Evig Lyttar anbefalar: Svenske Tilstander
For litt sidan annonserte me at me skulle nedskalere aktiviteten på Evig Lyttar - blant anna blir det ikkje så viktig å vere eksklusive med premierer, platemeldingar og liknande. Mindre press og deadlines for oss gjer det mykje kjekkare å skriva - så no er eg i ein sone eg verkeleg har sakna. Difor passar det å tipsa dykk om ein EP som droppa i dag - Svenske Tilstander - Alt går rundt og ingenting gir mening.
Når eg seier at Svenske Tilstander er ærlege, så meiner eg nettopp det. Dette er det mest forfriskande eg har høyrt på lang tid. Me har det faktisk for godt - og Svenske Tilstander setter sånn ord på det at det endar opp med å bli ein skikkeleg realitetssjekk. I tillegg er det så tøft, fengjande og deilig at bodskapen kjem fram utan protestar og sutring. Lydlandskapet denne gjengen serverer er så hardt og brutalt, men også mjukt og fint. Powerpop-punk? Skranglerock? Dette bandet treng ikkje settast i bås - det er noko for seg sjølv. Eg høyrer litt bergensbølge ala Hjerteslag og tidleg John Olav Nilsen & Gjengen - men det er berre nokre plassar - som dei rolege partia i “Motsetninger” . Fuzz, attitude og bein i nasen er det nok av uansett. Bråkepop!
Desse tekstane er så relaterbare at dei fleste kan kjenna seg att i mykje - noko som er ganske så befriande. Eg ser føre meg at denne EPen er perfekt å spele høgt når du sit åleine på altanen ein sommarskveld og sutrar over livet, men eg anbefalar deg å dela den med kjente og kjære likevel. Då kan de snakka om kor bra desse låtane er og kor mykje de har til felles med dei.
Favorittlåtar: Alle.
Patrick Fardal