Gloombound - Astral Exhalation
Der var den igjen. Den kjensla eg får når eg oppdagar noko som berre riv meg i bakken, vrenger meg frå innsida og ut og sender meg rett til den plassen eg alltid lengtar etter - ein plass full av fryd over kor uhorveleg bra den norske undergrunnen er. I dag er denne plassen bekmørk, kald og ufatteleg stemningsfull. Levande lys i kvart einaste hjørne mens det stormar på utsida og regnet slår mot ruta.
Gloombound er det bandet som har sendt meg dit. Takk!
Dei består av Emma på bass, Eirik på tangenter, Mina på trommer/vokal og Nate på gitar. Astral Exhalation kom ut i januar og er demoen deira. Eg tek av meg lua og legg meg ned på det iskalde, støvete golvet. FOR ein ankomst. For ein demo! Ein råfin intro og 2 heilt nydelege, lange låtar som gir meg ein meirsmak utan samanlikning. I tillegg er den miksa av sjølvaste Simen Jakobsen Harstad frå Golden Core. Berre der har du eit kvalitetsteikn!
Det aller første som slo meg når eg høyrte låta “Pulled Towards Sepulchre Slumber” var Bell Witch. Eg elskar det bandet! Det er så rått at Gloombound gir meg litt den same stemninga. Seige trommer, kraftig riffing, perfekt plasserte tangentar og ein heilt fantastisk vokal som set eit tungt og hardt avtrykk direkte på sjela di.
Eg fekk ikkje bidrege til januarfavorittane denne gongen - men det gjer eg no. Dette er min favoritt - utan tvil.
Vær så snill, sjekk dei ut - det vil du ikkje angra på. Dei varmar opp for Rosa Faenskap på Sub Scene i Oslo den 4.mars. Få det med deg!
Patrick Fardal