Redaksjonens favorittar frå januar
Sondre
Foxtails – Fawn
Siden jeg allerede har skrevet en anmeldelse av Animorphs, måtte jeg benytte sjansen til å dele dette fantastiske albumet i stedet. Fawn er det fjerde studioalbumet til Connecticut-bandet Foxtails, og mitt første møte med bandet. Kvartetten balanserer mellom sjangre som screamo, emo, math og post-rock og kammermusikk. Tenk Dirty Three møter Rolo Tomassi, Respire eller La Dispute. Megan Cadena-Fernandez er blant de beste screamo-vokalistene jeg har hørt på lang tid, og kunne fint ha deltatt i en hylekonkurranse med Eva Korman (Rolo Tomassi), Julie Christmas (Battle of Mice, Made Out of Babies, mv.) eller Maria fra Ragana. Fawn er et sjeldent tight album uten noe overflødig materiale, og det har særpreg og minneverdige låter nok til at jeg trolig vil plukke det frem i mange år fremover.
Andre favoritter:
Honningbarna – Animorphs, 40 Watt Sun – Perfect Light, Krallice – Crystalline Exhaustion, Wiegedood – There is Always Blood at the End of the Road, Earl Sweatshirt - Sick!, Det eviga leendet – Reverence, Pan Daijing – Tissues, Papir – 7, The Weeknd – Dawn FM, Celeste – Assassine(s), FKA Twigs – Caprisongs, Mizmor – Wit’s End (EP) og Pom Poko – This is Our House (EP).
Jarand
Yard Act – The Overload
Etter den svært lovande EPen Dark Days (2021) debuterte Yard Act raskt med ein fullengdar no I januar. Frå start vert me møtt av eit skranglete men sjarmerande uttrykk. Vokalist James Smith har ein snarrådig og direkte stil, og leiar låtane med tilbakelent snakkesang. Bandet lånar skamlaust element frå både britpop, postpunk og all verdens subsjangrar, men med sin heilt klare og eigne tolking. I løpet av denne tettpakka plata dukkar det opp både politisk satire, fargerik historieforteljing, og tekstar som berre er solid underholdning.
“The Overload”, “Payday”, og “100% Endurance” er berre nokre eksempel på skikkeleg kreativ og leiken låtskriving med sterk lyrisk ryggrad. Bandet legg mykje vekt på tekst, men krydrar med hooks og licks I den grad at det ikkje vert tungt å høyre på.
Eit artig nytt tilskot til den britiske alternative scena, og definitivt eit band som veks seg ut av undergrunnen med høg fart.
Andre favorittar: Caramel 11 – Letters for Sea Drift, Honningbarna – Animorphs, Stian Lundberg – Eplerose, Madrugada – Chimes At Midnight, Pom Poko – This Is Our House.
Marius
Asbjørn - Boyology
Me vil gjerne passa inn. Oppleve aksept, forståing, kjærleik og omsorg, utan å måtte gå på kompromiss med vår eigen identitet. Men kva så med dei som konstant går med ein kjensle av utanforskap i kraft av kven dei er? Vel, den nye plata Boyology frå danske Asbjørn er ei meisterleg popplate som på aller tydelegaste vis oppmanar alle til være litt meir omtenksame og snille i møte med medmenneske. Me må skape større rom for at folk kan være trygge i å vere seg sjølv, elska kven dei vil og uttrykke seg på nøyaktig dei same premissane som alle andre. Og om du tenkjer at du er ein heilt streit type som ikkje kjenner deg att i utanforskap, så er plata eit utruleg godt vindauge inn i ein meir sårbar, identitetsforvirra og vanskeleg kvardag enn din eigen. Asbjørn kan fort bli Skandinavias nye undergrunnspopstjerne, og du gjer vel i å ta med både bodskapen og danselysten frå Boyology vidare i livet. Be kind, be human.
Åsmund
MAKTKAMP - I Affekt
Er det rock? Er det Crust-punk? Er det Black ‘n’ roll? Eller er det rett og slett en Kvelertak, møter Ondt Blod, møter Ormskrik? Denna knallharde gjengen med føkk you atitude holder til i Oslo men hyler på nordnorsk. Det bare funker. Jeg hørte om dem første gang i 2020 da de droppa sin selvtitulerte EP. Etter å ha hørt låta “Parter Privat Sektor” skjønte jeg at dette var noe for meg. Det er ofte ikke politiske holdninger, eller meninger for den saks skyld, finner veien inn i den delen av bråkemusikken som ikke er reinspikka punk. Og for den bragden får de gullstjerne i boka av meg. Når du hører på I Affekt får du, bokstavelig talt, så øra flagrer. En god blanding av inspirasjoner gir MAKTKAMP sitt eget unike lydbilde der de hopper fra sjanger til sjanger. Høy affeksjonsverdi!
Nagircalmmiid - Suoivva
Jeg kvier meg litt for å kalle Nagir for andregenerasjons Golden Core, men de er jo på en måte det. De to doomhuene fra Orkanger ga ut en selvtitulert EP i 2020, men det er først nå det har blitt fett. Den nye låta deres gjør et mega kvalitetshopp og sklir inn i doomlista uten problemer.
Andre favoritter:
Låter
Meshuggah - The Abysmal Eye
Zeal & Ardor - Church Burns
Helpless - Wraths of Memory
Worship - The cut of the Jib
Keiser - Sole Victor
Album
Cloakroom - Dissolution Wave
Papir - 7
Honningbarna - Animorphs
Patrick
Konvent - Grains (singel)
Danske Konvent har vore spikra langt inne i hjarterota mi sidan fullengdaren Puritan Masochism kom ut i 2020. Utruleg hyggelege og gode menneske som lagar heilt fantastisk dødsdoom. Eg bannar såvisst ikkje i kyrkja når eg påstår at dei er heilt oppe i toppsjiktet der. Dei har noko heilt unikt i seg som eg ikkje finn andre plassar. Når dei annonserte at deira andre fullengdar Call Down the Sun skulle koma i mars gjekk eg nesten i fistel. Når eg fekk høyra den første smakebiten frå dette beistet gjekk eg i svart. Eg trudde eigentleg ikkje det skulle gå an, men med den låta har dei teke endå eit steg opp. Eg klarar nesten ikkje venta på å få høyra meir. Konvent har ein så fantastisk stemning i låtane sine at det sender lyttaren inn i ein anna dimensjon. Det er mørkt, det er kaldt, det er tungt og brutalt. Lyttaren blir konfrontert med den verkelege verda - som kan vere skikkeleg kjip og smertefull. Samstundes gir riffa, vokalen og trommene ein spesiell form for tryggleik. Det går greit liksom. Du klarar å koma deg gjennom det - berre kjemp litt hardare. “Grains” er akkurat ei slik låt. Det er ein varme i denne brutale, kalde verda me lev i. Så må eg berre få lov til å sei at vokalist Rikke har ei av dei råaste stemmene som eksisterer. Den byttinga mellom den gromme, mørke growlinga og den lyse, illsinte skrikinga er heilt vill. Vær så snill - høyr på dette.
MOTHERMARY - I am Your God (plate)
Frå dødsdoom til noko heilt anna. MOTHERMARY er eit slikt band som berre finn deg, tek tak og aldri slepp. Dette er retrofuturistisk kunstpop - men eg kallar det for mørk synthwave. Om det var historien til denne duoen som fenga i starten eller om det var musikken veit eg ikkje, men det er sjukt interessant. MOTHERMARY består av tvillingsøstre som braut ut av eit liv som mormonarar og starta eit band som ein slags form for terapi. Eg har høyrt alt dei har gitt ut opp og ned i mente. I Am Your God er ein einaste stor lausrivelse frå eit liv og eit tankesett som dei følte seg tvungne til og rundlurt av. Uansett - musikken er heilt unik. Det er berre fantastisk fengjande og deilig å høyre på. Sjukt styrkande. Favorittlåtar: “Give It Up”, “Resurrection”, “Pray” og “Coming For You”.
Svartepeeng - Trenger Mer (singel)
Denne låta er ein smakebit frå bandets komande fullengdar - som eg ser heilt vilt fram til. Ingenting er betre enn litt fandenivoldsk, intens pønk for å røske seg ut av januar-depresjonen. Svartepeeng klarar å rive deg laus på eitt minutt og 42 sekund. Køyr!
Redaksjonen