Høstsabbat Presenterer KOLLWITZ @ Youngs
Der sit du i berre trusa, stirrande tomt på skjermen. Dritlei er du, av karantene, isolasjon og alt faenskap som skjer utanfor vindauget ditt og rundt om kring i verda. “Kan eg ikkje berre få nokre gode nyheiter snart?” tenkjer du. Vel, denne dagen kjem til å bli fleire hakk betre enn du hadde sett føre deg. Berre les vidare.
Den 31. oktober, på sjølvaste Halloween, presenterer fantastiske HØSTSABBAT ingen ringare enn KOLLWITZ (!!!!!) på Youngs i Oslo. Anar du kor feitt dette blir?
Me må seriøst kryssa alt me har for at denne konserten kan gjennomførast. Kollwitz skal spele låtar frå begge platene sine, men også NYTT MATERIALE! Seriøst. Koronaen får ikkje øydelegge dette. Dette er ei markering som fortener å skje.
Skriv ned datoen, kryss fingrane og møt opp.
Patrick Fardal