Jarand sine favorittar frå 2021
BLANDA SINGLAR
15. Rugrats – World Without End
14. Nix & the Nothings - Why
13. Gutu Abera – Hawanawa
12. Kurt Vile – Run Run Run
11. Thee Sacred Souls – Will I See You Again?
10. Beachheads – Down South
9. Sara Fjeldvær – Water
8. 40 Watt Sun – Until
7. Combos – Fuck Your Face
6. Blodkvalt – Stench//Rotting Flesh
5. Madrugada – Nobody Loves You Like I Do
4. Honningbarna – Passasjer
3. han gaiden – squad
2. Yard Act – The Trapper’s Pelts
1. Ruben Block – Awake
BLANDA EP
15. Messerschmitt – Oh Death
14. Giddygang – Sour
13. Ber – I’m Not In Love
12. Louien – No Tomorrow
11. Ringo Moon – With All My Friends
10. Beaten To Death – Laat Maar, Deel Een: Ik Verhuis Naar Mastbos
9. Froukje – Licht En Donker
8. RSP & Thomax – Malabarisk
7. Dion Lunadon - Schreien
6. Rat Lord – Runkelheit
5. Ma Jester – Fugla Som Kvitrer
4. Dan Mayo – Broken Roots
3. Sweetheart – I Remember Us, My Dear
2. Linni – Matriks
1. Sivert Høyem – Roses of Neurosis
NORSKE ALBUM
30. Bendik Giske – Cracks
29. Karoline Wallace – Stiklinger
28. Death By Unga Bunga – Heavy Male Insecurity
27. Elephant9 – Arrival of the New Elders
26. Hedvig Mollestad Trio – Ding Dong. You’re Dead
25. Markus Matland – Good Mourning
24. Rongeur – Glacier Tongue
23. Misty Coast – When I Fall From the Sky
22. Duvel – S/T
21. Ola Kvernberg – Steamdome II: The Hypogean
20. Draken – S/T
19. Vestindien – Null
18. Red kite – Apophenian Bliss
17. Tønes – Thilda Bøes Legat
16. Lokoy – badminton
15. Erlend Ropstad – Da himmelen brant var alle hunder stille
14. Krokofant, Ståle Storløkken, Ingebrigt Håker Flaten – Fifth
13. Frøkedal – Flora
12. Porto Geese – Duck
11. Hedvig Mollestad – Tempest Revisited
10. Drongo – 1
Drongo debuterar med ein skikkeleg godtepose av eit album. Det er gjennomsyra av groove og rytmisk snacks med stor underhaldningsverdi. Dei leikar og tøyar med takt, sjanger og spenstige idear heile vegen. Med element frå både disko og støyete jazzrock endar det heile opp i ei særs smakfull musikalsk reise.
9. Tuvaband – Growing Pains & Pleasures
Growing Pains & Pleasures kombinerar svevande poplåtar og romslig produksjon på herleg vis. Albumet badar i klang og berusande instrumentering mens vokalen står stødig som ledestjerne. Melankolsk og fargerikt.
8. Diskord – Degenerations
Eit band eg ikkje har hatt noko forhold til tidlegare, kjem plutseleg på banen og leverer eit av årets mest heilstøypte metalplater. Progressivt så det held, Degenerations er eit sprekt eksempel på kreativ men brutal låtskriving.
7. Spidergawd – VI
Rocketoget som visar ingen teikn til å senke farten. På si sjette plate er bandet i storform og leverar melodiøs og eksplosiv riffing til den store gullmedaljen. Eg får automatisk lyst på motorsykkel og langt hår etter sånne kraftdemonstrasjonar som dette.
6. Geir Sundstøl – St.Hanshaugen Steel
Sundstøl briljerar igjen med eit vakkert instrumentalverk. Med stålkontroll skapar han lydlege teksturar som utspelar seg i små fargerike brotstykke. Kvar låt er som eit kapittel og leiar saumlaust inn i neste.
5. Linni – Nightridah
Dansbart og latterleg moro. Bergensrap i house-forkledning er ein overraskande spanande kombinasjon. Linni leverar tungt og catchy, med eigenart. Stemma og linjene er både underhaldande og nyskapande. Eit friskt pust.
4. Orions Belte – Villa Amorini
Orions Belte har opparbeidd seg eit uttrykk som verkeleg får skine på Villa Amorini. Kreativ instrumentering og original låtskriving. Bandet svingar seg rundt sjangrar og gjev oss ei plate det osar speleglede av.
3. Pom Poko – Cheater
Igjen visar Pom Poko at dei er i ein klasse for seg sjølv. Kvar låt er tettpakka med musikalske krumspring som dannar ein verkeleg særeigen sound. Bandet fortsett i ei like leiken retning som før, med ein energi som boblar over. Melodiøst og skranglete på beste vis.
2. Kanaan – Earthbound
Denne trioen har denne gong landa med ein sjølvtillit og hunger som er til å glise av. Det er meir konsentrert og ikkje minst tyngre. Her utforskast det både fuzz og stonerriff med den solide jazzete formen i botn. «Bourdon» syner eit band i kjent drakt mens «Pink Riff» og «Crash» er dømer på kva slags nye retningar bandet no strekk seg til, med stor suksess. Deilig.
1. Heave Blood & Die – Post People
Årets norske plate. Heave Blood & Die kjem seirande tilbake med same tyngde, sårheit og styrke i ny drakt. Frå det djupaste mørke på Vol.II stig bandet opp til overflata med eit drivande og nyskapande verk som hentar krefter frå ein ny desperasjon enn før. Uttrykket nærmar seg postrock og låtane leverast med eit jagande og bittersøtt preg. «Radio Silence» er utan tvil ei av mine nye favorittlåtar.
INTERNASJONALE ALBUM
30. Low – HEY WHAT
29. King Dude – Beware of Darkness
28. Parquet Courts – Sympathy For Life
27. Bruno Mars, Anderson.Paak, Silk Sonic – An Evening With Silk Sonic
26. Fluisteraars – Gegrepen Door de Geest der Zielsontluiking
25. Black Country, New Road – For the first time
24. Mastodon – Hushed and Grim
23. Ty Segall – Harmonizer
22. Godspeed You! Black Emperor – G_d’s Pee AT STATE’S END!
21. John Mayer – Sob Rock
20. Courtney Barnett – Things Take Time, Take Time (poprock kvalitet, fine melodiar)
19. Pino Palladino, Blake Mills – Notes With Attachments
18. shame – Drunk Tank Pink
17. Ill Considered – Liminal Space
16. Deafheaven – Infinite Granite
15. King Gizzard & The Lizard Wizard – L.W.
14. The Physics House Band – Incident On 3rd
13. Hiss Golden Messenger – O Come All Ye Faithful
12. Snail Mail – Valentine
11. Julien Baker – Little Oblivions
10. Daniel Romano – Cobra Poems
I tillegg til å vere ein av uhyre produktiv artist, kan Romano skilte med ein fantastisk teft for låtskriving. Han nyttar kjente element frå både blues og rock men pakkar det inn i ei frisk drakt. Enkelt og greitt, eit standhaftig rockealbum.
9. Damon Albarn – The Nearer The Fountain, More Pure The Stream Flows
Draumande fortellingar og smakfulle lydlandskap. Eg kjenner han riktignok berre frå Blur og Gorillaz, så ei soloplate som denne var uventa. Albumet har definitivt element frå popverda men her kan også trekkast mange trådar til jazz og klassisk. Det tek tid å verte kjent med denne sida av Albarn men jaggu meistrar han drygare saker.
8. Curtis Harding – If Words Were Flowers
Fabelaktig soul i retro innpakking. Produksjonen sender tankane i retning seksti og syttitalet, det let ekte. Harding forførar med stemma si og sper på med saftig instrumentering frå alle kantar. Kvalitet i alle ledd.
7. Glitterer – Life Is Not A Lesson
Life is Not A Lesson kokar over av fuzzgitar og sukkersøte synthar. Glitterer lagar lett fordøyeleg men meget fengande punkrock. Naive melodiar og blankpolert støy gjer dette albumet til ei energibombe.
6. FUR – When You Walk Away
Skarp poprock frå England. Plata er så absolutt rocka men gjev oss låtar fylt av kjærleikssorg og ungdommeleg energi. Bandet matar på med ullen og mjuk produksjon og lagar ei balansert plate.
5. Tyler, The Creator – CALL ME IF YOU GET LOST
Ein sterk oppfølgar til IGOR. Sprengferdig og saftig, med ei rekke sterke gjesteopptredenar. Med ein språkbruk og ordlegging som er til å verte misunneleg av kjem Tyler tilbake med ei rå og eksplosiv plate.
4. Death From Above 1979 – Is 4 Lovers
Duoen i DFA 1979 høyrast større ut enn nokon gong. Sint bass, knust vokal og sprengte trommer. Det dundrar godt frå start til slutt når bandet riffar så uhemma. Med ein usakleg poptilnærming lagar dei rock som fortsatt fengjar meg voldsomt.
3. Turnstile – GLOW ON
Glow On tek hardcore til massane med ein kraftdemonstrasjon. Den harde kjernen frå Time & Space driv endå låtane framover, men denne gong er innpakninga meir søkande. Popestetikk samt fargerik effektbruk får mykje større plass til å boltre seg blant knallharde punkriff. «WILD WRLD» og «NEW HEART DESIGN» viser korleis bandet på mesterleg vis syr saman eit meir nyansert og skamfeitt uttrykk.
2. Idles – Crawler
Mørkt, pumpande og friskt. Idles har fått skikkeleg pondus, og gjev oss ei botnsolid plate. Joe Talbot spyttar ektefølt gatepoesi med stil, mens støyen slukar meg totalt. Låtane tek nye vendingar og vitnar om eit band svoltne på meir.
1. DeWolff – Wolffpack
Det finst allereie mange halvhjarta forsøk på å kopiere magien frå syttitalets rockeestetikk, men for meg er det berre eit band som greier dette hundre prosent. Dewolff har fleire gode plater i ryggsekken frå før, Wolffpack er likevel det mest heilstøypte og ekte på lenge. Låtskrivinga peikar til både soul, blues og rnb men soundet ligg i samspelet og den rå produksjonen. Teknisk og musikalsk vanvittig kult.
Jarand Aga Baas