Galskap på Hindi og hannelefantar i brunst - Musth
Kjære folk. Når eit så sagnomsust band annonserer sitt comeback etter 8 år må me berre laga sak. Desse 8 åra har ikkje blitt brukt til å kvila på laurbæra, for å sei det slik. I tillegg er bandets nyaste låt “Chivalry” noko av det sjukaste eg har høyrt. Intervju med representant og gitarist Bjørn-Are finn du eit stykke ned i artikkelen.
Men først, kjære lesarar, må de bli litt kjent med det eksperimentelle prog-metal bandet Musth!
Musth er Christian på trommer, Ola Håkon på gitar, Bjørn-Are på gitar, Alex på vokal og Bastian på ja, bass
Første variant av dette bandet blei starta i Moss i 2002 av Erik Lindberg og Øyvind Bjorbækmo. Dei fekk med seg Christian på trommer etter å ha møtt han ei fuktig natt på byen der han sat og spydde i ei trapp. Eit par dager etter dette blei det bandøving, og etter eit par månaders tid blei også Ola Håkon med. Dei fann og ein vokalist i Stian Nilsen som så blei bytta ut med Pål Saure. Dei spelte inn ein demo-EP, laga musikkvideoar og spelte ein del konsertar rundt om i landet under namnet “Diary of a Lustful Turkey”. Etter utallige “Hæ?” som svar då dei sa kva bandet heitte, bytta dei namn til Musth. Namnet er oppkalla etter brunstperioden til hannelefantar - ein aggressiv og uforutsigbar periode der dei får svart gugge i augene og kan bli særs sinte. Musth betyr også galskap på Hindi.
Musth spelte ein god del konsertar i Noreg og litt utanlands.
I 2008 kom Glenn-Phillip Nilsen og Bjørn-Are Johansen inn og erstatta henholdsvis Øyvind Biorbækmo på bass og Erik Lindberg på gitar.
I 2009 vann Musth Musikkprisen. For premiepengane spelte dei inn fullengdaren “Noise Machine” i Ocean Sound på Giske, som blei gitt ut i 2011 med gode tilbakemeldingar. Dei ga også ut musikkvideo til singelen “Fish & Ships”, som du kan sjå her:
I 2013 slutta vokalist Pål i bandet, noko som gjorde at Musth ikkje spelte konsertar eller ga ut musikk på ei stund. Dei resterande medlemmane heldt likevel fram med å øva og komponera. Sondre Kile Andersen erstatta etterkvart Glenn Phillip Nilsen på bass.
Musth brukte lang tid på å finna ein ny vokalist, men blei i 2016 tipsa om Alexander Delver, ein slags Morten Harket frå Nesodden - ein fyr som viste seg å kunne gå frå death metal til bossa nova til funk på sekund. (Alexander er også vokalist i Delvoid, noko som absolutt burde sjekkast ut).
Med mykje materiale klart som berre måtte øvast inn med ny besetning, drog dei til Vinstra og spelte inn EPen «Under Nature’s Skirt» i 2018. Utgivelsen av EPen blei utsatt på grunn av pandemien. Sondre Kile Andersen blei i 2019 erstatta av Bastian Vogt Lønli. I forkant av dette var Sondre med på innspillinga av EPen.
No føler bandet seg nok ein gong komplett. Dei er endeleg klare til å sleppe ny musikk og spele konsertar igjen. Første låt “Chivalry” kom ut 5.november.
EPen "Under Nature's Skirt" kjem ut 14. januar 2022, og Musth er i gang med å booke konsertar. Dei skal først og fremst spele på Vaterland saman med Yawn den 10.desember!
Galskap på Hindi og hannelefanter i aggressiv brunst. Etter å ha høyrt musikken til Musth sit eg att med tre ord; uforutsigbart, uberegneleg og forferdeleg gøy! Ta oss andre dødelege med inn i galskapen. Kor kjem dette frå??
Alle i bandet har veldig allsidig musikksmak, og Musth har helt fra oppstarten hatt en veldig leken og grenseløs tilnærming til musikk.
Det er mye musikkglede, lekenhet og nysgjerrighet rundt hvor musikk kan, bør og ikke bør gå hen. Vi har ofte tenkt mer lineært og mindre vers, refreng når vi skriver musikk, og det aller meste blir lagd kollektivt. Dermed kan alles forskjellige innfallsvinkler og assosiasjoner få fritt spillerom til å ta musikken i en litt uventa retning, som vi nok ikke hadde fått til om vi hadde én mer tydelig avklart låtskriver i bandet. Låtene er som oftest resultat av lange jams og testing av mer eller mindre gode idéer. Humor er også et viktig element hos oss, noe som tradisjonelt får lite plass i musikk og metall generelt, og det er nok med på å trigge noe av galskapen i musikken vår.
Me må få vita litt om den komande EPen. «Chivalry» er ein skammeleg kraftig smakebit, men kva meir kan folk meska seg med?
Mer av det samme? Kanskje ikke mer blast-beat, tango og trekkspill i samme låt, men mer Musth. En kompis sa om 'Chivalry' når han hørte den at han digga, ble forundra og lo litt høyt et par ganger, og det håper vi å få til med resten av EP'en også.
Noko seier meg at de likar å leike i det store og det breie med sjangrar, for her er det jaggu ikkje mange grenser. Føler de på ein større friheit på grunn av dette, trur de? Korleis kjem de fram til alle bitane i kvar låt? Det må jo være litt av eit puslespel å skulle sette saman! Ta oss med på prosessen om det er mogleg!
Vi føler oss nok ganske fri alle mann. Selv om vi har et slags fundament i metallmusikk, så er vi lidenskapelig opptatt av andre sjangere også. Med det utgangspunktet er det ingen, INGEN, idé som er for dum til å testes ut på lokalet, uansett sjanger, taktart, toneart, etc - så lenge vi er enige om at det låter tøft, morsomt eller interessant, så kan det brukes. Vår kollektive måte å angripe låtskrivingsprosessen på gjør at alle kan dra inn "sin" inspirasjon på en god måte. Dessuten så tar det ofte jæææævlig lang tid å gjøre det på den måten, så da får man mye tid til å utvikle idéer videre underveis også.
For oss som ikkje har hatt gleda av å sjå dykk live endå - kan de prøva å beskriva ein konsert med Musth? Kva kan me forventa oss? Første moglegheit er vel på Vaterland?
Ja, vi spiller på Vaterland (Oslo) 10. desember, og dette blir jo en slags "COMEBACK"-konsert for vår del, med all kleinhet og ære dét innebærer. Hvordan vi er live er litt vanskelig å si, for vi har jo ikke spilt konsert siden 2012(13?), og vi har 2 nye medlemmer som har gitt oss mye spilleglede på lokalet, men som vi ikke har spilt live med før. Noen av oss (4 av 5, eller 80% om du vil) er ikke lenger unge og lovende, men har entret den delen av livet der man får vondt i ryggen når det er kaldt ute. Men, slike ting glemmer man fort når adrenalinet kicker inn, så vi kan love at det blir jækla gøy, og vi kommer til å kose oss max. Glede er jo også utrolig smittsomt, så ta på deg det fine gebisset, for vi skal få deg til å måpe i forundring og le høyt om en annen.
Kva er planane framover ellers?
Flere gigs. Vi starter på nyåret. Moss, Oslo og Bergen er bekreftet så langt, og så jobber vi mot mer. EP'en "Under Nature's Skirt" slippes som sagt 14. januar, så det gleder vi oss til. Vi har også preprodda neste EP gjennom kårånnaen, og satser på å gå i studio igjen forhåpentligvis i.l.a. våren.
Musth sine TOPP 5 favorittlåter akkurat no?
Mastodon - More Than I Could Chew
Every Time I Die - Post-Boredom
Igorrr - Camel Dancefloor
Flty Brgr Grl - Sweet Boy
Stian Carstensen - Hippocampus Serenade
Då gjenstår det berre for meg å sei at du må sjå til å koma deg på konserten den 10.desember. Dette blir heilt galematias! Takk til Musth og Bjørn-Are for intervju og sak.
Patrick Fardal