClose (EP), HåndgemengGrim Riffer (EP), GodthrymmReflections, Parachute For GordoBest Understood by Children and Animals, Mariana SemkinaSleepwalking, GoblinsmokerA Throne in Haze, A World Ablaze (EP), Eirik AasMed lyset slukket, PosterboysFoods og SharmaSeveral Waves of Grand Delusion.

Patrick

Porto Geese - Close

Altså, me hadde jo premiere på låta “Tea” før denne gjengen slapp noko som helst. No kjenner eg meg både gira og heldig for det. Porto Geese er jo heilt rått. Draumande, heftige greier med eit lydbilete som snik seg inn i deg og blir der. Close er ein trespors EP med musikk du kan rømma vekk i no når verda brenn rundt deg. Det er noko magisk og rart over desse låtane - noko eg ikkje klarar å sette fingeren på. “Void” gir meg kjensla av at ein eller anna trollmann lokkar meg inn i det ukjente. Nesten som om låta teaser meg, på ein måte. “Tea” er litt meir upbeat, men har liksom det same over seg - noko psykedeliske greier. Det er like rått som det er fuzzy. "Tittelsporet “Close” startar roleg, men du vil kjapt få ein vegg av lyd rett i trynet. Seige greier. Det er nesten som at eg vil forklara opplevinga av EPen slik:

Ein trollmann lokkar deg inn i det ukjente (“Void”). Så gir han deg ei pille du sluker på høgkant, eventuelt ein kopp te med nokre skumle greier oppi (“Tea”). Så er resten berre ein heilt fucked up trip inn i ein tilslørt, fargerik verden, gjerne ute i ørkenen. Du berre lever inn i deg sjølv, mens du går sakte bortover utan å eigentleg vite kor du skal (“Close”). Kor du endar opp veit du ikkje, men fy flate så hardt du nyter det.

Sjekk denne EP-en ut, med ein einaste gong. Mange med meg oppfordrar til å kun streame/sjekke ut norsk musikk om dagen, for å støtte opp under kulturkrisa vi er i. Porto Geese er perfekt for nettopp det.

Andre favorittar: Kvelertak - Splid, Psykopath - Infectious, John Olav Nilsen & Nordsjøen - Det store i det små