"Not Like the Others" & 6 kjappe med Death By Unga Bunga
Dei siste åra har Death By Unga Bunga vore eit slags teikn på sommaren for meg. Eventuelt sommar i musikkform. Du veit, den sommaren som er full av gode kjensler, halvnakne (eventuelt heilnakne) kroppar, gode drinkar, pizza, bading, bålfest i solnedgang, grilling og alt anna som følg med. På same tid har dei satt ord på mange vanskelege kjensler - den førre plata So Far So Good So Cool var så viktig på så mange måtar, tekstmessig like mykje som sjølve musikken. Greia er jo at DBUB har ein deilig måte å beskriva usikkerheit og ekte kjensler som alle kan relatera seg til på ein måte som gjer at det framleis er feelgood, enten det gjeld hjertesorg eller dårleg sjølvtillit.
No er dei endeleg på plass att med ny låt, “Not Like The Others”. Dette er storslåtte greier. Eg får lyst til å slenga meg ned i bar overkropp og ein alt for kort shorts på eit berg midt utpå sjøen med ein kald øl og denne på ein trådlaus høgtalar.
Akkurat no er eg faktisk på ein båt, så det skal eg jaggu ta å gjere. Uansett, eg fekk huka tak i Sebastian og stilte han nokre kjappe spørsmål.
Kva handlar denne låta om?
“Not Like the Others” handler om at selv om man er tøff i trynet, har alle sine usikkerheter. Dette gjelder rockemusikere, kirurger, anleggsarbeidere, miljøterapeuter - alle sammen. Vi prøver å beskrive dette med - ikke overraskende - et smil om munnen.
Kvifor klarar DBUB alltid å mane fram sommarkjensla? Kva er trikset?
Musikken til Death By Unga Bunga er rett og slett et sammensurium av låtene vi digger akkurat når vi sitter i skriveprosessen. Bandene vi hører på er jo ofte fra California eller Australia, og der er det jo veldig varmt. En ting er uansett helt sikkert; om 50 år sitter hele gjengen og nyter pensjonisttilværelsen på Mallorca.
Bandet har vore i øvingslokalet lenge og treng føde. Kva står på menyen, og kvifor? Ananas-pizza kanskje?
Som regel er vi veldig slitne etter en lang økt, så da pleier vi bare å slenge sammen en Beef Wellington, Paella eller Boeuf Bourguignon. Nå tenker du kanskje “2005 ringte og vil ha tilbake oppskriftene sine”, men husk at vi er enkle folk med enkle behov.
Kva har du høyrt på i det siste som gir deg gode kjensler?
Jeg har hørt veldig mye på Gee Tee sin siste EP “Chromo-Zone”. Liker lyden av junk punk ispedd sjøsyk synth veldig godt. Av norsk musikk kommer det veldig mye bra fra Bergen om dagen, der EPen til Birgitta Alida og “Løgneren” av Silja Sol er blant favorittene.
KJEM DET LIVESTREAM MED DBUB SNART ELLER?
Vi har veldig mye planer for de neste månedene og året, så internett kommer til å bli pepret av de medium vakre fjesene våre. Kan ikke si så mye mer enn det akkurat nå, men forhåpentligvis.
5 band de diggar og beste låt derifrå?
Preben: Amyl and The Sniffers - Gacked on Anger
Sebastian: The Lazy Eyes - Cheesy Love Song
Ole: The Lemon Twigs - The One
Even: Mats Wawa - Byrds
Stian: Okkultokrati - Kiss of Death
Speleliste med “Not Like the Others” og alle andre låtar nemnt i artikkelen finn du nederst! Uansett bør du sjå musikkvideoen først av alt, den er så weird at det blir vanskeleg å forklara. Rett og slett mesterleg arbeid av Andreas E. Lund:
Patrick Fardal